10313_om_not-searchable
/helse/statistikker/dodsarsak/aar
10313_om
statistikk
2013-11-01T10:00:00.000Z
Helse;Befolkning
no
true

Dødsårsaker (opphørt)2012

Nasjonalt folkehelseinstitutt har overtatt som databehandler for Dødsårsaksregisteret fra 2014. De publiserer statistikk om dødsårsaker i sin Statistikkbank. Søknader om datatilgang til Dødsårsaksregisteret sendes til datatilgang@fhi.no.

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Dødsårsaker (opphørt)
Emne: Helse

Ansvarlig seksjon

Seksjon for helsestatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Dataa er koda etter den internasjonale sjukdomsklassifikasjonen ICD. Dødsårsakene er frå og med 1996 klassifisert og koda etter den detaljerte lista i International Statistical Classification of Diseases and Related Health Problems, ICD-10, Volume 1(World Health Organization, Geneve 1992). Reglar og retningslinjer for dødelegheitskoding og val av underliggjande dødsårsak finst i ICD-10 Volume 2 (World Health Organization, Geneve 1993). ICD-9s reglar og prinsipp for dødelegheitskoding finst som vedheng i NOS C 490 Dødsårsaker 1995. Meir informasjon finst på WHO Family of International Classifications .

For klassifisering av underliggjande dødsårsak gjeld prinsippet at den sjukdom eller ytre årsak til skade som etter legen si meining starta rekka av dei tilstandar som leia direkte til døden, skal registrerast som underliggjande dødsårsak. I tillegg blei det frå 1996 koda inntil seks andre medverkande årsaker. Det er den underliggjande dødsårsak som blir brukt i internasjonal dødsårsaksstatistikk.

Underliggjande dødsårsak er definert som: a) den sjukdom eller skade som starta rekka av dei sjukelege tilstandar som leia direkte til døden eller b) dei ytre omstenda ved den ulukke eller valdshandling som var årsaka til den dødelege skade.

Underliggjande dødsårsak skal førast opp på nedste linje i del I på dødsmeldinga. Samstundes kan ICD sine reglar og retningslinjer likevel resultera i at ein annan tilstand (sjukdom eller ytre skadeårsak) blir valt som underliggjande dødsårsak. For å skilja mellom desse to mulegheitene har ICD-10 innført omgrepet opprinneleg, føreutgåande årsak (originating antecedent cause) om den tilstanden som er oppført på nedste, utfylte linje i del I.

Med umiddelbar dødsårsak meiner ein den sjukdom, skade eller tilstand som direkte førte til døden, og som er forårsaka av den underliggjande dødsårsak.

Med komplikasjon meiner ein den tilstanden som er ei direkte følgje av den underliggjande dødsårsak (umiddelbar og mellomliggjande dødsårsak), og med medverkande dødsårsak meiner ein tilstand som kan ha ha bidrege til døden sin inntreden, men som ikkje står i direkte årsaksforhold til den sjukdom eller tilstand som har framkalla døden.

Alder er rekna ut i heile fylte år på dødstidspunktet.

Standard klassifikasjoner

Standardgrupperingar er Klassifikasjon av sjukdommar, skadar og dødsårsaker, ICD-9, norsk utgåve for året 1995, og Klassifikasjon av sjukdommar, skadar og dødsårsaker, ICD-10, engelsk utgåve, for åra 1996-2005.

Dødsårsaksstatistikken avviker frå ICD-10(engelsk utgåve) på følgjande område:

Fjerdeteikn for R99 (Andre dårleg definerte og uspesifiserte dødsårsaker);

R99.0 Dødsårsak kan ikkje bli fastslått (lege eller annan sakkyndig person har ikkje kunna fastslå årsak til død) R99.8 Dødsårsak ikkje oppgitt (motteke skjema/dokument manglar informasjon om dødsårsak, til dømes dokument frå utlandet) R99.9 Opplysning manglar (dødsfall er registrert i Det sentrale folkeregister, ikkje meldt til Dødsårsaksregisteret).

Brot i lårbein (fractura femoris) kor ytre omstende er ukjent eller ikkje oppgitt, blir i Noreg koda med W19 (uspesifisert fall) som underliggjande dødsårsak. F.o.m. 2009 skal slike tilfelle ifølgje ICD-10 kodast med X59 (uspesifisert ulukke) som underliggjande årsak, jf. ICD-10, Volume 3 (1994), side 600.

I publikasjonen NOS C 490 Dødsårsaker 1995 finst oversikt over dei punkt kor dødsårsaksstatistikken avviker frå norsk og engelsk utgåve av ICD-9, samt avvik frå retningslinjer for val av underliggjande årsak. Norsk utgåve av ICD-9 blei nytta i åra 1986-1995, medan norsk utgåve av ICD-8 blei nytta i åra 1969-1985.

Andre endringar/dokumentasjon når det gjeld kodepraksis 1996-2005 finst på Dokumentasjon

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Statistikken blir presentert på nasjonalt- og fylkeskommunenivå.

Hyppighet og aktualitet

Endelege tal årleg.

Internasjonal rapportering

Dødsårsaksdata rapporterast rutinemessig til Nordisk Medicinalstatistiske Komité (NOMESKO), Eurostat, OECD og Verdas helseorganisasjon (WHO).

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Datamaterialet er lagra på individnivå, med fødselsnummer. Registeret er kryptert.

Bakgrunn

Formål og historie

Dødsårsaksføreskrifta §1-3 (Dødsårsaksregisterets formål) seier: ´´Formålet med Dødsårsaksregisteret er å innsamle og innenfor forskriftens rammer behandle data om dødsårsaker i Norge for å: 1. overvåke dødsårsaker og belyse endringer i dødsårsaker over tid. 2. gi grunnlag for utarbeidelse av nasjonal, regional og lokal dødsårsaksstatistikk. 3. fremme og gi grunnlag for forskning, og 4. gi grunnlag for informasjon og kunnskap for planlegging, kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av helsetjenesten og helseforvaltningen (kjelde Lovdata ).

Som medlem av Verdas helseorganisasjon har Noreg frå 1. januar 1951 forplikta seg til å utarbeida offisiell dødsårsaksstatistikk som stemmer overeins med den internasjonale sjukdomsklassifikasjonen (ICD) og dei prinsipp og retningslinjer som gjeld for koding av dødsårsak. Vidare skal opplysning om dødsårsak på dødsmeldinga bli gitt innanfor den ramma som Verdas helseorganisasjon har fastsete, dvs. felt I og II på “Legeerklæring om dødsfall/melding om unaturleg død" og “Dødsmelding frå lensmann til den offentlege lege´".

I 1951 byrja Noreg å laga dødsårsaksstatistikk etter ICD-5. Seinare har ICD blitt revidert fleire gonger. 1951-1968 (6. og 7. revisjon) 1969-1985 (8. revisjon) 1986-1995 (9. revisjon) 1996- (10. revisjon).

Dødsårsaksstatistikken er frå og med 1996 klassifisert og koda etter 10. revisjon av Verdas helseorganisasjon si internasjonale sjukdomsklassifikasjon (ICD), International Statistical Classification of Diseases and Related Health Problems, Tenth Revision. Den 10. revisjon av ICD er den siste i rekka som byggjer på Jacques Bertillons internasjonale klassifikasjon av dødsårsaker av 1893. Den tradisjonelle strukturen i ICD er behalde i 10. revisjon, men det tidlegare numeriske kodesystemet er erstatta med eit alfanumerisk system. Dette utvidar ramma med meir enn det dobbelte samanlikna med ICD-9. Samstundes blir ikkje alle tilgjengelege kodar brukte i ICD-10, noko som opnar for at seinare revisjonar kan gjennomførast utan forskyvning av nummerering.

ICD-10 består av 21 kapittel. Det første teiknet i ICD-koden er ein bokstav. Fire kapittel (I, II, XIX og XX) strekkjer seg over meir enn ein bokstav. Kapittel I-XVII omhandlar sjukdommar, sjukdomstilstandar og symptomer. Kapittel XX omhandlar ytre årsaker til dødsfall. I dødelegheitsstatistikk skal kapittel XIX (S00- T98) ikkje brukast som underliggjande dødsårsak, men som ev. tilleggskodar til kapittel XX (V01-Y89). Kapittel XXI (Z00-Z99) blir ikkje brukt i dødsårsaksstatistikken. Frå og med årgang 2005 gjekk Noreg over til å nytta det automatiserte rapporteringssystemet ACME. ACME er eit automatisert kodesystem som fastset den underliggjande dødsårsaka. Kodinga følgjer internasjonale reglar og retningslinjer. Føremålet med å nytta ACME er å få ei meir lik koding på tvers av ulike land, som igjen vil føra til ein meir samanliknbar statistikk internasjonalt. Noreg har teke i bruk ein halvautomatisk versjon av ACME.

Ytterlegare tiltak som er utført for å betre kvaliteten på statistikken er innføring av ei språkuavhengig programvare (IRIS). Det er eit system som er basert på eit nasjonalt diagnoseleksikon med tilhøyrande ICD-10 kodar, samt innskriving av tekst frå dødsmelding. Tekst vert kopla mot diagnoseleksikonet og ein ICD-10 kode blir henta ut av programmet. IRIS vart innført i årgang 2011. ACME saman med IRIS utgjer ei heilautomatisk koding av dødsårsaker.

 

Brukere og bruksområder

Statistikken tek sikte på å gi helsemyndigheiter ein oversikt over helsetilstanden i Noreg. Vidare blir det utlevert dødsårsaksdata til forsking og analyse. Utlevering av personidentifiserbare data til forskning fordrar at forskaren har dispensasjon frå taushetsplikta frå Sosial- og helsedirektoratet og løyve til oppretting av register frå Datatilsynet.

Brukarar av dødsårsaksdataa er OECD, Eurostat, Verdas helseorganisasjon (WHO), Nordisk Medicinalstatistiske Komité (NOMESKO), Medisinsk fødselsregister, universitetssjukehusa, medisinske forskarar tilknytta sentral- og lokalsjukehus, Helsetilsynet, Kreftregisteret og andre offentlege institusjonar. Andre brukarar er studentar, elevar og journalistar.

Sammenheng med annen statistikk

Dødsfall

Omfanget av døde i dødsårsaksstatistikken samsvarer ikkje heilt med omfanget av døde i SSB sin befolkningsstatistikk. Tidlegare varierte avviket noko meir, som følgje av annan praksis ved forseinka rapportering.

Avviket kjem særleg av at befolkningsstatistikken set sluttstrek for å ta med sivile dødsmeldingar (frå skifteretten/lensmannen) ved utgangen av januar året etter statistikkåret, medan dødsårsaksstatistikken tek med medisinske dødsmeldingar (frå offentlege legar) heilt fram til publisering, til dømes for statistikkåret 2010 til utgangen av september 2011. Derimot tek befolkningsstatistikken med forseinka dødsmeldingar som fann stad tidlegare år enn statistikkåret, men endrar då både fødselsår og dødsår til den enkelte, slik at alder ved død blir korrekt.

Slik ulik praksis har dei siste to tiåra ført til at differansen mellom årleg tal på døde, ifølgje dødsårsaksstatistikken og befolkningsstatistikken, har vore mindre enn pluss/minus 100, med nokre få unntak. Merk at sjølv om det totale talet er likt eit enkelt statistikkår kan dei to statistikkane likevel omfatte ei litt avvikande gruppe (populasjon av) dødsfall, til dømes med omsyn til alder, kjønn mfl., anslagsvis 200 ulike personar. Sett over fleire statistikkår vil populasjonane likevel vere tilnærma identiske.

Vegtrafikkulukker med personskade

Statistikk over dødsfall med dødsårsak vegtrafikkulukke laga på grunnlag av Dødsårsaksregisteret skil seg på nokre punkt frå statistikken over dødsfall ved vegtrafikkulukker, publisert som ein del av statistikken over trafikkulykker med personskade, basert på Politiets rapportering, sjå http://www.ssb.no/vis/emner/10/12/20/vtu/art-2011-08-22-01.html.

Ulukkesstatistikken som Politiet er kjelde til, omfattar berre ulukker som er melde til Politiet.

Medan Politiet sine rapportar gjeld alle ulukker i Noreg, på offentleg og privat veg, gate eller plass open for alminnelig ferdsel, omfattar statistikken basert på Dødsårsaksregisteret alle personar som døde av ei trafikkulukke og som, ifølgje Det sentrale folkeregister, var registrert som busett i Noreg på tidspunktet for død, uansett om dødsfallet fann stad i eller utanfor Noreg.

For å kome med i Politiets datamateriale, må minst eitt kjøretøy ha vore innblanda. Som kjøretøy reknar ein sivile og militære motorkjøretøy, skinnegåande kjøretøy og ikkje-motordreve kjøretøy.

Oppgåvene frå Politiet gjeld, i tillegg til omkomne, dei som døde innan 30 dagar etter at ulukka fann stad, medan Dødsårsaksregisteret omfattar dødsfall etter ulukka, uansett kor lenge etter trafikkulukka dødsfallet inntreff. I statistikken basert på Politiets oppgåver vert sjølvmordssaker og ulukker som er årsaka av sjukdomsanfall, tekne ut.

Arbeidsulukker

Opplysningar om dødsfall i arbeidslivet vert registrert i mange register i Noreg. I Dødsårsaksregisteret vert slike registrert ved at legen som fyller ut den medisinske dødsmeldinga kryssar av for ”Ja” eller ”Nei” ved spørsmålet ”Yrkesulukke?” Yrkesulukke vert definert som skade med døden til følgje under inntektsgivande arbeid. Sjølvmord og drap vert ikkje teke med. Det er avdekka betydeleg underrapportering av yrkesskadedødsfall til Dødsårsaksregisteret.

Dødsårsaksregisteret omfattar alle døde i Det sentrale folkeregister som på tidspunktet for død var registrert som busett i Noreg, uansett om dødsfallet fann stad i eller utanfor Noreg. Ulike tilsynsmyndigheiter registrerer arbeidsskadedødsfall i landbasert arbeidsliv (Arbeidstilsynet), luftfart (Luftfartstilsynet), sjøfart og fiske (Sjøfartsdirektoratet) og petroleumsverksemd på norsk sokkel (Petroleumstilsynet). Ulukkesregistreringa hos tilsynsmyndigheitene omfattar både busette og ikkje busette, og baserer seg i all hovudsak på eigne meldingar frå arbeidsgivarar, på Politiets ulykkesregistrering, samt på informasjon om arbeidsulukker som vert presenterte i media.

Lovhjemmel

Dødsårsaksregisteret er eit sentralt helseregister, heimla i lov av 18. mai 2001 nr. 24 om helseregister og behandling av helseopplysningar (helsergisterlova) § 8, jf. forskrift av 21. desember 2001 om innsamling og behandling av helseopplysningar i Dødsårsaksregisteret (dødsårsaksregisterforskrifta).

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1338/2008 om fellesskapsstatistikkar over folkehelse og helse og sikkerheit på arbeidsplassen og kommisjonsforordning (EF) nr. 328/2011 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1338/2008 med omsyn til fellesskapsstatistikk over dødsårsaker.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar alle som er døde på eit tidspunktet, og som var registrert som busett i Noreg, ifølgje Det sentrale folkeregister, uansett om dødsfallet fann stad innanfor eller utanfor landet sine grenser.

Datakilder og utvalg

Dødsårsaksstatistikken blir utarbeidd på grunnlag av medisinske dødsmeldingar som blir sende til Statistisk sentralbyrå frå dei offentlege legane. Vidare innhentast rutinemessig tilleggsopplysningar frå Kreftregisteret, Medisinsk fødselsregister, samt resultat av obduksjon frå sjukehus og rettsmedisinske laboratorium.

Til og med årgang 2002 blei omlag 33 prosent av dødsfalla koda på grunnlag av legemelding i kombinasjon med tilleggsopplysningar frå andre kjelder. Frå årgang 2003 blei det endringar i bruk av opplysningar frå Kreftregisteret, og delen dødsfall kor det blei nytta tilleggsopplysningar frå andre kjelder blei då redusert til i underkant av 20 prosent. I dei resterande tilfella føreligg berre informasjon gitt på legeerklæring om dødsfall eller melding om dødsfall i utlandet.

Informasjonskjelder:

 Dødsmeldingar: sivile opplysningar, dødsårsaksdiagnosar utfylde etter WHO sine retningslinjer, ev. namn på behandlande lege og underskrive av utsteda lege

 Kreftregisteret: inneheld opplysningar om kor påliteleg diagnosen er, om svulsten er godarta eller ondarta, metastasestatus og tidspunkt for når diagnosen blei stilt, registrert og ev. endra.

 Medisinsk fødselsregister: inneheld data om mor si helse før og under svangerskapen, inngrep under fødsel, komplikasjonar i samband med fødsel og barnet sin tilstand rett etter fødsel.

Rapport om vegtrafikkulukker: data frå politirapportar om avdøde var førar eller passasjer og kva for ein type køyretøy som var innblanda i ulukka, samt type ulukke. Frå og med 2005 er ikkje denne kjelda nytta.

Obduksjonsresultat: opplysningar om kva for nokre sjukehus som har utført obduksjonen, obduksjonsnummer, laboratorienummer, dødsårsaksdiagnosar, ofte også ein konklusjon/vurdering.

Rettsmedisinske obduksjonar: opplysningar om ytre omstende ved ulukker, drap, sjølvmord, og dødsårsak.

