243852_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243852
Leverandørnæringane trekkjer industriproduksjonen ned
statistikk
2016-10-07T08:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 6,2 prosent fra juli til aug 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Leverandørnæringane trekkjer industriproduksjonen ned

Norsk industriproduksjon fall 2,8 prosent i perioden juni-august 2016, samanlikna med tremånadersprioden før. Framleis er det næringar nært knytte til oljesektoren som bidreg mest til nedgangen. Frå juli til august var nedgangen på heile 6,2 prosent, etter ein tydeleg auke frå juni til juli.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
August 2016 / Juli 2016Juni 2016 - August 2016 / Mars 2016 - Mai 2016August 2016 / August 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-4,7-2,8-6,4100,0
Utvinning og utvinningstjenester-4,4-2,7-7,071,4
Bergverksdrift-2,65,37,00,5
 
Industri-6,2-2,8-7,523,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,60,62,34,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri20,87,024,42,4
Metallindustri-6,40,1-2,31,2
Maskinindustri-12,4-11,3-27,63,0
Bygging av skip og oljeplattformer-21,8-6,5-17,41,8
 
Kraftforsyning-2,0-5,2-3,64,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 112,5 (2005=100) i perioden juni-august 2016 mot 115,7 i perioden mars-mai 2016. 

Tremånadersendring: Petroleumsretta leverandørindustri bidreg mest til nedgangen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein tydeleg nedgang på 2,8 prosent i perioden juni-august 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Den petroleumsretta leverandørindustrien hadde samla sett eit kraftig fall på 7,9 prosent i denne perioden og er hovudårsaka til nedgangen. Låg aktivitet og permitteringar pregar næringane innanfor denne analytiske grupperinga, slik figur 6 viser. Mellom anna fall maskinindustri, saman med maskinreparasjon og –installasjon, med høvesvis 11,3 og 10,1 prosent. Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde òg ein kraftig nedgang i denne tremånadersperioden, samanlikna med den føregåande. For meir om aggregatet petroleumsretta leverandørindustri sjå eigen vedleggsboks. 

Noko av nedgangen blir motverka av sterk vekst innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Denne oppgangen kan særleg knytast til svært stor produksjon av farmasøytiske produkt. 

Månadsendring: Kraftig produksjonsnedgang frå juli til august 2016

Sesongjusterte tal viser ein kraftig nedgang i industriproduksjonen på 6,2 prosent frå juli til august 2016. Fallet kjem etter ein klar oppgang frå juni til juli. Fleire næringar bidrog til nedgangen, men dei største bidraga kjem frå: 

  • bygging av skip og oljeplattformer
  • maskinindustri
  • dataindustri og elektrisk utstyrsindustri 

I tillegg til liten aktivitet i desse næringane kan noko av nedgangen i august 2016 knytast til meir ferieavvikling i august i år enn føregåande år. I den motsette retninga trekte næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri der produksjonen auka kraftig. 

Tolvmånadersendring: Små endringar i industrien både i Noreg og eurosona

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 0,6 prosent frå juli 2015 til juli 2016. Redusert aktivitet i maskinindustrien i tillegg til i maskinreparasjon og -installasjon blei i denne perioden motverka av høg produksjon innanfor metallindustri så vel som i trelast- og trevareindustri. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona var uendra i den same perioden. 

Tremånadersendring: fall i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med 2,8 prosent i perioden juni-august 2016, samanlikna med den førre tremånadersperioden. Utvinning av råolje gjekk opp 1,3 prosent, medan utvinning av gass hadde ein tydeleg nedgang på 6,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i august 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet

Aktiviteten i utvinningstenester var om lag uendra i perioden juni-august 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Dette kan tyde på at nedgangen i denne næringa byrjar å flate ut. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 5,2 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 5,3 prosent.

Nye indikatorar for leverandørindustrienÅpne og lesLukk

Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Desse indikatorane byggjer på den analytiske grupperinga som blei presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publiserte månadleg, er: 

  • Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester
  • Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)
  • Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri 

Ei nærare forklaring av næringar som er dekte av grupperingane, finn ein i artikkelen nemnd ovanfor.

 

Sommaren kan påverke dei sesongjusterte talaÅpne og lesLukk

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei sesongjusterte indeksane for juli og august grunna ferieavvikling i mange verksemder i desse månadene. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til ferie, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av sommarferien. Dette gjeld særskilt om uttaket av ferie varierer mykje mellom juli og august frå eitt år til eit anna.