|
Denne publikasjonen gir eit statistisk oversyn over fiskerinæringa, der det er teke med eit utval av tilgjengeleg statistikk. For sjøfiske gir publikasjonen tal for fiskarar, fiskefartøy, fangst og økonomisk resultat. Det er òg teke med fangst levert i Noreg av utanlandske fiskefartøy. For fiskeforedlingsindustrien er det med statistikk som viser talet på bedrifter, sysselsette og økonomiske hovudtal. Publikasjonen har òg med tal for eksport og import av fisk og fiskeprodukt, og eit kapittel som gir oversikt over ein del fiskebestandar. Fram til 1977 gav Fiskeridirektoratet ut denne publikasjonen. 1977-årgangen var den første Statistisk sentralbyrå gav ut. Fiskeridirektoratet utarbeider framleis ein stor del av talgrunnlaget til publikasjonen, og gjer bidrag til teksten. Førebelse 2008-tal for fiskeria blei publiserte på Statistisk sentralbyrå sine websider i februar 2009.
|
|
Serie: Noregs offisielle statistikk (NOS D 427)
ISBN 978-82-537-7667-5 Trykt versjon ISSN 1504-2561 Elektronisk versjon Emnegruppe: 10.05 Fiske og fiskeoppdrett
Pris kr 140,00 (inkl. mva.) |
Meir informasjon: berit.storbraten@ssb.no, tlf. 62 88 51 16.
Publikasjonen kan tingast frå: Salg- og abonnementservice
2009 © Statistisk sentralbyrå