85094_not-searchable
/helse/statistikker/tannhelse/arkiv
85094
Over 2,9 milliardar til tannhelse i Noreg
statistikk
2012-07-17T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Tannhelsetenesta2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 2,9 milliardar til tannhelse i Noreg

I overkant av 2,9 milliardar kroner vart brukt på tannhelse i fylkeskommunane i 2011. Dette er ein auke på 5,5 prosent frå 2010. Talet på årsverk aukar, medan gjennomsnittleg tal på hol for 12- og 18-åringar held fram med å gå ned.

Fylkeskommunane brukte til saman om lag 2,9 milliardar tannhelsekroner, målt i brutto driftutgifter, i 2011. Talet er medrekna fylkeskommunar som er organiserte i fylkeskommunale føretak. Dette er om lag 152 millionar kroner meir enn året før, noko som tilsvarer ein auke på 5,5 prosent. Per innbyggjar i landet var dei gjennomsnittlege brutto driftsutgiftene på 582 kroner i 2011. Dette er ein auke på om lag 23 kroner per innbyggjar, samanlikna med året før. Finnmark brukte mest pengar per innbyggjar på tannhelse med gjennomsnittleg 1 363 kroner , medan Akershus brukte minst med 326 kroner per innbyggjar.

Brutto driftsutgifter per person undersøkt/behandla. 2002-2011. Kroner

Fleire allmenntannlegar og spesialistar

Talet på årsverk for tannlegar har auka frå 2010. Talet på avtalte årsverk i offentleg, og privat, tannhelseteneste har samla auka frå 3 915 i 2007 til 4 504 i 2011. Dette utgjer 1 107 innbyggjarar per tannlege i landet i 2011. Dette er ein nedgang på 103 innbyggjarar per tannlege sidan 2007. Hordaland, Oslo og Tromsø er dei tre fylka som tilbyr tannlegeutdanning i Noreg. Dette er også dei tre fylka som har høgast tannlegedekning. Nord- og Sør-Trøndelag er dei to fylka som har lågast tannlegedekning.

I den same perioden har tannlegespesialistar auka frå 312 avtalte årsverk i 2007 til om lag 451 årsverk i 2011. Dette tilsvarer ein auke på 45 prosent. Talet på innbyggjarar per tannlegespesialist har hatt ein nedgang på vel 4 175 personar sidan 2007. Samstundes er det store regionale skilnader i spesialisttilbodet. Oslo og Hordaland er fylkeskommunane med høgast dekning, medan Hedmark og Nord-Trøndelag har lågast dekning.

Stor auke i talet på tannpleiarar

Talet på tannpleiarar i tannhelsetenesta har auka frå snautt om lag 714 avtalte årsverk i 2007 til snautt 826 i 2011. Det er også ein auke på snautt 52 årsverk frå 2010 til 2011. Det er framleis flest tannpleiarar som arbeider i den offentlege tannhelsetenesta, men den prosentvise auken held fram med å vera størst i den private tannhelsetenesta. Finnmark og Troms er dei to fylka med høgast tannpleiedekning, medan Oppland har lågast.

Talet på utanlandske tannlegar held fram med å auka

Talet på utanlandske tannlegar som jobbar i Noreg held fram med å auka. Dei siste fem åra har tannlegar med utanlandsk landbakgrunn i privat og offentleg tannhelseteneste auka med om lag 34 prosent, frå 907 tannlegar i 2007 til 1 218 tannlegar i 2011. Delen utanlandske tannlegar av alle tannlegar i landet er 27 prosent i 2011. Auken skjer både blant tannlegar med europeisk og ikkje-europeisk landbakgrunn.

Det er flest utanlandske tannlegar i privat sektor, samstundes så stig talet utanlandske tannlegar både i privat og offentleg tannhelseteneste. Når det gjeld tannlegar med landbakgrunn utanfor Europa er den prosentvise auken framleis størst i privat sektor.

Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn. 2004-20111
 
  2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011
 
Det totale talet på utanlandske tannlegar  666     770      848      907      993     1 036     1 096     1 218
Europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste2  224  241  257  278  311  317  330  341
Ikkje-europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste 92  101  115  122  132  136  148  164
Europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  248  290  325  343  367  389  410  469
Ikkje-europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  102  138  151  164  183  194  208  244
 
1  Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn som arbeider i tannhelsetenesta.
2  Tyrkia er ikkje rekna med blant europeiske land.

