286073
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
286073
statistikk
2017-09-19T08:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
true

Sal av petroleumsprodukt

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

758

millionar liter selde petroleumsprodukt i august

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal12
August 2017August 2016Endring i prosent
August 2016 - August 2017
1Bensin blyfri 95 oktan
2Prisene er gjennomsnittlige utsalgspriser innhentet til konsumprisindeksen. Prisene inkl. skatter og avgfiter.
3Avgiftspliktig diesel
 
Samla sal av petroleumsprodukt758777-2,4
Bilbensin105110-4,5
Autodiesel3274281-2,5
 
Autodiesel, pris13,5511,6416,4
Bilbensin, pris14,7913,638,5

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Sal av petroleumsprodukt, etter produkt. Millionar liter. Førebelse tal

Sal av petroleumsprodukt, etter produkt. Millionar liter. Førebelse tal1
I altProsent
August 2017August 2016 - August 2017
1Omfattar også bunkers, det vil seie leveransar frå norske havner til skip i utanriksfart uansett skipa sin nasjonalitet.
2Omfattar flybensin og asfalt (bitumen)
Petroleumsprodukt i alt758-2,4
Bilbensin105-4,5
Autodiesel274-2,5
Anleggsdiesel867,5
Jetparafin1079,2
Marine gassoljer93-23,1
Fyringsparafin2-33,3
Lett fyringsolje2441,2
Tungdestillat og tungolje1250,0
Andre petroleumsprodukt255-6,8

Tabell 2 
Prisar på drivstoff per månad

Prisar på drivstoff per månad1
Prisar (kroner per liter)Prisar (kroner per liter)
Bensin, blyfri 95 oktanAvgiftspliktig diesel
1Prisene er gjennomsnittlige utsalgspriser. Prisene inkl. skatter og avgifter.
Endring frå sist månad, prosent1,441,88
Endring frå same månad sist år, prosent8,5116,41
Februar 201414,8413,43
Mars 201414,7113,20
April 201414,6912,99
Mai 201415,0313,18
Juni 201414,9713,02
Juli 201415,2913,25
August 201415,1213,25
September 201414,9613,06
Oktober 201414,6012,82
November 201414,4813,00
Desember 201413,7212,57
Januar 201513,7812,46
Februar 201513,5512,14
Mars 201513,9512,47
April 201514,2812,67
Mai 201513,9912,03
Juni 201514,6912,63
Juli 201514,9212,60
August 201514,3511,90
September 201513,6912,06
Oktober 201513,5012,05
November 201513,5512,00
Desember 201513,2911,75
Januar 201613,2911,61
Februar 201612,9310,95
Mars 201613,4111,86
April 201613,5311,41
Mai 201613,5711,21
Juni 201614,0211,96
Juli 201613,8812,06
August 201613,6311,64
September 201613,4711,57
Oktober 201613,3311,46
November 201613,6911,97
Desember 201613,8912,25
Januar 201714,9413,87
Februar 201714,8713,80
Mars 201714,6113,50
April 201714,2812,93
Mai 201714,3813,06
Juni 201714,6913,36
Juli 201714,5813,30
August 201714,7913,55

Tabell 3 
Sal av petroleumsprodukt, etter kjøpargruppe. Millionar liter. Førebelse tal

Sal av petroleumsprodukt, etter kjøpargruppe. Millionar liter. Førebelse tal1
I altProsent
August 2017August 2016 - August 2017
1Omfattar også bunkers, det vil seie leveransar frå norske havner til skip i utanriksfart uansett skipa sin nasjonalitet
2Omfattar mellom anna direkte import til industrien
Totalt sal758-2,4
Jordbruk og skogbruk350,0
Fiske og fangst21-52,3
Industri i alt54-26,0
Bygg og anlegg6416,4
Bustader og forretninsbygg8224,2
Transport478-2,4
Offentleg verksemd10,0
Netto direkte import216-50,0
Anna sal40185,7

Om statistikken

Føremålet med statistikken er å synleggjere salet av petroleumsprodukt. Statistikken syner salet av ferdig raffinerte petroleumsprodukt til ulike næringar fordelt på fylker. Statistikken syner ikkje petroleumsprodukter brukt som råstoff eller petroleumsprodukt forbrukt i energiproduserende næringar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Salet av petroleumsprodukt blir rapportert inn i heile liter frå oljeføretakta og publisert i 1000 liter i årlege statistikk og millionar liter i månadleg statistikk. Tal som oljeføretaka rapporterar til SSB er henta frå deira kunderegister og er volum dei har fakturert sine kundar. Frå utanrikshandel sine databaser blir tal henta ut i kilo og rekna om til liter ved hjelp av ulike faktorar for dei ulike produkta.

Variablane i den årlege statistikken er fylke, næringar og petroleumsprodukt.

Næringsinndelinga bygger på standard for næringsgruppering 2007 (SN2007)

Petroleumsprodukta:

  • Bilbensin: 95 og 98 oktan blyfri
  • Autodiesel, med avgift
  • Autodiesel, utan avgift
  • Marine gassoljer
  • Lett fyringsolje
  • Fyringsparafin
  • Jetparafin, kan nyttas i både fly og helikopter
  • Tungdestillat og tungolje, tungolje med under 1 % svovel, tungolje med over 1 % svovel og tungdestillat med over 0,2 % svovel
  • Smøremiddel: Industrismøremidl, hydrauliske oljer, prosess- og transformatorolje, motoroljer og girolje
  • Andre produkt: Kondensert petroleumsgass (LPG), kondensert naturgass (NGL), flybensin og bitumen/vegolje/asfalt. Flybensin er ikkje det same som jetparafin. Jetparafin nyttas i jet- og turbin motorar. Flybensin nyttas i andre flymotorar.

For månadleg statistikk nytter ein kjøpegrupper for å plassere sluttforbruket av petroleumsprodukt. Kjøpegruppene er ein eigen næringsinndeling som ikkje blir nytta av anna statistikk i SSB og som er utabeida i samarbeid med oljeføretaka.

For årlege tal er Svalbard inkludert i Troms fylke. Dette er gjort for å imøtekomma kravet om konfidensialitet. Dei månadlege tala er mindre detaljerte og her blir Svalbard publisert som eiget fylke. Private forbrukere omfatter salg hvor kunden er registrert med personnavn og mangler organisasjonsnummer. Sannsynligvis inkluderes med dette en del salg til jord- og skogbrukere.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) vert nytta som grunnlag for å næringsfordele sluttbruken av petroleumsprodukt i årleg statistikk.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Sal av petroleumsprodukt
Emne: Energi og industri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for energi- og miljøstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt og fylkesfordelt

Kor ofte og aktualitet

Årlege publisering: Endelege tal blir publisert om lag tre månadar etter utgangen av referanseåret.

Månadleg publisering: Førebelse tal blir publisert 11 arbeidsdagar etter referansemånaden.

Internasjonal rapportering

Tal frå statistikken er ei av kjeldene i energirekneskap- og balanse som nyttas til rapportering til Eurostat, IEA og FN.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Data lagras som flate filer i høve til SSB standard for arkivering.

1. Ureviderte data frå dei fire store oljeføretaka lagras.

2. Ferdig reviderte data frå alle kjeldene lagras.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med statistikken er å synleggjera sluttforbruket i Norge av dei ulike raffinerte petroleumsprodukta, dvs. utanom bruk i energiproduserande næringar og energiproduktar nytta som råstoff.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har frå 1995 på oppdrag frå Norsk Petroleumsinstitutt (NP), innhenta detaljerte månadlege opplysningar frå dei største oljeføretaka som sel petroleumsprodukt i Noreg. Tala har blitt publisert månadlig og som førebelse tal for sal av petroleumsprodukt fordelt på produkt, kjøpegruppe og fylke. Frå mars 2010 vart dei månadlege dataene innhenta med oppgåveplikt i høve til Statistikklova Tala blir publisert månadlig med førebelse tal for sal av petroleumsprodukt fordelt på produkt, kjøpegruppe og fylke.

Ønske om å sikre kvaliteten på denne statistikken, og med fordeling av salet etter standard for næringsgruppering (SN 2007), førte til at det vart slutta å innhente årlege endelege tal frå oljeføretaka i tillegg til månadlege førebelse tal. Standard for næringsfordeling er ein standard basert på den internasjonale standarden NACE som blir nytta i i SSB. Ved å følgje denne standarden vart det også enklare å bruke statistikken som kjelde i andre statistikkar.

I april 2012 vart det for første gang publisert årlege endelege tal for sal av petroleumsprodukt for årgangane 2009, 2010 og 2011. Tidligare hadde årlege tal bestått av månadlege tal summert opp. Dei årlege tala innehald fleire og meir detaljerte opplysningar som bidrar til ein betre næringsfordeling av sluttforbruk av petroleumsprodukt i Noreg.

Brukarar og bruksområde

Statistikken for sal av petroleumsprodukt blir nytta av offentleg verksemd, aktørar i petroleumsbransjen, interesseorganisasjonar og media. Internt i SSB er statistikken viktig som kjelde i utsleppsrekneskap, nasjonalrekneskap og energirekneskap- og energibalanse. Resultata brukas også indirekte i analyser og forsking i SSB. Dei rapporterande oljeføretaka mottar filar frå SSB som viser deira eiget sal og andelar av salet i Noreg.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Årleg statistikk for sal av petroleumsprodukt har eiga datainnsamling uavhengig av månadleg statistikk. I den månadlege statstikken sender dei støste oljeføretaka og eit utval mindre føretak inn data. For å lette oppgåvebyrda har ikkje dei mindre føretaka opplysningsplikt i den årlege statistikken. For dei mindre føretaka nyttas sumtal frå månadleg statistikk som grunnlagsdata i årleg statistikk. Den månadleg statistikken nyttast også som kontroll mot den årlege statistikken.

Lovheimel

Statistikklova av 16. juni 1989 nr. 54 § 2-2 og § 2-3

EØS-referanse

Data inngår i Eurostat rapportering i samsvar med Regulation NO 1099/2008

Produksjon

Omfang

Populasjonen i statistikken omfattar føretak som sel et bredt utval petroleumsprodukt i Noreg.

 

Datakjelder og utval

  • Dei fire største oljeføretaka som sel eit bredt utval av petroleumsprodukt i Noreg. Disse sender eigne datafiler med både årstal og månadstal til SSB.
  • Det hentas i tillegg månadstall for ytterlege fem mindre oljeføretak. Disse føretaka har spesialisert seg på sal av enkelte petroleumsprodukt eller produktgrupper og har betydeleg mindre sal enn dei fire største oljeføretaka. Disse månadlege tala blir nytta både i den månadlege og årlege statistikken.
  • Desse oljeføretaka dekker i alt om lag 3 prosent av innanlands sal av petroleumsprodukt. Alt salet som manglar er importert, iom. innanlands sal frå dei to raffineria i Noreg er med i utvalet. Seksjon for utanrikshandel i SSB har totalteljing på import og eksport av petroleumsprodukt, og nyttas til å berekne sal utanom utvalet. Dette gjørast ved å legge til nettoimporten (import minus eksport) for føretak utanom utvalet. Denne nettoimporten publiserast under «Netto direkte import» i den månadlege statistikken, mens den næringsfordelast i den årlege.
  • Frå januar 2017 er prisene basert på gjennomsnittlige utsalgspriser.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

