Bruker nesten 4 milliardar på tannhelse i fylka

Publisert:

I 2018 blei det brukt over 3,7 milliardar kroner på den offentlege tannhelsetenesta, ein auke på 50 prosent sidan 2008. Samstundes blir tannhelsa til barn og unge stadig betre.

Det meste av utgiftene i den offentlege tannhelsetenesta blir brukt til å behandle pasientar. I 2018 gjekk om lag 2,8 milliardar kroner av samla brutto driftsutgifter med til pasientbehandling, viser nye tal frå statistikken Tannhelsetenesta.

Det er ein auke på 42 prosent sidan 2008. Samstundes er det utgiftene som ikkje er direkte knytt til omfanget av pasientbehandling som aukar mest relativt sett. Sidan 2008 har utgifter knytt til administrasjon, lokale og utstyr auka med 86 prosent, frå 500 millionar kroner til 900 millionar kroner.

Figur 1. Brutto driftsutgifter i tannhelsetenesta etter funksjon. 2008-2018. Løypande priser

Totalt Administrasjon, utstyr, lokaler (F660) Pasientbehandling (F665)
2008 2.5 0.5 2.0
2009 2.6 0.5 2.1
2010 2.7 0.6 2.2
2011 2.9 0.6 2.3
2012 2.9 0.6 2.3
2013 3.1 0.7 2.4
2014 3.3 0.8 2.5
2015 3.3 0.8 2.5
2016 3.4 0.8 2.6
2017 3.5 0.8 2.7
2018 3.7 0.9 2.8

Behandlar over ein million pasientar

Den offentlege tannhelsetenesta behandla i overkant av ein million pasientar i løpet av 2018. Det er ein auke på fem prosent sidan 2008.

Den største pasientgruppa er barn og unge i aldersgruppa 3–18 år. I denne gruppa var det rundt 7 av 10 som hadde blitt undersøkt eller behandla i 2018. I løpet av ein periode på tre år, har derimot dei aller fleste barn og unge vore innom tannlege eller tannpleiar for behandling. 

Tannhelsa til barn og unge blir stadig betre

Dei siste tretti åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Det gjeld både blant 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar, men spesielt positiv har utviklinga blant 18-åringar vore. Det er no ein større del utan hol i tennene enn nokon gong tidlegare.

I 1985 var det ein prosent som aldri hadde hatt hol i tennene. I 2018 hadde delen auka til om lag 27 prosent. Samstundes er det er færre med mange hol. Sidan 2001 har delen undersøkt 18-åringar med meir enn 9 hol gått ned frå 16 prosent til 7 prosent. 

Figur 2. Delen undersøkt/behandla utan hol i tennene. 5-åringar, 12-åringar og 18-åringar

5-åringar 12-åringar 18-åringar
1985 50 19 1
1986 52 22 2
1987 56 25 4
1988 58 28 5
1989 60 30 7
1990 61 32 7
1991 63 33 8
1992 63 36 9
1993 64 36 10
1994 63 38 11
1995 65 40 11
1996 68 43 12
1997 70 45 13
1998 70 46 14
1999 66 48 15
2000 61 48 16
2001 60 46 17
2002 59 43 17
2003 65 42 17
2004 61 41 16
2005 71 42 16
2006 73 44 16
2007 76 46 16
2008 79 48 16
2009 80 49 16
2010 80 50 17
2011 81 55 18
2012 81 55 18
2013 83 57 20
2014 82 60 21
2015 82 60 22
2016 80 59 24
2017 81 60 27
2018 81 60 27

Derfor går delen undersøkt/behandla utan hol ned mot slutten av 90-talet

Mot slutten av 1990-talet faller delen undersøkte/behandla 5-åringar og 12-åringar utan hol i tennene. Dette er fordi tannhelsetenesta sin innkallingspraksis blei endra. Frå å kalle alle inn til undersøking kvart år, blir pasientane i staden kalla inn individuelt etter behov. Det betyr at dei med dårlegare tannhelse blir kalla inn oftare enn dei med god tannhelse. Ein slik praksis utnyttar ressursane betre. I åra etter endra praksis, har utviklinga fortsett på den tidlegare trenden.

Faktaside