Færre hol blant 12- og 18-åringar

Etter ein nokså jamn nedgang i gjennomsnittstalet på hol i tennene blant 12- og 18-åringane dei siste 25 åra, opplevde ein for eit par år sidan stillstand for dei to aldersgruppene. I 2011 viser tal for heile landet at hol i tennene blant 12- og 18-åringar igjen har byrja å minska. Gjennomsnittstalet på tenner med karieserfaring, det vil seia hol, blant 12-åringar er på 1,1 i 2011. Året før var talet 1,3. Hedmark fylkeskommune har færrast hol blant sine 12-åringar med 0,8, medan Finnmark har flest med 1,5 hol.

For 18-åringar er gjennomsnittstalet i landet på 4,3 hol, noko som er ein nedgang på 0,2 hol samanlikna med i 2010. Nedgang på landsnivå frå 2010 til 2011 gjeld så og seia alle fylka. Hedmark har færrast hol blant 18-åringane med 3,5, medan Finnmark har flest med eit gjennomsnitt på 6,3 hol. Aust-Agder og Rogaland er dei to fylka som har den største prosentvise nedgangen i talet på hol blant 18-åringar frå 2010 til 2011

Delen 18-åringar med mange hol held seg nokså uendra mellom 2010 og 2011, samstundes som gruppa med null hol aukar. Delen 18-åringar med mange hol i tennene er på 12,3 prosent for heile landet, mot 13,8 prosent i 2007. Ei samanlikning av fylka viser store regionale skilnader. I Hedmark ligg gruppa med 18-åringar som har mange hol på 7,9 prosent, medan den same gruppa utgjer 22,4 prosent i Finnmark.

Måling av kariesførekomsten blant 5-, 12-, og 18-åringar baserer seg på dei som er blitt undersøkt/behandla i det aktuelle året for dei aktuelle alderskulla. Tala viser at det er store forskjellar i innkallingspraksis mellom fylka. Medan nesten alle 5-, 12- og 18-åringane har blitt undersøkt/behandla i nokre av fylka, er det fleire fylka som har under 60 prosent av årskulla inne til undersøking/behandling. Delen som blir undersøkt/behandla i Hedmark og Finnmark er nokså lik for 5- og 12-åringar, medan det er ein større del av 18-åringane som har blitt undersøkt/behandla i Hedmark enn i Finnmark.

I år er det tredje året Noreg publiserer kvalitetsindikatoren Signifikant Caries Indeks (SiC) for 12-åringar. Indikatoren freistar å seia noko om tannhelsetilstanden til den tredjedelen av 12-åringane med flest hol i tennene. Det vekta gjennomsnittstalet for heile landet var på 3 hol i tennene i 2011 , dette er ein nedgang frå 3,3 året før. Hedmark har lågast verdi med 2,3 hol, medan Finnmark har høgast med 3,7. Målsetnaden er at indikatoren vil bidra til å kartleggja dei som har størst behov for tannbehandling blant barn og unge i fylka i tida som kjem.

18-åringar, delen behandla med DMFT>9, etter fylke. 2011. Prosent

Gjennomsnittleg tal på hol. 12- og 18-åringar. 1985-2011

Signifikant Caries Indeks for tolvåringar

Signifikant Caries Indeks (SiC) blei introdusert internasjonalt i år 2000 for å setja søkjelyset på barna som har høgast kariesførekomst i ei gruppe.

 

DMFT er eit uttrykk for summen av delen tenner som treng eller har trengt behandling, samt gått tapt på grunn av sjukdom. Sjølv om DMFT hos 12-åringar viser at dei fleste har friske tenner, er det framleis nokon som har høge eller svært høge verdiar. SiC-indeksen vektlegg dette forholdet. Såleis belyser indeksen eit aspekt ved sosial ulikskap i helse, som den norske regjeringa ønskjer å redusera.

Indikatoren seier noko om alvoret av karies i gruppa barn som har høgast førekomst. Målsetjinga er at indikatoren skal retta auka fokus på det helsefremjande og førebyggjande arbeidet slik at ein

oppnår betre tannhelse hos dei som har dei største problema.

 

Les meir informasjon om kvalitetsindikatorar innanfor tannhelse hos Helsedirektoratet .

 

Indikatoren seier noko om resultatkvalitet.

Tabeller: