19321_not-searchable
/helse/statistikker/tannhelse/arkiv
19321
Over 2,6 milliardar til tannhelse i Noreg
statistikk
2010-12-20T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Tannhelsetenesta2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 2,6 milliardar til tannhelse i Noreg

I overkant av 2,6 milliardar kroner vart brukte på tannhelse i fylkeskommunane i 2009. Talet på årsverk for tannlegar går ned, medan talet på både tannpleiarar og utanlandske tannlegar aukar. Gjennomsnittleg tal på hol for 12- og 18-åringar held seg stabilt.

Brutto driftsutgifter per person. 2001-2009 (konsern)

Målt i brutto driftsutgifter brukte fylkeskommunane til saman i overkant av 2,6 milliardar kroner på tannhelsetenester i 2009. Talet er medrekna fylkeskommunar som er organiserte i fylkeskommunale føretak. Dette er om lag 140 millionar kroner meir enn året før og svarar til ein auke på 5,6 prosent. Dei gjennomsnittlege brutto driftsutgiftene per innbyggjar i landet var 536 kroner i 2009, noko som er ein auke på vel 20 kroner per innbyggjar frå 2008.

Fleire tannlegar og tannpleiarar frå 2005 til 2009

Talet på årsverk for tannlegar i landet har minska samanlikna med 2008. Dette har samanheng med ein nedgang i talet på private tannlegar. Frå 2005 til 2009 har talet på avtalte årsverk i offentleg og privat tannhelseteneste samla auka frå snautt 3 900 til 4 025. Dette utgjer for 2009 vel 1 200 innbyggjarar per tannlege i landet, og er ein nedgang på 17 innbyggjarar per tannlege sidan 2005.

Talet på tannlegespesialistar har i den same perioden auka frå vel 270 avtalte årsverk i 2005 til om lag 386 i 2009, dette tilsvarer ein auke på 43 prosent. Sidan 2005 har innbyggjartalet per tannlegespesialist hatt ein nedgang på vel 4 600 personar. Samstundes er det store regionale skilnader i spesialisttilbodet kor Oslo og Hordaland er fylkeskommunane med høgast dekning.

Talet på tannpleiarar i tannhelsetenesta har i femårsperioden 2005-2009 auka frå vel 640 avtalte årsverk i 2005 til om lag 735 i 2009. Rett nok er det ein nedgang på om lag 18 årsverk mellom 2008 og 2009. Det er framleis flest tannpleiarar som arbeider i den offentlege tannhelsetenesta, men den prosentvise auken for perioden 2005-2009 er størst i den private tannhelsetenesta.

Talet på utanlandske tannlegar held fram med å auka

Talet på utanlandske tannlegar som jobbar i Noreg, held fram med å auka. Dei siste fem åra har tannlegar med utanlandsk landbakgrunn auka med nesten 35 prosent. I 2005 var det 770 utanlandske tannlegar i privat og offentleg tannhelseteneste, medan det i 2009 har auka til snautt 1 040. I perioden 2005-2009 har delen utanlandske tannlegar auka frå 17,5 prosent av alle tannlegar i landet til 24,3 prosent. Auken skjer både blant tannlegar med europeisk og ikkje-europeisk landbakgrunn.

Ein ser framleis ingen klare sektortendensar. Talet på utanlandske tannlegar stig både i privat og offentleg tannhelseteneste. Samstundes er den prosentvise auken størst i privat sektor når det gjeld tannlegar med landbakgrunn utanfor Europa.

Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn. 2004-20091
  2004 2005 2006 2007 2008 2009
Det totale talet på utanlandske tannlegar        666        770        848        907        993       1 036
Europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste2  224  241  257  278  311  317
Ikkje-europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste 92  101  115  122  132  136
Europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  248  290  325  343  367  389
Ikkje-europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  102  138  151  164  183  194
1  Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn som arbeider i tannhelsetenesta.
2  Tyrkia er ikkje rekna med blant europeiske land.

Færre heilt utan hol i tennene

For 12- og 18-åringar har talet på hol i tennene gått ned dei 25 siste åra, men tala for 2009 er uendra samanlikna med 2008.

18-åringar, delen behandla med DMFT>9. Fylkesvis. 2009

Gjennomsnittleg tal på hol blant 12- og 18-åringar. 1985-2009

Tala for 2009 underbyggjer dermed tendensen til utflating, som vi har sett dei siste åra. I 2009 er gjennomsnittstalet på tenner med karieserfaring (hol) blant tolvåringar på 1,4, som er det same som i 2008. Hedmark fylkeskommune har færrast hol blant sine tolvåringar med 1,0, medan Finnmark har flest med 2,2. Sjølv om tal på hol i tennene held seg uendra på landsbasis, er det nedgang i fleire av fylkeskommunane.

For 18-åringar er gjennomsnittstalet i landet på 4,7 hol, noko som også er det same som i 2008. Likevel har det skjedd ein liten auke for enkelte fylke i talet på hol. Oslo har færrast med 3,8 hol, medan Finnmark har flest med eit gjennomsnitt på 5,8. Finnmark har samstundes den største prosentvise nedgangen i talet på hol for 18-åringar mellom 2008 og 2009.

Det er færre 18-åringar med mange hol, men gruppa med null hol minskar. Delen 18-åringar med mange hol i tennene (DMFT>9) er på 12,8 prosent for heile landet, den same gruppa var på 15,4 prosent i 2005.

SiC-indeks for tolvåringar (Signifikant Caries Indeks)

Signifikant Caries indeks (SiC) blei introdusert internasjonalt i 2000 for å setja søkjelyset på barna som har høgast kariesførekomst i ei gruppe.

Sjølv om gjennomsnittleg DMFT hos 12-åringar viser at dei fleste har friske tenner, er det framleis nokon som har høge eller svært høge verdiar. SiC-indeksen vektlegg dette forholdet. Såleis belyser indeksen eit aspekt ved sosial ulikskap i helse, som den norske regjeringa ønskjer å redusera.

Indikatoren seier noko om alvoret av karies i gruppa barn som har høgast førekomst. Målsetjinga er at indikatoren skal setja søkjelyset på det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, slik at ein oppnår betre tannhelse hos dei som har dei største problema.

For meir informasjon om kvalitetsindikatorar innanfor tannhelse:

http://www.helsedirektoratet.no/tannhelse/kvalitetsindikatorer_etablert_for_tannhelsetjenesten_30001

Indikatoren seier noko om resultatkvalitet.

Registerbaserte årsverksopplysningar

Sjølvstendige tannlegar i den private tannhelsetenesta får berekna årsverka sine etter næringsinntekt. Ei av årsakene til at det har vore ein nedgang i private årsverk mellom 2008 og 2009 kan difor vera at dei hadde lågare lønsinntekter i 2009. Sjølvmeldingsregisteret som blir brukt for å berekna årsverk for 2009, er frå 2008. Dette var midt under finanskrisa, noko som forklarer noko av nedgangen i inntekter blant dei private.

Tabeller: