243874
243874
Liten nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2017-01-06T08:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Energi og industri
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerOlje og gass, Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Energi og industri
true

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2016

Produksjonsindeksen (PII) viser til totalproduksjonen innanfor olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Talmaterialet dekkjer heile PII, medan det i omtalen er lagt hovudvekt på utviklinga i industrien.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Liten nedgang i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk ned 0,6 prosent i perioden september-november 2016, samanlikna med tremånadersperioden før. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til nedgangen denne tremånadersperioden. På månadsbasis, frå oktober til november 2016, var produksjonen derimot uendra.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
Produksjonsindeks. SesongjustertProduksjonsindeks. Kalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
November 2016 / Oktober 2016September 2016 - November 2016 / Juni 2016 - August 2016November 2016 / November 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,5-0,41,3100,0
Utvinning og utvinningstjenester0,9-0,33,871,4
Bergverksdrift0,3-1,89,50,5
 
Industri-0,1-0,6-4,223,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.2,7-1,6-1,74,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri5,7-2,314,12,4
Metallindustri-2,2-2,8-3,71,2
Maskinindustri-3,2-0,3-22,13,0
Bygging av skip og oljeplattformer-3,5-1,7-5,01,8
 
Kraftforsyning-0,30,40,94,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 111,7 (2005=100) i perioden september-november 2016 mot 112,4 i perioden juni-august 2016. 

Tremånadersendring: redusert aktivitet i næringsmiddelindustrien 

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten nedgang på 0,6 prosent i perioden september-november 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Det var næringsmiddelindustrien og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til denne nedgangen, med fall på høvesvis 2,2 og 2,3 prosent. Nedgangen i næringsmiddelindustrien heng mellom anna saman med fall i foredling og konservering av fisk. Dette har fleire ulike årsaker, mellom anna forsert slakting i tidlegare periodar og mengda fiskekvotar. For oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri er fallet mellom anna knyta til revisjonsstans hos nokre tonegivande produsentar. 

Samstundes bidrog metallvareindustrien saman med dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, som hadde ein auke på høvesvis 2,5 og 1,8 prosent, til å dempe nedgangen i den samla industriproduksjonen. 

Produksjonen i den petroleumsretta leverandørindustrien hadde samla sett også ein auke denne tremånadersperioden, samanlikna med den førre. Dette må sjåast i samanheng med ein svak august månad for den analytiske grupperinga. 

Månadsendring: tilnærma uendra industriproduksjon frå oktober til november 2016 

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen var tilnærma uendra frå oktober til november 2016. I denne perioden hadde maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformar ein klar nedgang, medan næringsmiddelindustrien og kjemiske råvarer hadde ein oppgang. Den kraftige auken for kjemiske råvarer kan knytast til vedlikehaldsstans hos nokre tonegivande produsentar månaden før. 

Tolvmånadersendring: nedgang i Noreg, liten auke i eurosona i oktober 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 3,4 prosent frå oktober 2015 til oktober 2016. Maskinindustrien bidrog saman med maskinreparasjon og -installasjon mest til denne nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,4 prosent i den same perioden. 

Tremånadersendring: liten nedgang i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med 0,4 prosent i perioden september-november 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Utvinning av råolje gjekk opp 2 prosent, medan utvinning av gass hadde ein tydeleg nedgang på 6,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i november 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet. 

Aktiviteten i utvinningstenester fall med 4,3 prosent i perioden september-november 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Verksemdene innanfor denne næringa blir mellom anna ramma av låg investeringsaktivitet i olje- og gassektoren. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein liten oppgang på 0,4 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,8 prosent. 

Nye indikatorar for leverandørindustrienÅpne og lesLukk

Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Desse indikatorane byggjer på den analytiske grupperinga som blei presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publiserte månadleg, er: 

  • Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester
  • Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)
  • Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri 

Ei nærare forklaring av næringar som er dekte av grupperingane, finn ein i artikkelen nemnd ovanfor.