Årlig publisering 15. mars og 15. juni året etter statistikkåret.
Lågaste geografiske nivå er kommune samt bydelar i Oslo.
330 - Seksjon for helsestatistikk
Statistikklova §2.2 Lov om helsetjenesten i kommunene § 6-3
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Formålet med statistikken er i hovudsak å gi ei samla oversikt over kommunehelsetenesta (allmennlegetenesta, fysioterapitenesta, jordmortenesta og skolehelse- og helsestasjonstenesta).
Lov om helsetjenesten i kommunene vart vedteken i 1982 og trådte i kraft i 1984. Formålet med lova var mellom anna å styrkje primærhelsetenesta. Lova vart frå og med 1. januar 1998 utvida til å omfatte fengselshelsetenesta og kommunale sjukeheimar. Kommunane har etter dette også fått eit større ansvar for miljøretta helsevern og brukargrupper som psykisk utviklingshemma og psykiatriske pasientar. Statistikk over kommunehelsetenesta skal hjelpe sentrale, regionale og kommunale styremakter med data til planleggings- og tilsynsformål. Statistikken skal mellom anna gi kunnskap om personellsituasjonen og om kva som går føre seg i den lokale helsetenesta. Kommunehelsetenesta omfattar i dag følgjande oppgåver og deltenester, slik dei er lista opp i lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66:
Kommunens helsetjeneste skal omfatte følgende oppgaver:
1. Fremme helse og forebyggelse av sykdom, skade eller lyte. Tiltak med dette for øye organiseres som:
a. miljørettet helsevern
b. helsestasjonsvirksomhet
c. helsetjenester i skoler
d. opplysningsvirksomhet
e. helsetjenester for innsatte i de kommuner det ligger anstalter under fengselsvesenet
2. Diagnose og behandling av sykdom, skade eller lyte
3. Medisinsk habilitering og rehabilitering
4. Pleie og omsorg
For å løse de oppgaver som er nevnt foran, skal kommunen sørge for disse deltjenestene:
1. Allmennlegetjeneste, herunder også legevaktordning
2. Fysioterapitjeneste
3. Sykepleie, herunder helsesøstertjeneste og hjemmesykepleie
4. Jordmortjeneste
5. Sykehjem eller boform for heldøgns omsorg og pleie
6. Medisinsk nødmeldetjeneste
(Utdrag frå § 1.3 i lov om helsetjenesten i kommunene)
Statistikkgrunnlaget for dei ulike delane av kommunehelsetenesta er basert på årsoppgåver frå kommunane. For det første året, 1984, vart oppgåvene avgrensa til stort sett å gjelde opplysningar om personellressursane. Frå 1985 vart statistikken utvida til også å omfatte virke ved helsestasjon og skolehelsetenesta. Personell utan helsefagleg utdanning som arbeider i helsestasjonstenesta vart inkluderte i statistikkgrunnlaget i 1988 og tilsvarande personell i skolehelsetenesta i 1994.
Frå statistikkåret 1995 vart oppgåver over vaksinasjonar i skolehelsetenesta og helsestasjonstenesta tekne ut av skjemagrunnlaget og samla inn gjennom eit individbasert system (SYSVAK). Delar av dette materialet vert publisert årleg i Sosial- og helsedirektoratet sin publikasjon "Styrings- og informasjonssystemet for helse- og sosialtenesta i kommunene" (HJULET).
I perioden etter 1984 har det vore nokre endringar i statistikkgrunnlaget. Dette gjer det vanskeleg å følgje utviklinga over tid.
Pleie- og omsorgstenestene vart lagde under kommunalt totalansvar i 1988, då ansvaret for drifta av sjukeheimane vart ført over til kommunane. Til då hadde sjukeheimane vore del av dei fylkeskommunale helsetenestene, medan aldersheimane, heimetenestene og andre buformer høyrde til sosiale tenester. Desse sosiale tenestene låg innanfor området som kommunane hadde ansvaret for. Med overføringa fall behovet for å halde ved like det administrative skiljet i pleie- og omsorgstenestene på lokalt plan bort. Statistisk sentralbyrå tok i bruk felles skjema for alle institusjonar og buformer for eldre med tenester heile døgnet. Samstundes vart statistikken over heimetenestene nærare samordna med statistikken over institusjonane, og ein fekk ein felles rutine for innsamling og publisering av statistikken i 1989.
Eit par år før overføringa av ansvaret til kommunane fann stad, vart det statlege bidraget til finansieringa av helse- og sosialtenestene i kommunane lagt om frå øyremerkte tilskott til generelle rammetilskott utan nokon form for rapportering av verksemda til dei sentrale styremaktene. Følgjeleg vart tidlegare kjelder til informasjon om den lokale utviklinga avvikla. Frå sentralt hald voks det fram eit behov for ny statistikk over desse tenestene. Dei sentrale styremaktene har det overordna ansvaret for utviklinga og rammevilkåra og må føre tilsyn med lover, forskrifter og målsetjingar.
Dette er bakgrunnen for den pleie- og omsorgsstatistikken som har vorte laga sidan 1989.
Statistikken er særleg viktig for dei sentrale styremaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne pleie- og omsorgstenestene både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå. I eit demokratisk samfunn vert også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.
Innsamling og publisering av statistikk frå kommunane har vore under endring dei siste åra. Størsteparten av data vert no samla inn gjennom KOSTRA-systemet (Kommune-Stat-Rapportering). KOSTRA starta som eit prosjekt i 1995. Formålet har vore å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, samt å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA byggjar på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå, samt på data frå ein rekke andre kjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Blant desse kan spesielt nemnast regnskapsdata, teneste- og personelldata og befolkningsdata. Talet på kommunar og fylkeskommunar er skrittvis auka fram til rapporteringsåret 2001, som var det første året alle kommunar var med i KOSTRA.
Meir informasjon om KOSTRA-rapporteringa samt detaljerte tal totalt og for kvar einskild kommune finn ein på http://www.ssb.no/kostra/ og i Statistikkbanken (http://www.ssb.no/statistikkbanken/).
Sosial- og helsedepartementa, andre fagdepartement, Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, regionale og kommunale styresmakter, forskarar og allmennheten generelt.
Statistikken er basert på registrering av tenestene og personellet knytta til tenestene i alle kommunar.
Mens kommunane fram til 1999-2001 rapporterte gjennom fleire ulike spørjeskjema, skriver mesteparten av dataene seg no frå det elektroniske KOSTRA-systemet. Fastlegeregisteret fra NAV er datakjelde for statistikk om fastleger og listelengde. Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret fra NAV er datakjelde for noe av årsverksstatistikken.
Statistikken omfatter alle kommunar, samt bydelane i Oslo.
Kommunane fyller i hovudsak ut data på elektroniske skjema gjennom KOSTRA. Dei elektroniske skjema vert sende til kommunane 1. november. Kommunane er sjølv ansvarlege for å organisere utfyllinga. Svarfristen for opplysningane er 15. februar kvart år.
Data vert kontrollert automatisk under utfyllinga av dei elektroniske skjema. Førebelse tal vert lagde ut på Internett 15. mars. Dermed har kommunane sjølve eit høve til å kontrollere sine eigne data og samanlikne med andre. Statistisk sentralbyrå kontrollerar og reviderar deretter datamaterialet. Denne revisjonen er basert på samanlikningar med tal frå føregåande år, samt ei vurdering av dei relative tala som kjem fram for den einskilde kommunen. Dette kan til dømes vere talet på brukarar, årsverk eller tal for institusjonsplassar sett i forhold til talet på eldre i kommunen. I dei tilfella ein finn store avvik frå det eine året til det andre, vert kommunen kontakta for ei nærare avklaring og mogleg oppretting. I tillegg til dei nemnde kontrollane kjem kontrollar for å få eit logisk samsvar mellom opplysningane i dei ulike postane i skjema.
Trass i eit omfattande arbeid med revisjon, vil det likevel kunne hefte feil eller manglar ved tal som vert presenterte.
Ved frigjevinga av endelege tal vil kommunar som ikkje har levert verte inkludert med tall frå året før.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Årsverk - stillingar: Personell vert registret i timar per veke. Talet på timar per veke vert rekna om til heile årsverk (heile stillingar) ved å dividere med eit normaltal per veke. I praksis inneber dette at vi har dividert med 36 timar for fysioterapeutar og 37,5 timar for dei andre yrkesgruppene. I pleie- og omsorgsstatistikken er årsverk meint å romme alt arbeid innanfor heimetenestene og institusjonane, dvs. at dataregistreringane ikkje berre er avgrensa til funksjonane knytte direkte til brukarane og bebuarane, men famnar òg administrasjon og leiing, reinhald og kjøken. Dei tilsette vert registrerte etter utdanning per 31. desember. Alle deltidsstillingar vert rekna om til heiltidsstillingar. Ein registrerer berre avtalt arbeidstid.
Overtid: Overtid skal generelt ikkje takast med, men for legane vart det frå statistikkåret 1994 også inkludert timeverk etter avtaler om forlenga arbeidstid (sentral forbundsvis særavtale mellom Kommunenes sentralforbund og Den norske lægeforening). Denne avtalen opnar for at ein, for inntil eitt år om gongen, inngår avtale om forlenga arbeidstid utover 37,5 timar i veka. Overtidsarbeid utover dette vert ikkje medrekna.
Organisering av legar og fysioterapeutar: Med organisering meiner ein den forma for tilknyting den enkelte lege og fysioterapeut har avtalt med kommunen. Det er fire formar for tilknyting den einskilde yrkesutøvar kan ha: 1) driftsavtale med kommunen, 2) fast løn, 3) turnuskandidat og 4) legar/fysioterapeutar utan avtale.
Legar og fysioterapeutar med fast løn: Desse yrkesutøvarane er kommunale lønnsmottakarar og er tilsette i stillingar som kommunen har utlyst som kommunelege eller kommunefysioterapeut. Dette kan dreie seg om stillingar både på heiltid og deltid. Kommunane dekkjer alle utgiftene til stillingane, medan folketrygda gjev faste tilskot til kommunen per stilling. Arbeidsoppgåvene til desse fastlønna legane og fysioterapeutane er fastlagde gjennom kommunale instruksar.
Legar og fysioterapeutar med kommunal avtale: Desse er i utgangspunktet privatpraktiserande, men inngår avtale med kommunen eller bydelen. Ordninga byggjar på ein avtale mellom Kommunenes sentralforbund, departmentet og legane og fysioterapeutane sine organisasjonar. Dette inneber at legane forpliktar seg til å delta i ordningar for legevakt og kommunale oppgåver som eldreomsorg og førebyggjande funksjonar. Kor mykje den enkelte skal utføre av desse oppgåvene, samt opningstider for praksisane, vert definert i dei konkrete avtalene mellom den einskilde yrkesutøvar og kommunen/bydelen. Grunnlaget for inntekta til legar og fysioterapeutar med kommunal avtale er refusjonar frå folketrygda, pasientane sine eigenbetalingar og eit fast beløp (driftstilskot) frå kommunen som vederlag for avtalen.
Legar og fysioterapeutar utan kommunal avtale: Det finst også yrkesutøvarar som driv privat praksis utan å ha avtale med kommunen. For den einskilde pasient vil det ikkje ha noko å seie økonomisk om ein nyttar turnuskandidatar, legar med fast løn, eller legar med kommunal avtale. Legar utan kommunal avtale kan, innan visse avgrensingar, ta så høg eigenbetaling som pasientane er villige til å godta.
Etter endringar i folketrygdlova §§ 5-4, 5-7 og 5-8 vert det etter 1. juli 1998 ikkje lenger utbetalt trygderefusjonar til privatpraktiserande helsepersonell som ikkje har driftsavtale med kommunen eller fylkeskommune.
Turnuskandidatar: Turnuskandidatar utgjer ein viktig del av tilbodet av tenester frå legar og fysioterapeutar i mange kommunar. Turnuskandidatar er medisinske kandidatar som avtener obligatorisk teneste i allmennpraksis for å oppnå rett til autorisasjon.
Ledige avtaleheimlar/stillingar: Heimlar eller fastlønna stillingar som er ledige per 31. desember på grunn av permisjon, sjukdom eller andre årsaker vert rekna som ledig dersom fråværet har vart meir enn 4 månader.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
KOSTRA-data er basert på fullteljing, dvs. at alle einhetar i denne statistikken - kommunar, bydeler og aktuelle institusjonar - skal rapportere kvart år.
Handtering av fråfall: For kommunar og institusjonar som ikkje sender inn oppgåver vert tala frå året før lagt inn.
Ikkje relevant.
Organiseringa i dei ulike kommunane er svært ulik. Dette gjer at skjema ikkje alltid passar like godt for alle. Manglande samsvar mellom registreringane og dei faktiske forholda skjemaet tek sikte på å registrere, kan difor finnast.
Timeverk av legar med driftsavtale: I følgje rettleiinga skal tala omfatte timar per veke som er avtalt mellom legane og kommunen. Av og til ser vi at kommunane fører opp timane som legane faktisk har arbeidd, sjølv om dette talet overstig timane som ligg til grunn for avtala.
Timar av legar med fast løn: I følgje rettleiinga skal overtid ikkje reknast med. Enkelte kommunar tek likevel med overtid. Dette vert stroke i den grad ein har vorte gjort merksam på at slikt arbeid er medrekna.
Legar og fysioterapeutar utan kommunal avtale: Arbeid som legar og fysioterapeutar utan avtaler utfører i kommunen, skal meldast til den medisinsk-fagleg ansvarlege rådgjevar/kommunelege I. Røynslene tilseier at kommune- eller bydelsforvaltninga ikkje alltid har full oversikt over denne verksemda. Dette kan føre til at personellinnsatsen til desse yrkesutøvarane vert undervurdert.
Fordeling på verksemdsområder: For både legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar hender det at kommunane ikkje fordelar timane på dei ulike verksemdsområda. I slike høve tek SSB kontakt med kommunane.
Årsverk: I grunnmaterialet frå kommunane vert ressursinnsatsen oppgjeve i timar per veke. Omrekninga til årsverk vert gjort i SSB. Den generelle regelen for omrekning - 37,5 timar per veke - er difor brukt for alle yrkesgrupper med unntak av fysioterapeutar (36 timar i veka). Det ser likevel ut til å vere skilnader mellom kommunane i kor mange timar ei full stilling svarar til for dei ulike yrkesgruppene.
Statistikken har vore endra fleire gonger, men ein kan gi samanhengande tidsseriar for alle sentrale variable frå og med 1987 (kommunehelseteneste) og 1991 (pleie- og omsorgstenester).
Ikkje relevant.
Noregs offisielle statistikk (NOS) på områda kommunehelsetenester og pleie og omsorg har vorte gjevne ut årleg/anna kvart år. Frå 2003 er desse to publikasjonane slått saman til ein, "Kommunale helse- og omsorgstenester". I tillegg vert einskilde tal gjeve i "Styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtjenesten i kommunene" (HJULET).
For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine internettsider http://www.ssb.no/kostra/.
Eigne tabellar kan byggjast frå Statistikkbanken, http://www3.ssb.no/statistikkbanken/.
2008 © Statistisk sentralbyrå