Kven kjøper fritidseigedom?

Mange drøymer om hytte – kven gjer draum til røyndom?

Publisert:

Par midt i livet gjer i størst grad alvor av hyttedraumen. Bortimot fire av fem av dei som kjøpte hytte i fritt sal i 2013, var over 40 år, og halvparten var par som kjøpte hytte i lag. Akershus var det fylket der flest hushald skaffa seg fritidsbustad.

I alt er det registrert omkring 420 000 hytter og fritidshus i landet vårt. Om lag 23 000 fritidsbustadar skifta eigar i 2013, og av dei vart 11 500 selde på den frie marknaden. Knapt 9 000 av desse igjen var hytter på eigd tomt, og i underkant av 2 700 av dei var hytter på festa tomt. Like mange fritidsbustadar – 11 500 – vart overdregne utanfor den frie marknaden. Desse vart omsette som heil eller delvis gåve, skifteoppgjer, tinglysing av retten til å sitje i uskifta bu, tvangsauksjon eller har ukjent klassifisering. Ein stor del av desse eigarskifta er familieoverdragingar.

Mange overtek familiehytta seint i livet

Om vi tek for oss hyttene som ikkje blir selde på den frie marknaden, er alderen på dei nye eigarane nokså høg. Berre 10 prosent overtek hytta før dei er 40 år. Halvparten overtek hytta når dei er mellom 40 og 60 år, medan heile 40 prosent først overtek hytta etter at dei har passert 60 år. Hovudårsaka til at dei nye eigarane av familiehytter er eldre enn dei som kjøper hytter i fritt sal, er at nesten halvparten av desse hyttene vart overdregne til ny eigar i samband med at tidlegare eigar døydde. Overdraginga skjer då som eit skifteoppgjer når den siste attlevande eigaren i ein generasjon døyr, eller ved tinglysing av retten til å sitje i uskifta bu når den eine av ektefellene døyr.

I resten av artikkelen ser vi nærmare på kva som kjenneteiknar dei som kjøpte hytte på den frie marknaden.

Middelaldrande par synte størst handlekraft

Dei fleste som kjøpte fritidsbustad i 2013, budde i hushald med fleire personar. Litt over halvparten var ektepar eller sambuarar som kjøpte hytte i lag. Einskildpersonar kjøpte over 40 prosent av fritidshusa. Likevel var det berre 13 prosent av hyttekjøparane som budde åleine. Det er med andre ord mange som kjøper hytta i eiga namn sjølv om dei er gifte eller sambuarar. Somme hytter vart også kjøpte av to eller fleire personar som ikkje høyrer til i same hushald.

Det var godt vaksne par som stod for dei fleste hyttekjøpa i 2013. I underkant av 62 prosent av hyttekjøparane var mellom 40 og 60 år då hyttedraumen vart realisert, 22 prosent var under 40 år, medan 16 prosent var over 60 år. Om lag 40 prosent av hyttekjøparane kom frå hushald med ein eller to personar. For hushald med fleire enn to personar var det vanlegaste hushald på fire personar. Om lag ein fjerdedel av dei som kjøpte hytte i 2013, var del av eit slikt hushald.

Figur 1

Aldersfordeling blant norske kjøparar av fritidshus i 2013

Det var litt fleire menn enn kvinner som kjøpte hytte i 2013. I alt utgjorde mennene 54 prosent av kjøparane og kvinnene 46 prosent.

Hyttekjøparane har til salt i maten

Samla inntekt etter skatt for hushald som kjøpte hytte i 2013, var i gjennomsnitt 995 000 kroner. Dette ligg langt over gjennomsnittet i Noreg, som i 2013 var 543 000 kroner. Om vi i staden ser på median hushaldsinntekt etter skatt, er ho noko lågare: 843 000 kroner. Dette er hushaldsinntekta der den eine halvparten av hushalda hadde høgare inntekt og den andre halvparten lågare. Medianinntekta for alle hushald i landet det same året var 465 000 kroner. Skilnaden er likevel ikkje fullt så stor som desse tala kan tyde på, sidan delen einslege, som i gjennomsnitt har lågare hushaldsinntekt enn større hushald, er mindre blant hyttekjøparane enn i heile folkesetnaden. Likevel hadde 35 prosent av hushalda som skaffa seg hytte, samla hushaldsinntekt etter skatt på over 1 million kroner, medan 8 prosent av alle norske hushald hadde det same.

Tabell 1. Kjøpesum, inntekt etter skatt og nettoformue for hushald som kjøpte fritidsbustad i fritt sal i 2013, fordelt på bustadfylket til kjøparen. Median og gjennomsnitt. Kroner

Til tabellen

Nye hytteeigarar frå Oslo hadde dei største nettoformuane

Hushalda som kjøpte hytte i 2013, hadde i gjennomsnitt mykje større nettoformue enn gjennomsnittet for alle norske hushald. Medan gjennomsnittleg nettoformue for alle hushald var 2,1 millionar kroner, var gjennomsnittet for dei nye hytteeigarane 5,0 millionar kroner. Men også i dette tilfellet er det somme av dei aller rikaste som sørgjer for at gjennomsnittet blir så høgt.

Det gjev derfor eit betre bilete å sjå på medianen i staden. For alle norske hushald var denne knapt 1,2 millionar kroner, medan median nettoformue for hyttekjøparane var 1,9 millionar kroner. Det vil med andre ord seie at halvparten av hushalda som kjøpte hytte, hadde ein nettoformue på over 1,9 millionar kroner ved utgangen av året, medan litt meir enn kvart tiande hadde ein nettoformue på over 7,5 millionar kroner. Men ikkje alle hyttekjøparane sit på store formuar, og eitt av fem hushald hadde ein nettoformue på under 250 000 kroner. Det er hyttekjøparane frå Oslo og Akershus som har hand om dei største formuane. Median nettoformue for nyslåtte hytteeigarar frå Oslo var på 4,4 millionar kroner, medan tilsvarande for Akershus var 3 millionar kroner.

Flest nye hytteeigarar frå Akershus

Sjølv om det er nokså få hytter for sal i Oslo og Akershus, kjem det mange hyttekjøparar frå desse fylka. I alt vart kvar fjerde fritidsbustad kjøpt av personar frå Oslo eller Akershus. Også i Rogaland og Hordaland var det mange hyttekjøparar. Til saman vart 45 prosent av fritidsbustadane kjøpte av personar frå eitt av desse fire fylka.

Figur 2

Tinglyste omsetjingar av fritidsbustadar i fritt sal og med personleg kjøpar i 2013

Kjøparane frå Oslo og Rogaland kjøpte dei dyraste hyttene

Det er også folk frå desse fire fylka som kjøpte dei dyraste hyttene. I gjennomsnitt betalte hyttekjøparane frå Oslo og Rogaland 1,9 millionar kroner for hytta. Tilsvarande tal for Akershus og Rogaland var 1,6 millionar kroner. For landet sett under eitt var gjennomsnittet på knapt 1,4 millionar kroner. Gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt var i overkant av 1,1 millionar kroner for kjøparane frå Rogaland, Hordaland og Akershus, medan dei som budde i Oslo i gjennomsnitt hadde ei hushaldsinntekt på 1,2 millionar kroner etter skatt.

Ikkje overraskande er det dei med størst inntekt som skaffar seg dei dyraste hyttene. Kvar tiande hytte kosta over tre millionar kroner. Vi kan vel seie at dei som kjøpte desse hyttene, sit nokså godt i det økonomisk. Samla hushaldsinntekt etter skatt var i gjennomsnitt 1,6 millionar kroner for dei som kjøpte hytte til mellom 3 og 5 millionar kroner. For dei som kjøpte hytte for over 5 millionar kroner, var det tilsvarande talet 2,5 millionar kroner.

Figur 3

Gjennomsnittleg inntekt etter skatt for hushald som kjøpte fritidsbustad i 2013

Tabell 2. Kjøpesum, inntekt etter skatt og nettoformue for hushald som kjøpte fritidsbustad i fritt sal i 2013, fordelt på storleiken på kjøpesummen, nettoformuen og inntekta etter skatt. Median og gjennomsnitt. Kroner

Til tabellen

Oppland fekk flest nye hytteeigarar

Oppland var det fylket der det vart seld flest hytter i fritt sal i 2013, tett følgd av Buskerud. Nesten halvparten av hyttekjøparane frå Oslo og Akershus søkte seg også til desse to fylka då dei skaffa seg fritidsbustad. Trysil og Øyer er dei mest populære kommunane for hyttehandlarane frå Oslo og Akershus. I alt kjøpte dei kvar tiande hytte i ein av desse slalåmbakkekommunane.

Blant kjøparane frå Rogaland skaffa over 40 prosent seg hytte i eiga fylke, medan nesten 30 prosent drog til Vest-Agder. I Hordaland kjøpte over 70 prosent fritidsbustad i eiga fylke, medan 15 prosent reiste over fjellet til Buskerud.

Dei nye hytteeigarane er godt skolerte

Av dei som kjøpte hytte i 2013, hadde 47 prosent høgare utdanning. Også på dette området skil kjøparane frå Oslo og Akershus seg ut. Blant dei nye hytteeigarane frå Oslo hadde to av tre utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. For Akershus var tilsvarande tal litt over halvparten av kjøparane. Om ein samanliknar med resten av folkesetnaden, viser det seg at fleire hyttekjøparar har høgare utdanning enn i samfunnet elles. Denne skilnaden aukar til eldre hyttekjøparane er. Blant dei under 40 år var skilnaden nokså liten, medan det blant hyttekjøparar over 67 år var over dobbelt så mange med høgare utdanning enn blant alle personar i denne aldersgrupa.

FIgur 4

Delen hyttekjøparar og busette i alt med utdanning på høgskulenivå. 2013

Ikkje berre for dei velståande

Vi har sett at mange av dei som skaffa seg hytte i 2013, var godt vaksne par med god økonomi. Tala syner likevel at hyttedraumen kan bli til røyndom for andre enn dei med dei største inntektene. Nesten halvparten av dei omsette hyttene i 2013 hadde ein kjøpesum på under 900 000 kroner, og 15 prosent av hushalda som skaffa seg hytte dette året, hadde ei samla inntekt på under 500 000 kroner etter skatt. Om draumen etter eit eige krypinn med kvite vidder, glissen fjellskog, svarte svaberg eller blenkjande hav rett utanfor døra er stor, bør det vere mogeleg å oppfylle han sjølv for dei med vanlege inntekter.

Les meir om grunnlaget for artikkelen

Av dei vel 8 850 hyttene og fritidshusa som vart omsette på den frie marknaden i 2013, var det knapt 8 300 kor kjøparane var personar med gyldig norsk fødselsnummer. Det er desse omsetjingane som er grunnlaget for denne artikkelen. Fritidsbustadar på festa tomt er ikkje med i grunnlaget.

Hushaldsinntektene er for inntektsåret 2013. I dei tilfella det er fleire kjøparar som ikkje har felles hushald, byggjer statistikken på kjøparen som eig den største delen av eigedomen, eller den eldste kjøparen i dei tilfella fleire har lik eigardel. Det er berre kjøparar med positiv samla hushaldsinntekt før skatt som inngår i grunnlaget.

Artikkelen byggjer på koplingar mellom skattestatistikk for personar og hushald, utdanningsstatistikk og omsetjingsstatistikk for tinglyste omsetjingar av fast eigedom.

Referansar

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, 2013
Befolkningens utdanningsnivå, 1. oktober 2013

Kontakt