Publikasjon

Rapporter 2010/29

Tannhelse

Personell og kostnader, tannhelsetilstand og tannlegebesøk

Innhold

Rapporten presenterer og omtalar eit utval sentrale tal frå høvesvis KOSTRA og levekårundersøkinga. Føremålet er å gi eit bilete av personell (sysselsetjing) og driftsutgifter så vel som tannhelsetilstand, bruk av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege. Tannhelsetenesta i Noreg er delt opp i ein fylkeskommunal (offentleg) og ein privat sektor. Informasjon om den offentlege sektoren er god som følgje av den årlege rapporteringa frå fylkeskommunane gjennom KOSTRA. Verksemda i den private sektoren er ikkje like godt dokumentert. Levekårundersøkinga i 2008 kartla tannhelserelaterte tema som gir moglegheit til å dokumentere meir av verksemda i den private tannhelsetenesta.

Bakgrunnsinformasjon om den norske tannhelsetenesta si oppbygging, samt datakjeldene som dannar grunnlaget for rapporten blir presentert i kapittel 1.

Personell og kostnader i tannhelsetenesta seier noko om innsatsfaktorane som ligg til grunn for tannhelsetenesta i landet. Tala viser at det har skjedd ein nedgang i personelltettleiken samla i femårsperioden 2004-2008 for den offentlege tannhelsetenesta om ein ser det i forhold til dei prioriterte gruppene dei skal tene. I den private tannhelsetenesta har den samla personelltettleiken auka noko i same periode. Samstundes er det store fylkesvise skilnader både når det gjeld personelltettleik og kostnader.

Personell og kostnader i den offentlege og private tannhelsetenesta blir presentert i kapittel 2.

Medan rapporteringa av eigenvurdert tannhelse i levekårundersøkinga måler generell tannhelsetilstand, måler rapporteringa av tannstatus (talet på tenner) meir graden av tannsjukdom. Det er likevel ein klar samanheng mellom desse to tannhelsemåla. Det er vidare ein eintydig tendens til at tannhelsa blir betre med aukande inntekt, at personar busette i Nord-Noreg har dårlegast tannhelse og tannstatus, og at eigenvurdert tannhelse og tannstatus er best blant dei med høgare utdanning.

Eigenvurdert tannhelse, tannstatus (talet på tenner) og førebygging av tannproblem blir presentert i kapittel 3.

Rapportering av tannlegekonsultasjonar i den vaksne befolkninga gir eit uttrykk for befolkninga si bruk av tannhelsetenester. Kor ofte ein blir tilråda å besøke tannlegen varierer med alderen, og norma for vaksne har også endra seg over tid. Samstundes er det rimeleg å tru at regelmessige besøk hos tannlege vil vere med på å førebyggje problem og gi god tannhelse. Det er ein eintydig tendens til at hyppigheita på tannlegebesøk går ned med fallande inntekt, og at personar busett i Nord- Noreg går sjeldnast til tannlege, har flest akutte tannlegebesøk og er minst nøgd med kor raskt dei fekk hjelp.

Tannlegekonsultasjonar blir presentert i kapittel 4.

Finansieringa av tannhelsetenester for vaksne i alderen 21 år og eldre skjer i all hovudsak gjennom eigenbetaling. Det finst relativt lite informasjon om kor mykje befolkninga faktisk betalar hos tannlege og kor mykje av betalinga dei får refundert gjennom til dømes folketrygda. Levekårundersøkinga kartlegger både eigenbetaling og refusjonar frå folketrygda. Det er dei med låge inntekter som har høgast tannhelseutgifter, og personar busett i Oslo og Akershus har høgast utgifter til tannlege samanlikna med andre landsdelar.

Eigenbetaling og refusjonar hos tannlege blir presentert i kapittel 5.

Drøftinga av resultata frå høvesvis KOSTRA og levekårundersøkinga blir presentert i kapittel 6..

Kontakt