Nykeltal |
88 prosent av hushalda hadde PC og 86 prosent Internett-tilgang i 2009 |
| 1 633 000 breibandsabonnement i 2. kvartal 2009 |
116 798 arbeidde i informasjons- sektoren mot slutten av 2007. Dette utgjorde 4,7 prosent av samla sysselsetting.
|
Det vart eksportert IKT-varer for 18 milliardar kroner i 2008 |
| | |
|
|
| |
Ordforklaringar |
Informasjonssektoren = IKT (Informasjons- og komunikasjonsteknologi)-sektoren + Innhaldssektoren
IKT-sektoren = næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet (IKT-industri, IKT-Varehandel, Telekommunikasjon og IKT-konsulentverksemd)
Innhaldssektoren = næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet (Forlagsverksemd, Informasjonstenester, Radio og fjernsyn, Film og video)
|
|
| |
Informasjonssamfunnet |
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er sentral i utviklinga til økonomien. Omgrepet "informasjonssamfunnet" gjev eit bilete av IKT og store endringar i samfunnet. Sjølv om denne utviklinga ikkje skulle utgjera eit epokeskifte, er IKT likevel ei samfunnsendrande kraft. IKT påverkar i stendig raskare tempo innhald og utforming av varer og tenester. IKT endrar også organiseringa av næringar. Samstundes påverkar IKT tilhøva for menneskeleg samhandling og kontakt. IKT har sosial, politisk og kulturell innverknad på nordmenns daglegliv.
|
| | |
Digitale skiljeliner |
Omgrepet "Digitale skiljeliner" (på engelsk "Digital Divide") refererer til ulik konkurranseevne blant bedrifter og nasjonar, til ulik kvalitet ved opplærings- og utdanningsinstitusjonar, til individuelle, lokale, nasjonale og globale skilnader knytt til tilgang og bruk av IKT (Informasjons- og kommunikasjonsteknologi). I norsk samanhang vil "digitale skiljeliner" ofte tolkast som nye former for sosial, økonomisk eller regional ulikskap.
|
|
Tema  |
| Informasjonssamfunnet |
|
Tidleg på 1990-talet vart Internett opna for ålmenn bruk. I dag er nettsurfing og e-post ein del av kvardagen vår. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) utviklar seg raskt og vert brukt av føretak, offentleg sektor og hushald. Det norske informasjonssamfunnet er prega av at:
| - Fleire og fleire tenester vert tilbydd via Internett. Berre om lag 11 prosent av befolkninga nytta ikkje Internett siste tre månader. Særleg eldre kvinner fell utanfor den digitale verda.
|
- 73 prosent av hushalda har breiband, flest blant dei med høge inntekter.
|
- Norske hushald har PC og Internett-tilgang om lag som i andre nordiske land, medan norske føretak nyttar IKT mindre enn føretaka i grannelanda.
|
-
I 2007 omsette informasjonssektoren for 272 milliardar kroner, verdiskapinga var på 98 milliardar.
|
-
Informasjonssektoren hadde 112 000 sysselsette i 2007.
|
|
|
|
|
|
|
|
Nyaste artiklar med tabellar
Bruk av IKT
Informasjonssektoren
Publikasjonar og artiklar
Annan statistikk i SSB
Nasjonale lenkjer
Internasjonale lenkjer
|