6024_om_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-hovudtal
6024_om
statistikk
2016-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning
no
false
I 2015 var det 250 færre skilsmisser, om lag 300 færre separasjonar og 150 færre inngåtte ekteskap enn året før. I løpet av 2015 blei 22 700 par vigde, 9 300 par skilde og 10 500 separerte.

Ekteskap og skilsmisser2015

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Ekteskap og skilsmisser
Emne: Befolkning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Rate: Hendingar i ein periode dividert med relevant middelfolkemengd. Perioden er oftast eitt år. Ved periodar på fem år blir årleg gjennomsnitt for femårsperioden publisert. Døme: Giftermålsrate (-hyppighet) for førstegongsgifte kvinner er talet på førstegongsgifte kvinner per 1 000 av middelfolkemengd av ikkje tidlegare gifte kvinner i ei aldersgruppe.

Middelfolkemengd: Gjennomsnitt av folkemengd ved byrjinga og slutten av året.

Kohort: Ei gruppe personar (eit kull) som har opplevd same (demografiske) hending i same kalenderår (eller periode), til dømes fødsel eller vigsel: Fødselskohorten (fødselskullet) 1970 er dei personane som blei fødd i 1970. Ekteskapskohorten (ekteskapskullet) 1985 er dei ekteskapa som blei inngått i 1985/dei personane som blei vigd i 1985.

Busett: Kven som skal reknast som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til loven blei sist endra med verknad frå 1. oktober 1998.

Definisjon av dei viktigaste kjennemerka Barn: Opplysningar om talet på involverte barn er til og med publiseringa av tal for 2005 henta frå melding om skilsmisse/separasjon. Frå 2006 slutta DSF å overføre talet på barn frå desse meldingane. I statistikken som er publisert frå og med 2006 har vi derfor rekna ut talet på barn ved å nytte opplysningar om foreldre/barn - relasjonar frå DSF. Samstundes rekna vi ut nye tal basert på foreldre/barnrelasjonane attende til 2001. Ein samanlikning av dei to tidsseriane tyder på at talet på barn har vore noko underrapportert i meldingane om skilsmisse/separasjon..

Sivilstand: Med bakgrunn i lov om registrert partnarskap som gjeld frå 1. august 1993 blei omgrepet ekteskapelig status erstatta med sivilstand som i tillegg omfattar fire nye verdiar. Fylgjande verdiar for sivilstand er tatt i bruk frå og med 1. januar 1994: ugift (ikkje tidlegare gift), gift, enkje/enkjemann, skilt, separert, registrert partnar, separert partner, skilt partnar og attlevande partnar.

Alder er som regel (frå og med 1961) oppgitt som alder ved hendinga. I nokre høve (t.d til kohortberekningar), er det brukt alder ved utgangen av året. Før 1961 er alder gitt som alder ved utgangen av året.

Bustad er bustadsfylke eller -kommune då vigselen/partnarskapet/separasjonen/skilsmissa fann stad.

Standard klassifikasjonar

 

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Landet, fylke og kommune.

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Filer på individnivå med data som blir bearbeida og langtidslagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken skal, saman med andre emne innan befolkningsstatistikken, vere med på å syne endringar som finn stad, og som difor verkar inn på befolkningens samansetting.

For inngåtte ekteskap finst tal for heile landet frå og med 1770, med unnatak av åra 1784-1794.

For inngåtte registrerte partnarskap finst statistikk frå og med 1993. Lov om registrert partnarskap, som trådde i kraft 1. august 1993, inneber at to personar av same kjønn kan la partnarskapet sitt bli registrert.

Statistikk over inngåtte ekteskap mellom to personar med same kjønn finst frå og med 2009. Ekteskapslova blei endra 1. januar 2009, og dei vesentlegste endringane i ekteskapslova er:

  • To personar av same kjønn kan inngå ekteskap.
  • Eit registrert partnarskap kan omgjerast til ekteskap, det vil seie at partnarar kan framsetje eit kravsmål overfor folkeregistermyndigheita om at registrert partnarskap skal gjelde som ekteskap.
  • Det kan ikkje inngås partnarskap etter 31.12.08.

Tal for skilsmisser finst attende til 1871. Tal for 1871-1885 omfattar ikkje skilsmisser ved dom, berre dei som er gitt ved bevilling.

Statistikken over separasjonar går attende til 1871. Tal manglar for åra 1931-1946.

Brukarar og bruksområde

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljøer innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Barnestatistikk

Familiestatistikk

Samboerstatistikk

Lovheimel

Statistikkloven $$ 2-1, 2-2, 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Det statistiske materialet omfattar skilsmisser, separasjonar, vigslar og registrerte inngåtte partnarskap (t.o.m. 2008) der minst ein av ektefellene/partnarane/eldste ektefelle var busett i Noreg ved hendinga. Som "nasjonalt hovudtal" reknas frå 1999 av skilsmisser, separasjonar, vigslar og partnarskap der mannen/eldste partnar/eldste ektefelle var busett i Noreg ved hendinga. Før 1986 blei hovudtala for vigslar og partnarskap publisert slik som no, etter definisjonen om at mannen skulle vere busett i Noreg ved hendinga. I perioden 1986-1998 omfatta dei publiserte hovudtala for ekteskap/partnarskap hendingar der minst ein av partane var busett. Dei publiserte hovudtala for skilsmisser og separasjonar omfatta hendingar der mannen var busett i Noreg også før 1999, men omfatta i tillegg nokre skilsmisser og separasjonar der mannen var busett i utlandet eller hadde ukjent bustad.

Inngåtte ekteskap mellom to personar med same kjønn som ikkje har fullstendig utfylt personnummer blir medrekna i inngåtte ekteskap mellom to personar med ulikt kjønn.

Forseinka meldingar i folkeregistra er i statistikken blitt handsama på ulik måte over tid. Ei forseinka melding er ei melding om skilsmisse, separasjon, ekteskap eller partnarskap som ikkje er sendt folkeregisteret tidsnok til å bli med i statistikken for det kalenderåret hendinga fann stad. Handsaminga av dei forseinka meldingane, altså etterslepet, verkar inn på korleis hendinga kjem med i statistikken seinare.

Statistikken for åra frå og med 2002 omfattar i hovudsak hendingar som faktisk fann stad i statistikkåret (kalenderåret), også hendingar som blei meldt for seint til å bli med i føregåande års statistikk eller tidlegare årganger, uansett når hendinga fann stad. Frist for mottak av meldingar er utgangen av januar året etter statistikkåret.

Statistikken for åra 1999 til og med 2001 har same omfang, men med tillate forseinking på to månader, ikkje ein månad som det er blitt seinare.

Statistikken for åra 1990-1998 omfatta hendingar som fann stad vedkomande år, og i tillegg forseinka meldingar berre frå det føregåande kalenderåret.

Før 1990 blei forseinka meldingar (mottekne etter utgangen av mars året etter) ikkje rekna med. Fristen for mottak av meldingar før 1990 var då tre månader.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på folkeregisteropplysningar.

Etter 1946 har det i kvar einskild kommune vært eit lokalt folkeregister som skal føre register over alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til loven. Frå 2005 er arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det er no 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for. Melding om vigsel sendast frå vigselsmannen til folkeregisteret. Meldingar om ekteskap inngått i utlandet av personar busett i Noreg, blir og tatt med. Melding om inngått registrert partnarskap sendast frå sorenskriver, og melding om skilsmisser og separasjonar sendast frå fylkesmannen og frå by- og heradsrettane til folkeregisteret som dekkjer den kommunen der den einskilde personen er registrert busett.

Statistikk over fødslar, dødsfall og inngåtte ekteskap er blitt utarbeid frå oppgåver som geistleige embetsmenn har sendt inn heilt sidan 1735.

Det sentrale personregisteret (DSP) ble byggd opp i åra 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret blei frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet.

Oppdateringane i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved dei lokale folkeregisterkontora, som er knytta til registerbasen (DSF) via terminaler, og til dels sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkningen er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne dokumentasjon om i notatet; Dokumentasjon av BESYS-befolkningsstatistikksystemet. Befolkningsendringer i 1998 og befolkningsbasen (BEBAS) 1. januar 2000, Notater 2000/24

Statistikken bereknas ved å telje opp talet på ekteskap, partnarskap, separasjonar og skilsmisser.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for tal i ei celle, og dette kan føre med seg at personar blir identifisert i det publiserte materialet, blir cellene avrunda eller prikka.

Samanlikningar over tid og stad

Tid: Frå og med 1961 er alder gitt som alder ved hendinga, tidlegare som alder ved utgangen av året.

Frå og med statistikken for 1999 er alle forseinka meldingar tatt med, uavhengig av kva for eit år hendinga fann stad. I åra 1990-1998 blei forseinka meldingar fra året før tatt med, medan før 1990 blei alle forseinka meldingar utelate frå statistikken. Talet på dei forseinka meldingane varierer, men det er generelt få, slik at statistikken for eit kalenderår i all hovudsak gjeld hendingar dette året, og over tid let statistikken seg godt samanliknast.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre feil i dataa er uunngåelege. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i databehandlinga osb. Det er utført eit omfattande arbeid for å minimalisere desse feila, og SSB meiner at desse feila er relativt ubetydelege.

Revisjon

Ikkje relevant