1. Årleg statistikk

Om lag fem-seks ukar før data skal være hos SSB mottar oljeføretaka som er pålagt å rapportere eit brev. Oppgåveplikt i henhald til Statistikklova nyttas for å sikre at data kjem inn til rett tid. I brevet blir føretaka bedt om å senda inn ein datafil og ein beskriving av korleis denne datafilen skal sjå ut og innan ein gitt frist. Data frå oljeføretaka blir sendt til SSB som excelfiler. Excelfilene som SSB mottar skal innehalde desse variablane for kvart enkelt sal oljeføretaka har i referanseåret

  • Selskapsnummer, identitet for kvart enkelt selskapet som sendar inn data
  • Produktnummer, kvart petroleumsprodukt har ulikt produktnummer
  • Kjøpegruppenummer, identitet som nyttas i månadleg statistikk for sluttbrukar av petroleumsprodukt 
  • Fylkesnummer
  • Månad 
  • Årsta
  • Sum selt i liter
  • Organisasjonsnummer til fakturamottakar på verksemdsnivå
  • Offisielt namn på fakturamottakar
  • Organisasjonsnummer til mottakar av varen på verksemdsnivå
  • Namn på mottakar av varen
  • Adresse til mottakar
  • Postnummer for varelevering
  • Poststed for levering

Data frå føretaka blir lagra lokalt og blir lest inn i SAS EG med eigne rutinar for kvart føretak på grunn av ulik formatering.

Data som er lese inn blir kopla til Verksemds- og føretaksregisteret (VOF) via det oppgitte organisasjonsnummeret. I VOF er kvar verksemd kopla opp mot ein næring, basert på Standard for næringsgruppering 2007 (SN 2007). Observasjonane frå oljeføretaka kopla til næringar frå SN 2007 fortel kor sluttforbruket av petroleumsprodukta har funne sted.

I mange tilfelle er ikkje denne koplinga mellom organisasjonsnummer og næring mulig; der det er oppgitt ugyldig organisasjonsnummer som ikkje gir treff i VOF og der organisasjonsnummer ikkje er oppgitt. For disse kan ein nytta namn på faktura for å finne gyldig organisasjonsnummer og dermed få koplet på næring via VOF. Ein anna mulegheit er å nytta kjøpegruppe for å identifisere sluttbruken av petroleumsprodukt i disse tilfella. Dette er en identifikasjon som nyttas i månadleg sal av petroleumsprodukt og som er kjent for oljeføretakta. Problemet med å nytta kjøpegrupper er at den gir mindre detaljert inndeling av sluttbruken av petroleumsprodukt enn det SN 2007 gjør.

For dei mindre oljeføretaka som berre sender data månadleg kan ein også fordele sluttforbruk ut i frå kjøpegrupper. I dei månadlege tala blir ikkje føretaka bedt om å opplyse om sal med organisasjonsnummer.

registret med organisasjonsnummer og kan næringsplasseras via VOF og SN 2007. For å unngå dobbeltrapportering av tal blir føretak som rapporterarar direkte til SSB tatt ut frå tal henta frå utanrikshandel.

Ulogiske samanhengar og data med ufullstendig data blir flagga og gjennomgått. Dette kan være feil som usannsynleg næringsplassering av eit organisasjonsnummer eller at det har plassert sal av petroleumsprodukt i ein næring der forbruk ikkje er sannsynleg. For noen endringar er det lagt inn regler i SAS EG som retter opp disse automatisk. Andre endringar blir retta manuelt.

I ein del tilfelle viser det seg at opplysningane for kjøpegrupper gir eit betre bilete for sluttbruk av petroleumsprodukt enn det koplinga til VOF og SN2007 gjer. Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt nytter dermed en kombinasjon av kjøpegruppeinndeling oppgitt av oljeføretaka og næringsinndeling frå SN 2007 via kopling frå VOF for å beskriva sluttforbruk av petroleumsprodukt i Noreg.

I mange tilfelle opplyser oljeføretaka at de sel petroleumsprodukt til kundar som er vidareforhandlarar. Næringa «vidareforhandlarar» fortel lite om kor sluttbruken av petroleumsprodukta finn stad. Disse kundane sel petroleumsprodukt vidare utan at SSB har noen informasjon om sluttbrukar av disse produkta. Det er derfor blitt utarbeida fordelingsnøkkel for vidare fordeling av dette salet, bortsett frå sal til bensinstasjonar. Sal til bensinstasjonar blir plassert i egen næring. Fordelingsnøkkelen for sal til vidareforhandlarar utanom bensinstasjonar bygger på korleis salet har fordelt seg utanom vidareforhandlarar.

Ulike petroleumsprodukt kan ha same eigenskapar og kan nyttas om kvarandre. Viss ein stor forbrukar av eit petroleumsprodukt vel å bytta over til eit anna produkt, kan dette gi eit synleg skifte i statistikken, ved at salet av eit produkt kan bli betydelig redusert eller auka frå eit år til neste år.

Eit anna tilfelle der ein kan sjå endringar i statistikken er viss ein stor verksamd har endra næring. Viss ein verksamd forbrukar store mengder av eit visst produkt og skifter næring, kan forbruket forskyva seg synleg frå ei næring til ei anna.

2. Månadleg statistikk

For denne statistikken vert det innhenta opplysningar for:

  • Selskapsnummer
  • Produktnummer
  • Kjøpegruppenummer
  • Fylkesnummer
  • Månad
  • Årstal
  • Sum selt i liter

Det hentas også inn eigne tal frå utanrikshandel, som er mindre detaljerte. Dei er ikkje inndelt på selskap, fylke eller kjøpegruppe, men på selte sliter per petroleumsprodukt.

Oljeføretaka sender tal til SSB med frist den 6. arbeidsdagen etter referansemånaden. Data kommer som excelfilar og blir lasta inn i en Oracle database. Det blir gjort fortløpande revisjonar på månadlege data. Revisjonar blir gjort når oljeføretaka sender inn nye data. Det kan bli gjort revisjonar på oppfordring frå oljeføretaka som har funne feil i sine tal, eller ved at SSB gir uttrykk for at det må ha funne stad feilrapporteringar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Statistikklovas §2-6 inneber at opplysningar ikkje skal offentliggjeras slik at dei kan føres tilbake til oppgåvegivar. Tal er konfidensielle om det er færre enn tre verksemder, om ein verksemd alene står for over 90 prosent av salet, eller to verksemder til saman står for over 95 prosent av salet i kombinasjonen produkt, næring/kjøpegruppe og fylke. Konfidensielle tal blir prikka og gjort utilgjengelege i publiseringa og statistikkbanken.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt blei publisert første gang i 2013. Det blei da innhenta data for fire årgangar 2009, 2010, 2011 og 2012 for å ha eit samanlikningsgrunnlag. I dei vidare årgangane er variablane dei same og det kan samanliknas tal for produkt, næring og fylke for alle årgangar. For månadleg statistikk har SSB data frå 1995.

Det finnes tal for sal av petroleumsprodukt tilbake til 1952. Disse har ikkje dei same variable som er i månadlig eller årleg statistikk i dag og kan være vanskelege å samanlikna.

Tala frå årleg statistikk kan samanliknas med månadlege tal for variablane produkt og fylke. Næringsinndelinga skil seg i dei to statistikkane og kan derfor være vanskeleg å samanlikna. Dei rapporterande oljeføretaka kan ha gjort revisjonar i sine tal frå dei rapporterte månadlege til dei rapporterte årlege tal og dette kan være ei kjelde til ulike tal over produkt og fylke også.

