Folketalet ved nyttår var 5 258 000

Publisert:

Totalt folketal her i landet nådde 5 258 000 ved årsskiftet. Talet på utanlandske statsborgarar voks med 21 000 i 2016 til 559 000 busette 1. januar.

Folketalet i Noreg auka med 44 300 i 2016. Sterkast var veksten i Akershus. Hovudstaden har nå 667 000 innbyggjarar. Sterkast var veksten blant menn.

Figur 1

Figur 1. Folkemengd, etter kjønn og alder. 1. januar 2017

Talet på menn voks med 24 000, og talet på kvinner auka med 20 300 til 2 649 100 menn og 2 609 200 kvinner. Det har budd fleire menn enn kvinner i Noreg sidan 2010. Denne utviklinga ser ut til å fortsette, og per 1. januar 2017 var det eit overskot av menn på nær 40 000.

Figur 2

Figur 2. Kvinner per 1 000 menn. 1769-2017

Flest eldre 80 år og over i Hedmark og Sogn og Fjordane

Ved siste årsskiftet var 61,4 prosent av dei busette her i landet i aldersgruppa 20-66 år, medan 10,4 prosent var i aldersgruppa 67-79 år. Dei aller eldste, som var 80 år og over, utgjorde 4,2 prosent av folkemengda. Sett i høve til folketalet var det Hedmark, Sogn og Fjordane og Oppland som hadde flest busette i den eldste gruppa. Oslo hadde den lågaste andelen i denne gruppa.

FIgur 3

Figur 3. Folkemengd etter alder 1. januar 1900-2017

11 300 fleire syrarar i 2016

Blant dei med utanlandsk statsborgarskap var det talet på syriske statsborgarar som voks mest i 2016, frå 7 600 1. januar 2016 til 18 900 per 1. januar 2017. Dette heng saman med den store straumen av flyktningar frå Syria til Noreg hausten 2015. Mange av desse fekk i løpet av 2016 opphaldsløyve, og er dermed ein del av statistikken over busette i Noreg.

Det er framleis polakkane som er det største gruppa utanlandske statsborgarar her i landet, med 102 000. Dei andre større gruppene er svenske og litauiske statsborgarar.

Talet utanlandske statsborgarar dobla frå 2008

I takt med den sterke folkeveksten dei siste ti åra har talet på utanlandske statsborgarar meir enn dobla seg frå 2008. Då var det busett 266 000 utanlandske statsborgarar her i landet, som svara til 5,6 prosent av det totale folketalet. Til samanlikning var tilsvarande part 3,4 prosent i 1991.

Figur 4

Figure 4. Foreign citizens. The whole country. 1 January

Nær 108 000 utanlandske statsborgarar er busett i Oslo, der dei stod for 16,2 prosent av folketalet ved årsskiftet. Utanom Oslo er det fylka Rogaland, Akershus, Finnmark og Buskerud som har størst del med utanlandske statsborgarar som ligg over landsgjennomsnittet på 11 prosent.

Figur 5

Figur 5. Utanlandske statsborgarar. Fylke. 1. januar 2017

Folketilvekst i alle fylka

Folketalet i Noreg auka med 44 300 i 2016, noko som er 3 850 lågare enn i 2015. Av fylka auka folketalet mest i Akershus med 9 800 til å nå 604 000 busette 1. januar 2017. I Oslo auka folketalet med 8 400, og hovudstaden har nå 667 000 innbyggjarar. Veksten i Oslo var om lag 2 300 lågare enn i 2015. Også i oljefylket Rogaland auka folketalet i 2016 med 1 800. Det var likevel ein vekst på 2000 færre personar enn i 2015.

 

Kontakt