Innhald
Om statistikken
Administrative opplysingar
-
Namn og emne
-
Namn: Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap
Emne: Befolkning
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for befolkningsstatistikk
-
Regionalt nivå
-
Kommune, bydel i dei 4 største byane og grunnkrinsar
-
Kor ofte og aktualitet
-
Årleg
-
Internasjonal rapportering
-
Rapportering til FN og Eurostat
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Filer på individnivå blir langtidslagra.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Statistikken skal syne samansetjinga av befolkninga (etter kjønn, alder, sivilstand, statsborgarskap, bustad mv) ved siste årsskifte og utviklinga over tid.
Årlege tal for folkemengd etter kjønn, alder, sivilstand og statsborgarskap finst attende til 1.1.1976, medan tilsvarande tal utan statsborgarskap finst attende til 1.1.1971. Før det finst tal frå dei ti - årlege folketeljingane og ein del berekna tal for mellomliggjande år.
-
Brukarar og bruksområde
-
Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljø innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Befolkningsframskrivingar Kvartalsvise befolkningsendringer Flyttinger, inn- og utvandring Samboertall "Familie- og husholdnigsstatistikk"http://www.ssb.no/familie/ Barnestatistikk
-
Lovheimel
-
Statistikkloven §§ 2-1, 2-2, 3-2
-
EU-regulering
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Omfang
-
Gjeld alle personar registrerte som busette i Noreg 1. januar, det vil seie personar som skal ha sin faste bustad i Noreg i minst eit halvt år, og som har gyldig upphaldstillatelse. Personar som har innvandra for å arbeide i Noreg for mindre enn eit halvt år er ikkje med i statistikken, og personar som har flytta til utlandet utan å registrere seg er heller ikkje med. Kven som skal reknast som busett i Noreg, sjå punkt 4.1., Definisjon av dei viktigaste omgrepa. Alle tal gjeld heimehøyrande (de jure) folkemengd.
-
Datakjelder og utval
-
Statistikken etter 1970 byggjer på folkeregisteropplysningar.
Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til lova. Frå 2005 blei arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det blei 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Frå 2008 blei det oppretta nokre får regionkontor som tok over registreringa. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for.
Det sentrale personregisteret (DSP) ble bygget opp i årene 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga, og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet. Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.
-
Datainnsamling, revisjon og berekningar
-
Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.
I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne i dokumentasjon om i notatet; Dokumentasjon av BESYS-befolkningsstatistikksystemet. Befolkningsendringer i 1998 og befolkningsbasen (BEBAS) 1. januar 2000, Notater 2000/24
Folkemengd (busette personar) blir summert opp til grunnkrets, bydel og kommune
-
Konfidensialitet
-
Ikkje relevant
-
Samanlikningar over tid og stad
-
På grunn av kommunesamanslåingar og -delingar, samt grensereguleringar, er ikkje tala alltid til å samanlikne når vi til dømes vil lage ein tidsserie for ei kommune. Endringane kan òg påverke fylkesgrensene og dermed også grunnlaget for samanlikning der. Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen 1838-1996
Omgrep
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Middelfolkemengd: Gjennomsnitt av folkemengda ved byrjinga og utgangen av året.
Busett: Kven som blir rekna som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagd i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til lova er endra fleire gonger, siste gong 1.10.1998.
