Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Internett-målinga

1.2. Emnegruppe

10.03 - Teknologiske indikatorar, inkl. IKT

1.3. Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis. Tal for slutten av eit kvartal publiserast innan utgangen av neste kvartal.

1.4. Regionalt nivå

Kommune.

1.5. Ansvarleg seksjon

440 - Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

1.6. Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2 og 2-3.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Føremålet til undersøkinga er produksjon av detaljert regional informasjon om kvaliteten på infrastrukturen som formidlar tilgang til Internett til bedrifter og privatpersonar. Statistikken vart fyrste gong publisert for 1. kvartal 2002. Nærings- og handelsdepartementet har støtta utviklinga av undersøkinga økonomisk.

2.2. Brukarar og bruksområde

Statistikken vert også brukt av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og media.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Populasjonen for undersøkinga er alle føretak som leverer fast tilgang på breiband til Internett til sluttbrukarar i Noreg og Svalbard. Bibliotek, Internett-kafear, verksemder som tilbyr ulike former for mellombels Internett-tilgang via heimesider og liknande er ikkje inkludert i populasjonen. Leverandørar av mobilt breiband er ikkje med i undersøkinga. Statistikken omfattar frå og med 4. kvartal 2006 abonnement tilbydd av alle slag internettleverandørar. Det gjeld og gratis tilgang til breiband via kommunen.

I Noreg har føretak som leverer tilgang til Internett til sluttbrukarar (bedrifter og privatpersonar) ikkje registreringsplikt. Det er såleis mogleg at enkelte mindre leverandørar av Internett-tilgang ikkje vert dekt av undersøkinga. Det kan særleg gjelde små, lokale kabel-TV selskap som også leverar Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjera statistikken fullt ut dekkjande held fram.

Populasjonen vert i starten avdekt gjennom kontakt med NIX (Norwegian Internet Exchange), den internasjonale organisasjonen RIPE NCC (Réseaux IP Européens Network Coordination Centre) og studiar av bransjemedia. NIX, som er eigd og drive av Universitetet i Oslo, er to samtrafikkpunkt for utveksling av trafikk på Internett. Leverandørar av Internett-tilgang tilkopla NIX har høve til å inngå avtalar med såkalla "virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang om vidaresal av Internett-tilgang. "Virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang leiger infrastruktur av andre. Opplysningar frå Internett-leverandørar tilkopla NIX gjer det mogleg å lokalisera "virtuelle" leverandørar av tilgang til Internett. Informasjon om leverandørar av Internett-tilgang registrert hjå RIPE NCC supplerer data innhenta frå NIX. RIPE NCC er ein organisasjon som tildeler leverandørar av Internett-tilgang adresser på Internett.

Næringa som leverer Internett-tilgang har ein ustabil struktur. Det gjer systematisk innhenting av informasjon frå bransjemedia, bedrifts- og føretaksregisteret og frå Internett naudsynt for å tilpassa populasjonen til endringar som samanslåingar og nedleggingar eller nye aktørar. Det er etablert eit samarbeid med Post- og teletilsynet om oppdatering av populasjonen.

3.2. Datakjelder

Data vert henta inn direkte frå leverandørar av Internett-tilgang.

3.3. Utval

Totalteljing av alle norske leverandørar av Internett-tilgang til sluttbrukarar.

3.4. Datainnsamling

Kvartalsvis datainnsamling som tar til i starten av neste månad. Frist for innsending er tre veker. Data vert overført frå oppgåvegjevarane i Excel, flat fil i ASCII-format eller XML. Dei fleste leverer frå 2009 via Altinn, medan eit lite mindretal leverer vedlegg til e-post.

3.5. Kontroll og revisjon

Innkomne data vert samanlikna med data frå føregåande kvartal for kvar oppgåvegjevar. Store avvik vert kontrollert, og om naudsynt vert oppgåvegjevar kontakta. Samstundes vert ugyldige postnummer kontrollert. Når alle data er registrert vert tal for kvar kommune samanlikna med tal for føregåande kvartal. Årsaka til store avvik vert undersøkt.

3.6. Berekningar

Talet på privatkundar per 100 hushald vert rekna ut for kvar kommune, fylke og for landet. Talet for hushald er frå og med 4. kvartal 2006 henta frå årleg registerbasert statistikk over hushald. Nyaste publiserte statistikk pr. 1. januar 2011 er nytta frå og med 1. kvartal 2011.

Den nye inndelinga av overføringshastigheit frå og med 4. kvartal 2008 gjorde det mogeleg å rekne ut medianverdien og gjennomsnittet for abonnementa. Ved utrekningane vert det føresett at abonnementa i kvar hastigheitsgruppe delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Desse indikatorane på kvalitet er og rekna ut tilbake til 2004. For åra 2006 til ny inndeling kom i 2008 er desse utrekningane mindre sikre.

3.7. Konfidensialitet

Det er ikkje publisert tall for kommunar med færre enn 10 abonnement.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Internett-abonnement: Ei teneste som gjev sluttbrukarar tilgang til Internett.

Fast tilgang til Internett: Alle teknologiar som krev ein fast kopling via kabel (som koppar, koaksial, fiber) eller fastmontert antenne (som for mottak av radiosignal frå bakkesendar eller satellitt).

Breiband: I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med teoretisk mogleg overføringskapasitet ved nedlasting frå nettet til den lokale brukaren høgare enn 128 kbit per sekund.

Bedriftskunde: Bedrift, føretak, organisasjon, institusjon eller offentleg verksemd.

Privatkunde: Hushald og privatpersonar. Omfattar og faste koplingar i fritidsbustader.

Overføringskapasitet (nedlasting): Den teoretisk moglege rekna i kilobit / Megabit per sekund.

Inndelinga i grupperingar for overføringskapasitetar (nedlasting) er f.o.m. 4. kvartal 2008:
> 128 kbit/sekund = < 512 kbit/sekund
> 512 kbit/sekund = < 1 Mbit/sekund
> 1 Mbit/sekund = < 2 Mbit/sekund
> 2 Mbit/sekund = < 4 Mbit/sekund
> 4 Mbit/sekund = < 8 Mbit/sekund
> 8 Mbit/sekund = < 16 Mbit/sekund
> 16 Mbit/sekund = < 32 Mbit/sekund
> 32 Mbit/sekund = < 64 Mbit/sekund
> 64 Mbit/sekund = < 128 Mbit/sekund
over 128 Mbit/sekund

4.2. Standard klassifikasjonar

Fylke og kommune. SSBs standard for Sentralitet 2008. Se lenke Sentralitet 2008.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Internett-leverandørane fordeler abonnementa geografisk på postnummer. Alle gyldige postnummer har ein kopling til minst ein kommune. Nokre av postnummera er forelda eller ugyldige. Dersom det ikkje er tvil om intensjonen til oppgåvegjevaren, vert postnummeret kopla til riktig kommune.

Nokre postnummer går på tvers av kommunegrenser og i slike fall vert ein av kommunane valde. Dette kan føre til mindre feil i delinga av abonnementa mellom kommunar. Nokre få feil i delinga av abonnementa mellom postnummer og dermed kommunar har blitt oppdaga. Når slike feil oppstår eller vert korrigerte kan det gjere store utslag på talet på abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.

Leverandørane av Internett-tilgang skil mellom bedrifts- og privatkundar. Ei bedrift må betala ein høgare pris for Internett-tilgang enn privatkundar, men mottek også betre kvalitet på tenesta. Nokre småbedrifter vel av kostnadsomsyn å bruka privatabonnement. Det kan såleis skjula seg bedrifter bak tala for privatkundar.

Arbeidstakarar med heimekontor får ofte tilgang til Internett heime via oppkoplinga til føretaket. Det tyder at fleire har tilgang til Internett i heimen enn talet på privatabonnement indikerer. Internett-leverandørane nyttar faktureringsadresser til å finna den geografiske lokaliseringa til kundane. For bedriftskundar med fleire geografiske lokaliseringar tyder det at berre ein av dei vert innrapportert. Til dømes vil bedrifter med faktureringsadresse i Oslo og avdelingar andre stader oppførast med eit abonnement utelukkande i denne byen.

Somme internettleverandørar gjev kundar tilbod om online registrering av abonnement. Det skaper utryggleik for kvaliteten på data om den geografiske lokaliseringa. Dersom det ikkje finst andre utvegar, vert oppgåvegjevarane bedne om å gje overslag. Abonnement som det ikkje er mogleg å stadfesta, vert klassifisert som "Uspesifisert".

Endringar i marknaden med fusjonar og oppkjøp eller overføring av kundar mellom føretak kan gje opphav til feil som til dømes dobbeltregistrering av abonnentar. Slike feil er avdekka for store leverandørar nokre få gongar. Korrigerte tal er publiserte.

5.2. Fråfallsfeil

Målt i høve til den totale mengda respondentar ligg svarprosenten på om lag 95 prosent. Sidan fråfallet berre inkluderer mindre leverandørar av Internett-tilgang, utgjer innleverte data truleg nær 100 prosent av den totale marknaden. Manglande data vert imputert med tal frå føregåande kvartal.

5.3. Utvalsfeil

Fullteljing.

5.4. Andre feil

Registerfeil: Sidan føretak som leverer Internett-tilgang til sluttbrukarar ikkje har registreringsplikt, må SSB gjennom ymse kjelder skapa eit register. Det er mogleg at dette registret ved enkelte høve ikkje er oppdatert. Dette kan medføra underdekking.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Definisjonen for breiband blei frå og med 4. kvartal 2004 endra. Publiseringane før dette kan dermed ikkje samanliknas med nyare publiseringar. For nokre av dei viktigaste variablane finst det ubrotne tidsseriar frå 1. kvartal 2002. Statistikken vart fyrste gongen produsert i 2002.

Avgrensinga til berre kommersielle leverandørar vart oppheva frå og med 4. kvartal 2006. Dette gjev store utslag i tala for kommunane Modalen og Tranøy.

Mobilt breiband blei tatt ut av undersøkinga frå og med 4. kvartal 2008. Tal for mobile breiband blei tatt ut og alle tal tilbake til 3. kvartal 2006 er korrigerte.

Ny inndeling av hastigheit frå 4. kvartal 2008 gjer at direkte samanlikning for alle grupper av hastigheit ikkje er mogleg før og etter dette brotet.

Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Kommunar med mange fritidsbustader kan difor få svært høge tal for privatabonnement per hushald.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Gjennom utvalsundersøkingane "Bruk av IKT i husholdningene" og "Bruk av IKT i næringslivet" produserer Statistisk sentralbyrå statistikk om IKT-bruk blant privatpersonar og føretak. Sjølv om tala ikkje kan samanliknast direkte, er statistikk frå Internett-målinga eit supplement til dei to undersøkingane. I desse to undersøkingane er breiband definert annleis enn i Internett-målinga.

Post- og teletilsynet bruker den same definisjonen av fast breiband. Deira eKom-statistikk skal gje om lag same totale tal for dei to marknadene delt på dei ulike teknologiane. eKom-statistikken har ikkje opplysningar om abonnementa fordelt etter hastigheit eller geografisk område. Derimot inneheld eKom-statistikken tal for mobile breiband, som ikkje er dekt av denne statistikken.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken finst og vert oppdatert på: http://www.ssb.no/inet/. Statistikken vert offentleggjort som Dagens statistikk på heimesida til SSB på Internett. Tidspunkt for offentleggjering er klokka 1000 den dagen som vert opplyst i statistikkalenderen.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Filer med kontrollerte og reviderte rådata vert lagra og kan gjerast tilgjengeleg for forskarar. Ferdig koda produksjonsdata på kommunenivå vert lagra i Statistikkbanken og er tilgjengeleg for alle.


2011 © Statistisk sentralbyrå