Færre gifta seg

Publisert:

I alt var det 22 500 par som gifta seg i 2016. Det er om lag 1 000 færre vigslar enn det som var gjennomsnittet for dei 10 føregåande åra.

Det var i alt 9 300 par som skilde seg, og 10 800 par som blei separert i 2016. Gjennomsnittstala for skilsmisser dei siste fem åra er dei lågaste sidan femårsperioden 1986-1990, medan gjennomsnittstala for separasjonar i same periode ikkje har vore lågare sidan 1981-1985.

Figur 1. Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar¹
Figur 1. Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar¹
Ekteskap Skilsmisser Separasjonar
1975 25898 5406 6943
1976 25389 5648 7237
1977 24022 5912 7497
1978 23690 6063 7486
1979 23055 6441 8271
1980 22230 6466 8641
1981 22271 6937 9183
1982 21706 6973 9843
1983 20803 7472 9942
1984 20537 7781 10079
1985 20221 8090 10193
1986 19873 7813 10117
1987 20285 8342 10616
1988 20806 8689 11307
1989 19950 9163 12480
1990 21123 10055 12825
1991 19065 10164 12350
1992 18627 10106 12146
1993 18897 10805 11928
1994 19999 10795 11883
1995 21079 10184 11975
1996 22605 9839 11142
1997 23050 9827 11487
1998 22464 9227 11607
1999 23600 9147 11912
2000 25510 10083 12940
2001 23152 10338 12810
2002 24252 10494 13076
2003 22565 10807 12820
2004 22546 11092 13249
2005 22584 11102 12818
2006 21948 10658 12212
2007 23738 10330 11483
2008 25349 10216 11836
2009 24582 10308 12017
2010 23577 10311 11800
2011 23135 10261 11294
2012 24346 9987 11137
2013 23410 9774 10944
2014 22887 9556 10824
2015 22738 9306 10507
2016 22537 9345 10842

Det var 278 likekjønna par som gifta seg i 2016, 121 mannlege og 157 kvinlege par. Det var ein nedgang på 30 vigslar mellom kvinner frå året før medan talet på mannlege giftarmål var om lag det same som i 2015. Frå 1993 til 2005 var det inngått fleire partnarskap mellom menn enn mellom kvinner, medan det frå 2006 har vore inngått fleire partnarskap/ekteskap mellom kvinner enn mellom menn.

Figur 2. Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn 2009-2016
Figur 2. Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn 2009-2016
Menn Kvinner
1993 115 41
1994 86 47
1995 64 34
1996 80 47
1997 74 43
1998 71 44
1999 82 62
2000 78 76
2001 108 77
2002 105 78
2003 116 88
2004 107 85
2005 97 95
2006 102 125
2007 110 157
2008 90 134
2009 105 178
2010 97 167
2011 93 166
2012 102 167
2013 90 162
2014 106 163
2015 113 187
2016 121 157

Færre førstegongsvigde

Sett i høve til 2015 gjekk giftarmålsraten for førstegongsvigde ned både for menn og kvinner i alderen 20-44 år medan kvinner og menn 45–54 år hadde ein liten auke i giftarmålsraten. Giftarmålsraten er framleis høgast i aldersgruppa 30-34 år både for menn og for kvinner, og gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde var i 2016 34,6 år for menn og 31,9 år for kvinner.

Figur 3. Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn i utvalde aldersgrupper
Figur 3. Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn i utvalde aldersgrupper
1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
20-24 år 86 81 72 65 61 56 48 44 39 35 32 30 26 24 20 19 16 15 15 15 14 13 13 13 12 12 11 10 10 9 10 10 10 10 9 9 8 7 7 7
25-29 år 130 125 118 113 109 100 94 89 84 79 76 75 67 68 58 54 53 52 53 53 53 49 48 51 44 46 42 39 38 35 36 36 38 36 34 35 34 31 30 29
30-34 år 75 73 73 69 68 66 63 63 61 59 62 61 59 63 55 54 50 52 54 59 59 56 56 62 55 57 53 53 51 50 53 55 52 50 45 47 45 44 43 41
35-39 år 34 33 34 33 33 31 32 31 35 29 34 34 32 37 32 31 30 33 34 38 38 39 41 45 40 42 39 38 40 38 43 46 43 39 37 39 37 35 33 33
40-44 år 18 16 15 17 13 15 15 16 19 15 18 17 16 19 16 15 17 18 18 21 22 23 26 26 25 25 24 25 25 25 28 31 28 26 26 26 25 24 23 22
45-49 år 9 8 8 8 8 7 8 8 11 7 10 9 8 10 10 8 9 11 11 13 13 13 15 17 16 17 15 16 16 17 18 20 18 18 18 18 18 16 16 16

Figur 4. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte¹
Figur 4. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte¹
Menn Kvinner
1974 25.3 22.8
1975 25.3 22.9
1976 25.5 22.9
1977 25.7 23.1
1978 25.9 23.2
1979 26.1 23.6
1980 26.2 23.6
1981 26.3 23.7
1982 26.5 24.0
1983 26.8 24.3
1984 27.0 24.4
1985 27.5 24.9
1986 27.5 24.9
1987 27.9 25.3
1988 28.1 25.5
1989 28.3 25.8
1990 28.8 26.2
1991 29.0 26.4
1992 29.2 26.6
1993 29.4 26.9
1994 29.8 27.2
1995 30.0 27.6
1996 30.5 28.0
1998 30.6 28.3
1998 31.1 28.6
1999 31.6 28.9
2000 31.8 29.2
2001 32.0 29.3
2002 32.2 29.5
2003 32.5 29.7
2004 32.9 30.0
2005 33.2 30.4
2006 33.4 30.6
2007 33.7 30.8
2008 34.1 31.2
2009 33.8 31.0
2010 33.8 30.9
2011 34.0 31.1
2012 34.1 31.3
2013 34.2 31.4
2014 34.3 31.6
2015 34.4 31.8
2016 34.6 31.9

Uendra tal for skilsmisser

Talet på skilsmisser heldt seg på same nivå som året før, medan det var 335 fleire separasjonar enn i 2015. Det var 78 par av same kjønn som skilde seg og 96 par av same kjøn som blei separert.

Låg skilsmisserate

Skilsmisseraten, som er skilte per 1 000 gifte og separerte av folkemengda var 9,7 for menn medan han var 10,2  for kvinner i 2016. For kvinner var skilsmisserata høgast i aldersgruppa 40-44 år, og for menn var rata høgast aldersgruppa 40-49 år.

I 2016 opplevde 8 500 barn under 18 år at foreldra skilde seg og 11 600 barn at foreldra blei separert. SSB har ikkje tal for barn som opplever at sambuande foreldre flyttar frå kvarandre.

Kontakt