Nokre hovudpunkt frå registreringsreglane som fortel kven som blir rekna som busett i Noreg: Personar som kjem frå land utanfor Norden, blir rekna som busett i Noreg når dei har teke opphald her eller har tenkt å bli her minst 6 månader, sjølv om opphaldet her er mellombels. Tilsvarande 6-månadersregel gjeld ved flytting frå Noreg til eit land utanfor Norden. Ved flytting mellom Noreg og eit anna nordisk land gjeld ikkje alltid denne 6-månedarsregelen, fordi landa har ulike tidsgrenser. For personar som kjem/flytter til Noreg frå eit anna nordisk land, gjeld likevel 6-månadersregelen, ettersom bustaden blir avgjord etter reglane i innflyttingslandet, jf. ein nordisk avtale om internordisk flytting datert 8. mai 1989. Denne avtalen avløyste ein liknande avtale frå 5. desember 1968. Personar som oppheld seg på Svalbard, Jan Mayen eller norske biland, og som ved utreisa var folkeregisteret i ein norsk kommune, skal framleis reknast som busett i denne kommunen. Tilsvarande regel gjeld for personar på den norske kontinentalsokkelen. Norsk personale ved norsk diplomati og konsulatvesen og norsk militært personell beordra til teneste i utlandet, blir rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Utanlandsk personale ved framandt diplomati og konsulatvesen og utanlandsk personell tilknytt NATO, vert ikkje rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Hovudregelen for kvar i Noreg ein skal reknast som busett: der han/ho har si regelbundne døgnkvile (nattesøvn). Dersom døgnkvila vert teken skiftevis på to eller fleire stader, skal ein person reknast som busett der han/ho etter ei samla vurdering kan seiast å ha sin meir faste tilhaldsstad. Ektefellar med felles heim og personar som har felles heim med barna sine, blir rekna som busette i denne heimen utan omsyn til kvar døgnkvila blir teken. Einslege personar som tek utdanning i ei anna kommune, skal som hovudregel framleis bli rekna som busett der dei budde før utdanninga tok til (bustaden til foreldra). Tilsvarande registreringsprinsipp gjeld også for vernepliktige under førstegongsteneste, sivilarbeidarar, personar i fengsel og personar innlagde på sjukehus. Personar som er innlagde eller plasserte i andre institusjonar eller i privat pleie, blir som hovudregel rekna som busett der når opphaldet er tenkt å vare, eller syner seg å vare, i minst 6 månader. Frå og med mars 1987 til og med januar 1994 vart asylsøkjarar som regel rekna som innflyttarar til Noreg - og derfor også som busette i landet - sjølv om søknaden om opphaldsløyve ikkje var ferdig behandla. Før og etter denne perioden har berre asylsøkjarar med opphaldsløyve blitt registrerte som busette.
Feilkjelder
-
Feilkjelder og uvisse
-
Nokre feil i samband med innsamling og bearbeiding av data er ikkje til å unngå. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i edb-behandlinga etc. Det er gjort eit omfattande arbeid for å minimalisere slike feil, så ein i statistikk samanhang som oftast kan sjå bort frå dei.
Fråfallsfeil vil finnast i den grad det er personar som oppheld seg i Noreg som ikkje er registrert som busett i fylgje regelverket, fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Sjå punkt 4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa.
Ingen, då det ikkje vert nytta utvalsmateriale, men totalmateriale.
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske formål. Eit minus er likevel bustadsregistreringa - til dels fordi for mange er registrerte som busette, men òg fordi visse grupper er registrerte med ein annan bustad enn den faktiske. I mange tilfelle skuldast det at registreringsreglane ikkje er følgde (flytting ikkje meldt), i andre tilfelle at registreringsreglane ikkje gir faktisk adresse. Det viktigaste eksemplet på det siste er at ugifte studentar ifølgje reglane skal stå som busette i heimen til foreldra.
Bustadsregistreringa Til statistisk bruk kan bustadregistreringa synast feilaktig. Spesielt gjeld dette i forhold til den ideelle situasjonen, der alle busette er registrert i samsvar med døgnkvileprinsippet. Også manglande og forseinka flyttemeldingar gjer sitt til slike avvik. For mange analyse- og planleggingsformål vil den faktiske bustaden vere av interesse. Ei undersøking i etterkant av Folke- og bustadteljinga i 1990 konkluderte med at 5,5 prosent av personane blir plasserte på feil bustad. Mykje av avviket skuldast den juridiske bustaddefinisjonen som er lagt til grunn i Det sentrale folkeregister, som for eksempel krev at studentar og bebuarar i felleshushald skal være registrert busett ein annan stad enn der dei for tida faktisk bur. I forhold til bustaddefinisjonen er mellom 1,8 og 3,0 prosent av personane plasserte på feil bustad. Arnfinn Schjalm: "Kvalitetsundersøkelsen for Folke- og boligtelling 1990", Rapporter 96/10, Statistisk sentralbyrå.
Utregistreringar Flytting til utlandet utan å melde ifrå har også i dei seinare åra vore ei betydeleg feilkjelde. Undersøkingar i 1993 førte til at folkeregistra registrerte nær 3 000 utlendingar som utflytta som viste seg å ha reist frå Noreg utan å melde utflytting. Også i 1994, 1995, 1997 og 1998 blei det gjort slike utregistreringar. For Oslo vart det utregistrert nærare 2 000 utlendingar til saman i 1997 og 1998
Trass i tiltak for å utregistrere innvandrarar som har reist frå landet utan å melde frå, vil det alltid være ein del personar som står registrert som busettei Noreg utan å være det lenger. På den andre sida er det, (utanom asylsøkjarar som ventar på opphaldsløyve), til ei kvar tid eit ukjent tal personar som oppheld seg ulovleg i landet, og som derfor ikkje er med i folketalet. Dei fleste av desse held til i Oslo. Sidan dei registreringsproblema dreg i kvar si retning, kan dei i tal i nokon mon oppvege kvarandre.
