7493_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elregn/aar
7493
Kraftbransjen med rekordresultat
statistikk
2002-04-29T10:00:00.000Z
Energi og industri
no
elregn, Elektrisitet, regnskap, kraftverk, e-verkEnergi, Energi og industri
true

Elektrisitet, regnskap2000

Innhold

Publisert:

Kraftbransjen med rekordresultat

Det vart sett forbruksrekord, produksjonsrekord og eit rekordresultat for kraftbransjen i 2000. Kraftbransjen hadde i 2000 eit driftsresultat på 11,6 milliardar kroner. Det er ein auke på 10,6 prosent frå 1999.

Resultat for føretak i kraftsektoren. 1996-2000. Millionar kroner

Prisane har vore fallande og forbruket har stege jamt dei siste åra. 2000 var ikkje noko unntak. Bruttoforbruket auka med 2,8 prosent til 124 TWh i 2000. Straumprisane fall med 7,2 prosent til 14,1 øre per kWh for hushald, og med 13 prosent til 10,7 øre per kWh i engrosmarknaden, eksklusive avgifter og nettleige. 2000 var eit vått år i store delar av landet. Innhaldet i vassmagasina var i 2000 over medianen for perioden 1990-1999 for det meste av året. For det vasskraftbaserte norske kraftsystemet vart det eit rekordår. Det vart i alt produsert om lag 143 TWh, ein auke på 16,8 prosent frå 1999, og 25 TWh meir enn i eit normalår. Eksporten var rekordstor med 20,5 TWh til ein verdi av 1,8 milliardar kroner. Etter at driftsresultatet i fleire år har vore stabilt, fekk bransjen eit klart oppsving i 2000. Produksjonsverk og høgintegrerte verk hadde klar forbetring, medan engrosverk, distribusjonsverk og andre verk opplevde ein nedgang i driftsresultatet. Dette kan tyde på at produsentar av elkraft naut godt av mykje nedbør.

Høgare årsoverskot

Salsinntektene auka med 4,9 prosent frå 1999. Driftsmarginen, som speglar høvet mellom driftsresultatet og driftsinntektene, gjekk opp eit prosentpoeng til 17,7 prosent i 2000. Som i 1999 var det nettselskap og produksjonsverk som kunne vise til høgast driftsmargin med høvesvis 23,1 og 34,7 prosent. Til samanlikning var driftsmarginen for alle ikkje-finansielle aksjeselskap på 9,7 prosent i 2000. Årsoverskotet vart 6,7 milliardar kroner, 16,8 prosent høgare enn i 1999. Av dette vart 3,7 milliardar sett av til utbytte.

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2000

Kraftbransjen solid

Totalkapitalen auka med 5,8 prosent til 234,5 milliardar kroner i 2000. Eigenkapitalen på 111,7 milliardar utgjer 48 prosent av totalkapitalen. Til samanlikning utgjer eigenkapitalen 37 prosent av totalkapitalen for alle ikkje-finansielle aksjeselskap i Noreg. Eigenkapitalrentabiliteten viser rekneskapsmessig avkastning på den kapital eigarane har investert i selskapet. Denne gjekk opp frå 5,4 prosent til 6,1 prosent i 2000. Totalrentabiliteten gjekk opp frå 5,8 i 1999 til 6,0 i 2000. Nettselskap og høgintegrerte verk hadde ein totalrentabilitet på høvesvis 7,1 prosent, 0,1 prosent ned frå 1999, og 7,0, som er opp 1,7 prosentpoeng frå 1999. Resultatgraden gjekk opp med 1 prosentpoeng til 21 prosent. Som i 1999 hadde produksjonsverk og nettselskap høgast resultatgrad med høvesvis 39 og 26 prosent. Jo høgare resultatgraden er, jo større del av kvar omsett krone vert att til fordeling mellom kreditorar, skattemyndigheiter og eigarar.

Tabeller: