Rapporter 2010/51

Analysar av regionale og sosiale skilnader i eigenvurdert tannhelse, tannstatus, bruk av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege

Tannhelsetilstand og tannlegetenester

I rapporten blir den eigenvurderte tannhelsa, tannstatusen, bruken av tannlegetenester og eigenbetalinga hos tannlege i befolkninga 21 år og eldre analysert.

I rapporten blir den eigenvurderte tannhelsa, tannstatusen, bruken av tannlegetenester og eigenbetalinga hos tannlege i befolkninga 21 år og eldre analysert. Analysane tek utgangspunkt i utvalet frå SSB si levekårundersøking i 2008, og datakjeldene er levekårundersøkinga og KOSTRA. Føremålet med analysane har vore å undersøke om og eventuelt korleis eit utval sosioøkonomiske og regionale kjenneteikn påverkar dei fire fenomena knytt til tannhelse og tenestebruk. Det er sosioøkonomiske forskjellar i befolkninga målt ved hjelp av utdanningsnivå, inntektsnivå og mottak av stønader. Samstundes er det regionale skilnader mellom fylke når det gjeld tannlege-, tannpleiar- og tannlegespesialistdekning. Gjennom logistiske regresjonsmodellar blir ulike faktorar analysert for å identifisere statistisk sikre samanhengar mellom fenomena som blir studert og ulike kjenneteikn ved einingane. Dessutan blir dei statistisk sikre samanhengane vurdert i forhold til kvarandre og i forhold til teori og empiri på området. Bakgrunn, metode og tilnærming for analysane er presentert i kapittel 1.

Eigenvurdert tannhelse er eitt mål for tannhelsetilstand. Den eigenvurderte tannhelsa er ei subjektiv vurdering av den generelle tannhelsetilstanden, og er i stand til å måle fordelaktig og ufordelaktig tannhelse. Det å ha høg alder, låg inntekt, vere mottakar av stønader og det å bu i Nord-Noreg er alle faktorar som aukar sannsynet for dårleg eigenvurdert tannhelse, medan det å ha høg utdanning reduserer sannsynet. På den andre sida aukar både det å ha låg og høg utdanning sannsynet for å ha god eigenvurdert tannhelse, medan det å vere mann, ha låg inntekt, vere mottakar av stønader, vere busett i spreiddbygde strøk og det å bu i Nord-Noreg er faktorar som reduserer sannsynet for god eigenvurdert tannhelse. Eigenvurdert tannhelse er behandla i kapittel 2.

Eigenrapportert tannstatus er eit uttrykk for tannhelsetilstand som måler talet på eigne tenner. I rapporten blir det fokusert på det å ha under 10 tenner (dårleg tannstatus) og over 20 tenner (god tannstatus). Det å ha høg alder, låg utdanning, vere mottakar av stønadar, vere busett i Nord-Noreg og ha låg tannlegedekning i privat tannhelseteneste, er alle faktorar som aukar sannsynet for dårleg tannstatus, medan høg utdanning reduserer sannsynet. På den andre sida er det utelukkande det å ha høg utdanning som aukar sannsynet for å ha god tannstatus, medan det å ha høg alder, låg inntekt, vere mottakar av stønader, vere busett i spreiddbygd strøk og det å bu i Nord-Noreg er faktorar som reduserer sannsynet for god tannstatus. Tannstatus er tema i kapittel 3.

Bruk av tannlegetenester er eit mål for kor ofte folk er hos tannlege. I rapporten blir det lagt vekt på det å ha konsultert tannlege for meir enn to år sidan (sjeldan) og siste 12 månader (ofte). Det å vere mann, ha låg utdanning, låg inntekt, bu i spreiddbygd eller tettbygd strøk, og det å vere busett i Nord-Noreg er faktorar som aukar sannsynet for å gå sjeldan til tannlege, medan det å ha høg utdanning reduserer sannsynet. På den andre sida er det berre høg alder og høg utdanning som aukar sannsynet for å gå ofte til tannlege, medan det å vere mann, ha låg utdanning, låg inntekt, vere busett i spreiddbygd eller tettbygd strøk, bu i Nord-Noreg og ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste er faktorar som reduserer sannsynet for å besøke tannlege ofte. Bruk av tannlegetenester er drøfta i kapittel 4.

Eigenbetaling hos tannlege er eit mål for kor mykje folk betaler sjølve for tannlegekonsultasjonar. I rapporten er det retta fokus på det å betale over 10 000 kroner (høg eigenbetaling) og under 2 000 kroner (låg eigenbetaling). Det å ha høg alder og det å vere mottakar av stønader er dei to faktorane som aukar sannsynet for høg eigenbetaling, medan det å ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste reduserer sannsynet. På den andre sida aukar det å ha låg utdanning, vere busett i spreiddbygd strøk, og ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste sannsynet for låg eigenbetaling, medan det å ha høg alder og det å vere mottakar av stønader reduserer sannsynet. Eigenbetaling hos tannlege er omtalt i kapittel 5.

Om publikasjonen

Tittel

Tannhelsetilstand og tannlegetenester. Analysar av regionale og sosiale skilnader i eigenvurdert tannhelse, tannstatus, bruk av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege

Ansvarlige

Trond Ekornrud, Arne Jensen

Serie og -nummer

Rapporter 2010/51

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Helsetjenester, Helseforhold og levevaner

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7980-5

ISBN (trykt)

978-82-537-7979-9

ISSN

1892-7513

Antall sider

73

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt