Bibliotekets samlingar er tilgjengelege for publikum. Vi kan låne ut det meste frå samlingane, med unntak av ein del eldre offisiell norsk statistikk, den nyaste utgåva av ein del lands offisielle statistikk og referanselitteratur.
Vi låner ikkje ut meir enn fem årgangar av periodika (statistikk og andre) på ein gong. Tidsskrift blir ikkje lånte ut til eksterne brukarar.
Vanleg utlånstid er 1 månad for bøker og 14 dagar for periodikapublikasjonar. Dersom ingen andre lånarar står på venteliste for publikasjonen, kan lånet fornyast.
Vi krev erstatning for publikasjonar som ikkje blir leverte tilbake. Lånaren må anten kjøpe inn den tapte boka, eller betale etter dei satsane som gjeld. Brukarar som erfaringsmessig ikkje leverer tilbake lånt materiale, kan bli nekta å låne.