Tilleggsopplysningar: det blir sendt ut skjema med spørsmål om tilleggsopplysningar når dødsmeldingane er ufullstendige, mangelfulle eller ukorrekt utfylte. Dødsårsaksregisteret har eit samarbeid med medisinsk konsulent, kor medisinske problemstillingar blir drøfta.

Fullteljing: alle døde som på tidspunktet for død var registrerte som busette i Noreg i henhald til Det sentrale folkeregister, uansett om dødsfallet fann stad i eller utanfor Noreg, jfr. 3.1.

Datainnsamling, editering og beregninger

Ved eitkvart dødsfall skal det utstedast ei dødsmelding, anten "Legeerklæring om dødsfall/melding om unaturleg død" eller "Dødsmelding frå lensmann til offentleg lege" (vedlegg A). Legeerklæringa/dødsmeldinga blir sendt til skifteretten som registrerer administrative og praktiske sider ved eit dødsfall. Skifteretten gir m.a. melding om dødsfallet til det lokale folkeregisteret og Det sentrale folkeregisteret. Skifteretten sender legeerklæringa vidare til kommunelegen på dødsstaden som sender dødsmeldinga til Dødsårsaksregisteret i Statistisk sentralbyrå. Statistisk sentralbyrå er databehandlar av dødsårsaksdataa på vegne av Nasjonalt folkehelseinstitutt. Innsamlingsmedium er papir.

Dødsfall og dødsfallsopplysningar registrert på grunnlag av mottekne legeerklæringar/dødsmeldingar samanliknast med tilsvarande opplysningar registrert i Det sentrale folkeregister. Denne koplinga sikrar at alle registrerte dødsfall kjem med i statistikken. Statistisk sentralbyrå sender purring til kommunelegane for å få inn manglande dødsmeldingar eller avskrift av tidlegare utstedde meldingar som ikkje har nådd Statistisk sentralbyrå. Purring på ikkje innkomne dødsmeldingar føregår 3-4 gonger i året. Dødsfall som framleis manglar dødsmelding når statistikken skal utarbeidast, og som det ikkje føreligg andre opplysningar for, blir registrert med ukjend dødsårsak. Andre opplysningar kan til dømes vera utskrift frå obduksjon og/eller pasientjournal.

Melding om busette i Noreg som døyr under mellombels opphald i utlandet, blir sendt inn til Statistisk sentralbyrå gjennom Utenriksdepartementet. I nokon tilfelle kjem meldinga frå Sentralkontoret for folkeregistrering i Skattedirektoratet. Desse dødsfalla inkluderast i statistikken, som oftast med ukjend dødsårsak.

Opplysningar på dødsmeldingar blir kvalitetssikra opp mot tilleggsopplysningar frå andre kjelder, som obduksjonsresultat, data frå Medisinsk fødselsregister mfl.

I sjølve IT-systemet for dødsårsaksstatistikk ligg innebygde gyldigheits- og konsistenskontrollar.

Statistikken er basert på fullstendig teljing, utan bruk av utval. Eurostats kodeliste med aggregerte dødsårsakskodar blir brukt relativt hyppig.

Konfidensialitet

Offentleggjering av offisiell statistikk er regulert av statistikkloven § 2-6. Hovudregel er at opplysningar ikkje skal offentleggjerast slik at dei kan førast tilbake til oppgåvegivar eller ein annan i enkeltperson som kan identifiserast (statistisk eining). Ved risiko for identifisering av statistisk eining eller opplysningar om denne, vil dei aktuelle statistikktabellar derfor undertrykkast med prikking, avrunding eller gruppering.

For dødsårsaksstatistikken nyttar ein prikking. Dette inneber at det ikkje blir gitt talverdi dersom talet på observasjonar i ei tabellcelle er mindre eller lik 3 og dette fører med seg risiko for identifisering. For å unngå indirekte identifikasjon nyttar ein også sekundærprikking, dvs at også enkelte andre tabellceller må prikkast for å unngå at totalverdiar kan avdekke verdien i ei prikka tabellcelle.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Samanlikning av dødsårsaker på detaljert nivå klassifisert etter ulike ICDrevisjonar medfører vanskar, både pga. skilnad i innhald og endring i reglar for val av underliggjande dødsårsak. Blant anna har tal på kategoriar på fjerdeteiknsnivå blitt bortimot dobla frå 6 969 kategoriar i ICD-9 til 12 420 i ICD-10. Verdas helseorganisasjon har utarbeidd ei oversetting mellom 9. og 10. revisjon (Translator, Ninth and Tenth Revision, WHO, Geneva 1997) kor det mellom anna går fram at berre 2 200 kodar er eintydige i begge versjonane.

Eurostat har utarbeidd ei forkorta liste av ICD-10. Lista er utarbeidd for internasjonal samanlikning av dødsårdsaker. Lista består av 65 dødsårsaksgrupper med oversetting til ICD-9 og ICD-8.

Eurostat ønskjer nå at alle europeiske land byrjar med automatisert koding. Eit automatisert kodesystem (ACME) er eit system som fastset den underliggjande dødsårsak, og som er basert på internasjonal standard for utveljing av den underliggjande dødsårsak. ACME følgjer internasjonale reglar og retningslinjer.Føremålet med innføring av automatisert koding er å oppnå ei meir einheitleg koding og som eit resultat av det ein meir samanliknbar statistikk internasjonalt. I dei nordiske landa arbeider alle med, eller vil starta, implementering av ACME. ACME, ei programvare som velgjer underliggande dødsårsak, og er utvikla og eigd av National Center for Health Statistics i USA. ACME er valt som standard for den framtidige europeiske kodingsstandard med førermål å auka mulegheita for å samanlikna dødsårsaker mellom landa. Det blir i dag nytta av omlag 15 land og ytterlegare ti land kjem til å anvenda systemet i løpet av neste tiårsperiode. I Noreg er, som tidlegare nemnd, ein halvautomatisk versjon av ACME teke i bruk i dødsårsakskodinga frå og med årgang 2005.

I 2004 gjennomførte SSB eit pilotprosjekt, sjå notater 2004/1. Prosjektet sitt føremål var å vurdera Noreg sin kodepraksis opp mot eit automatisert kodesystem som bestemmer underliggjande dødsårsak.

Gjennom nordisk senter for sjukdomsklassifisering, Nordclass i Oslo, WHO, er det oppretta eit nordisk/baltisk samarbeid for samanlikning og meir einheitleg koding. Kvart kvartal blir utvalde tilfelle koda og resultatet blir samanlikna landa imellom med ACME som internasjonal standard. I dag ligg andelen samanfallande koding på rundt 70 prosent for Noreg.

Noreg sin dokumentasjon av tolking og endring av ICD-10 og brot i statistikken finst på Dokumentasjon

For åra 1996-2002 blei forgiftingsdødsfall hos misbrukarar koda med kode F10-19 og med fjerdeteikn 0. Forgiftingsdødsfall kor avdøde ikkje var kjent som misbrukar blei koda som ulukke med kode X40-X49. Etter tilråding frå WHO er alle akutte forgiftingsdødsfall flytta til kapittelet for ulukker (kapittel XX, ICD-kode X40- X49) frå og med årgang 2003. Denne endringa gir betydelege utslag i statistikken.

WHO har laga ei liste over kva for nokre diagnosekodar som kan forårsaka pneumoni, og som vil bli føretrekt framfor pneumoni som underliggjande dødsårsak. Konsekvensen av dei endra kodereglane har medført færre pneumonidødsfall som underliggjande dødsårsak. Senil demens er blant dødsårsakene som skal føretrekkjast framfor pneumoni etter dei nye reglane, og endringa har gitt utslag i statistikken for åra 2003-2006.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Éi av dei potensielt største feilkjeldene er sjølve dødsårsaksundersøkinga med legen si diagnosesetting og rapportering på legeerklæringa/dødsmeldinga. Tilleggsinformasjon, samt tilbakespørjing til lege, er difor av vesentleg betyding for å sikra kvaliteten på opplysning om dødsårsak.

For å unngå fråfall er det vanleg at Statistisk sentralbyrå sender ut 3-4 purringar i året på ikkje innkomne dødsmeldingar. Purringane vert sende til kommunelegane. Om det framleis er fråfall av dødsmeldingar for registrerte dødsfall når statistikken skal utarbeidast, og som det heller ikkje føreligg andre opplysningar for, blir desse registrert med ukjend dødsårsak.

Ikkje relevant i denne statistikken, sidan utval ikkje nyttast.

Andre feil kan oppstå ved tolking av dødsmeldingsteksta og ved tastefeil.

Dødsmeldinga som grunnlagsmateriale for statistikken, kan innehalda feil fordi den ikkje er rett utfylt ved at den gitte dødsårsaka ikkje er rett eller at det er svikt i årsaksrekkefølgja i dei oppførde diagnosane på meldinga.