Nesten tre av fire eigarar av aksjeselskap, allmennaksjeselskap samt personleg eigde føretak var menn per 1. januar 2010. Både delen kvinner og delen innvandrarar blant eigarane av personleg eigde føretak har auka sidan 2004.
73 prosent av dei 156 000 innehavarane av enkeltpersonføretak (ENK) per 1. januar 2010 var menn. Delen kvinnelege innehavarar har auka frå 24 til over 27 prosent frå 2004 til 2010. 11 prosent av eigarane av dei personleg eigde føretaka var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.
Snautt 74 prosent av aksjonærane i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) totalt var menn. Denne fordelinga har halde seg stabil dei siste åra. Viss vi ser på eineaksjonærane i aksjeselskapa, utgjorde menn nesten 85 prosent av desse.
Kvinner var representerte på eigarsida i over 45 prosent av alle ansvarlege selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). Men det er få næringar der kvinnelege eigarar var i fleirtal. Litt over halvparten av ENK innanfor helse- og sosialtenester hadde kvinnelege innehavarar, medan 57 prosent av ANS og DA, og 75 prosent av ENK innanfor anna tenesteyting, hadde berre kvinnelege eigarar. I dei andre næringane er menn i fleirtal.
Om lag 11 prosent av eigarane av personleg eigde føretak var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2004 tilhøyrde berre 7,7 prosent av eigarane denne gruppa.
Nesten 56 prosent av aksjeselskapa og allmennaksjeselskapa hadde berre personlege aksjonærar, medan 30 prosent hadde berre føretak på eigarsida per 1. januar 2010.
Mange av desse føretaka hadde få aksjonærar. 56 prosent hadde ein aksjonær, medan 21 prosent hadde to. Berre 758 av dei over 203 000 føretaka hadde over 100 aksjonærar. Men aksjonærane i denne gruppa utgjorde nesten 69 prosent, eller over ein million, av alle aksjonærane.
Berre 23 prosent av dei personlege aksjonærane hadde aksjemajoritet i minst eitt føretak. Av føretaksaksjonærane hadde om lag 55 prosent aksjemajoritet i minst eitt føretak.
I 64 prosent av AS og ASA hadde aksjonærane roller i form av anten dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller nestleiar. Størst del av føretaka der aksjonærar hadde roller finn vi blant føretak med mellom tre og ni aksjonærar. I om lag 80 prosent av desse føretaka var dagleg leiar og styrerepresentantar blant aksjonærane.
|
Den første delen av denne statistikken omhandlar eigarar av personleg eigde føretak og personlege aksjonærar i aksjeselskap/allmennaksjeselskap ved inngangen til året 2010. Per 1. januar 2010 var det omkring 168 154 personleg eigde føretak i Noreg. Personleg eigde føretak består av følgjande tre organisasjonsformer: enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). I desse føretaka var det registrert totalt 186 240 eigarar, 50 763 kvinner og 135 477 menn. Statistikken omfattar private aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) i statistikk om føretaksdemografi per 1. januar 2010 som òg finst i aksjestatistikken for 2009. Vidare er statistikken avgrensa til å omfatta dei 1 055 383 aksjonærane som er identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer, og som eigde aksjar per 31. desember 2009. Tala er baserte på alle eigarar og ikkje unike eigarar. Primærnæringane er haldne utanfor i denne delen av statistikken. Den andre delen av statistikken omhandlar eigarstrukturen i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar 2010, og omfattar 203 051 føretak. Aksjonærar i desse føretaka er både føretak og personlege aksjonærar. Data tar her utgangspunkt i statistikk over styre og leiing, medan aksjonærdata også her er henta frå aksjestatistikken for 2009. Primærnæringane er inkluderte i denne delen av statistikken.
Offentleg forvalting er halden utanfor statistikken. |
Frigitt 16. september 2011 © Statistisk sentralbyrå