118770
118770
forskning
2010-01-06T08:00:00.000Z
no

Måling av miljøavgifter

Publisert:

I en ny artikkel diskuteres forskjellen på Pigou-avgifter og fiskale skattar i lys av skatteteori. Skatteprovenyet som følgjer Eurostat m.fl. sin statistiske basis avviker signifikant frå provenyet frå miljøavgifter som er rekna ut med utgangspunkt i den teoretiske definisjonen. Internasjonale statistikkar for miljøavgifter bør derfor harmoniserast med skatteteori, skriver forsker Annegrete Bruvoll.

Sammendrag av Discussion Paper 599, On the measurement of environmental taxes:



Miljøavgifter skal korrigere for negative miljøkonsekvensar som marknadsaktørane ikkje tek omsyn til, dvs internalisere Pigou elementet. I tillegg er det lagt fiskale avgifter både på forureinande og ikkje-forureinande gode, som optimalt skal følgje Ramsey-prinsippet. I praktisk politikk er miljøavgifter og fiskale skattar samanblanda. Denne miksen kompliserer kalkuleringar av både omfanget og effektane av miljøavgifter. Eurostat, OECD og IEA inkluderer alle skattar og avgifter relaterte til energi, transport og forureining, samt dei fleste ressursskattane i deira internasjonale målingar av miljørelaterte avgifter. Dermed blir mange fiskale skattar og miljøavgifter summerte saman. Denne artikkelen diskuterer forskjellen på Pigou-avgifter og fiskale skattar i lys av skatteteori. Skatteprovenyet som følgjer Eurostat m.fl. sin statistiske basis avviker signifikant frå provenyet frå miljøavgifter som er rekna ut med utgangspunkt i den teoretiske definisjonen. Internasjonale statistikkar for miljøavgifter bør derfor harmoniserast med skatteteori.

Download publication in fulltext:

  • dp599.pdf Publication in Adobe Acrobat format

Kontakt