Denne siden trenger javascript! Du må slå på støtte for javascript i nettleseren din for at denne siden skal fungere optimalt.
|
Estenstad analyserer korleis pensjonssystemet, i samspel med demografi og andre faktorar, påverkar offentlege finansar. For tida bidreg han til at offentleg tenestepensjon (Statens pensjonskasse, Kommunal Landspensjonskasse m.fl.) og fordeling av arbeidsstyrken mellom privat og offentleg sektor blir innarbeidd i SSBs mikrosimuleringsmodell MOSART. MOSART nyttar kjende, faktiske individdata og simulerer det vidare livsløpet til den enkelte med utgangspunkt i desse. Ut frå dei simulerte livsløpa, kan ein mellom anna studere korleis ulike utformingar av pensjonssystemet påverkar arbeidsstyrken og pensjonsutgiftene i framtida.