I den første publiseringa av årlege tal for sal av petroleumsprodukt (april 2013) var det nytta kjøpegrupper for å plassera sluttbruken av petroleumsprodukt. Frå publiseringa 31. mars 2014 ble det nytta næringsinndelingar for å bestemme sluttbruken. Tidligare innsamla data blei da konvertert til næringsinndeling for å få samanliknbar tidsserie.

Inndelinga av petroleumsprodukta er endra i 2014 publiseringa og her har også tidligare årgangar blitt konvertert til same inndeling 2014.

Det kan oppstå ulikheiter mellom månadlige og årlege tal som følje av ulik avrunding. Månadlege tal blir publisert i millionar liter, mens årlege tal blir publisert i 1000 litar.

For månadleg statistikk: Frå januar 2014 vart produkta LPG, NGL og smøremiddel tatt ut av statistikken. Dette vart gjort i samråd med Norsk Petroleumsinstitutt og dei rapporterande oljeføretaka. Produkta er framleis ein del av den årlege statistikken og detta dekker brukaranes behov. LPG nytta som råstoff i industrien er ikkje med i statistikken.

Fram til og med desember 2016, utregning av gjennomsnittsprisar var basert på prosentvis framskrivning av konsumpris indeksen (KPI) kvar månad. Referansemånad var oktober 2010. Frå januar 2017 er prisene basert på gjennomsnittlige utsalgsprisar.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Resultata frå ein statistisk undersøkning vil som regel innehalde visse innsamlings- og bearbeidingsfeil. Innsamlingsfeil oppstår ved at oppgåvegjevar på grunn av glemsel, misforståing og liknande gir feil opplysningar. Bearbeidingsfeil er for eksempel feil som oppstår ved overføring av opplysningar frå datafiler til databaser eller feilvurderingar ved revisjon av utvalet.

Til tross for at det har blitt gjennomført en rekke kontroller i utvalet, så kan det likevel førekomma feil i datagrunnlaget, for eksempel feil som ikkje har vært mulig å fange opp med de kontrollrutinane som ble nytta, eller feil som skyldas feilvurderingar frå saksbehandlar i SSB.

Oljeføretaka blir bedt om å sende inn data for kvart enkelt sal av petroleumsprodukt på verksamdens organisasjonsnummer for den årlege statistikken. Dette blir ikkje alltid tatt til følje. Eit føretak kan ha fleire verksemder og desse verksemdene kan drive innanfor ulike næringar. Når eit sal blir registrert med organisasjonsnummeret til føretak og ikkje verksamd, kan viktig informasjon om næringsfordeling gå tapt.

Ein anna kjelde til uviss næringsplassering er ein verksamd som driv innafor fleire næringar. Eit busselskap kan til dømes både drive med busstrafikk og ferjetrafikk. Dette er to ulike næringar, men på grunn av at verksemda har eit organisasjonsnummer blir den berre kopla opp mot ei næring i VOF og vidare ein næring i SN2007.

I de tilfella der sal til vidareforhandlarar har blitt fordelt ved hjelp av fordelingsnøkkel er det knytt usikkerheit til sluttbruk av petroleumsprodukt. Fordelingsnøkkelen bygger på korleis salet har fordelt seg der salet ikkje er til vidareforhandlarar. Det er usikkert om oljeføretaka leverer til same kundar som vidareforhandlarar og at plassering av næring dermed blir korrekt.

For månadleg statistikk plasserer oljeføretaka salet i kjøpegruppar som fortel kor sluttbruken av petroleumsprodukta finn stad. Dei ulike oljeføretaka kan tolka dei ulike kjøpegruppene forskjellig og dette kan få utslag for statistikken.

Statistikken for sal av petroleumspodukt viser oljeføretkas sal og netto direkte import i Noreg. Disse tala tar ikkje omsyn til lager og eventuelle lagerendringar. Viss ein bedrift eller enkeltpersonar kjøper petroleumsprodukt som ikkje vært nytta, men lagra, regnes dette som forbruk i statistikken.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned?id=2195

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB