Innhald
Om statistikken
Administrative opplysingar
-
Namn og emne
-
Namn: Styre og leiing i aksjeselskap
Emne: Bedrifter, foretak og regnskap
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for regnskapsstatistikk
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt nivå og fylkesvis
-
Kor ofte og aktualitet
-
Kor ofte: Årleg
Aktualitet: Statistikken vert publisert for aksjeselskap per 1. januar i inneverande år og for nye aksjeselskap året føre.
-
Internasjonal rapportering
-
Ikkje relevant
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Informasjon om einingane lagrast midlartidig i programspråket SAS, og langtidslagrast som tekstfil. Statistikkbanken vert ajourført kvart år.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Føremålet
Føremålet med statistikken er å gi ein oversikt over kven styrerepresentantane og dei daglege leiarane i eksisterande og nye aksjeselskap er. Statistikken fordelast etter kjønn, alder, landbakgrunn og utdanningsnivå, samt storleiken på føretaket og føretaket si næring. Det vert òg sett på kor mange styre- og leiarverv personar har.
Historie
Sidan einingane og strukturen i BoF inngår i dei fleste store og landsdekkande administrative datasystem som mellom anna NAV Aa-registeret, er det etablert ein eintydig samanheng mellom den enkelte tilsette og bedrifta/føretaket vedkomande arbeidar i. Vidare gir tilsettes fødselsnummer tilgang til relevante personopplysningar innanfor personstatistikksystemet, mellom anna befolknings- og utdanningsområdet. Rollene i Einingsregisteret gir tilsvarande knytingar til føretaksområdet gjennom organisasjonsnummer og personstatistikkens områder gjennom fødselsnummer.
Føremålet var å etablere eit statistikkgrunnlag basert på ulike datakjelder i SSB, som kunne setje lys på nye sider ved næringslivet med bedrift/føretak som utgangspunkt og eining i statistikkane, men med fokus på rolleinnehavarane.
Den fyrste publiseringa for aksjeselskap per 1. januar er per 1. januar 2004 og for nye føretak for året 2003.
Den fyrste publiseringa fokuserte på kvinner og innvandrarar i personleg eigde føretak og styrerepresentasjon i allmennaksjeselskapa (ASA). Grunngjevinga for berre å ta med ASA var at det er denne organisasjonsforma som lovforslaget om minimum 40 prosent av kvart kjønn gjeld for. Den siste publiseringa om kjønnsrepresentasjon i ASA-styra var per 1. juli 2008, ett halvt år etter at lova tok til å gjelde.
-
Brukarar og bruksområde
-
Brukarar av statistikken er offentleg forvalting, forskingsmiljø, media og næringslivet.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Nivåtala som vert presentert vil avvike frå talet på juridiske einingar i ER, og kan på næringsnivå avvike frå det som vert presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER skyldast i hovudsak at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driver næringsverksemd, og at BoF gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.
Ein vil også sjå at tala kan avvike frå den andre føretaksstatistikken til SSB. Årsaka til dette er at ein i statistikken om eigarskap og roller ikkje tek med føretaka som berre har juridiske personar som eigarar eller som manglar rolleopplysningar.
-
Lovheimel
-
Ikkje relevant
-
EU-regulering
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Omfang
-
Aksjeselskap (AS og ASA) per 1. januar
Populasjonen er ulik statistikkpopulasjonen i føretaksdemografien . Utgangspunktet er alle aksjeselskap som er registrert i Føretaksregisteret (FR) og er aktive (ikkje sletta) per ein bestemt dato.
Nye aksjeselskap (AS og ASA)
Populasjonen med nye føretak (inklusive overtakingar) er aksjeselskap trekte ut fra føretaksdemografien. Årsaken til at overtakingar er med i statistikken er at vi ynskjer å vite kven personane som etablerar nye føretak er og kven som overtek eksisterande føretak (styret byttast ut). Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.
Føretaksdemografien omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering (SN2007) unnateke offentleg administrasjon og forsvar. Primærnæringane (næring 01, 02 og 03) er også heldt utanfor. Desse vert difor teke ut frå situasjonsuttak og skal òg vert registrerte i Føretaksregisteret. Denne metoden vert nytta inntil primærnæringane og offentleg forvaltning er inkludert i føretaksdemografien.
-
Datakjelder og utval
-
Statistikken byggjer på Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF), rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER), befolkningsstatistikksystemet (BeReg), og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). Tal på tilsette er henta frå Seksjon for arbeidsmarknadstatistikk, og er basert på tal frå NAV Aa-registeret.
Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER) gir ei oversikt over alle fysiske og juridiske personar som har roller i norsk næringsliv. De fysiske personane er registrert med fødselsnummer eller D-nummer, medan de juridiske personane er føretak som er registrert ved organisasjonsnummer. Ingen kan registrere eit føretak i ER utan også å registrere rolleinnehavarar. Det vert stilt ulike krav til rolleinnehavarar innanfor dei ulike organisasjonsformene.
Informasjon om den fysiske rolleinnehavaren i ER vert oppdatert løpande, og informasjon vert vaska mot data frå Det sentrale folkeregister kvart døgn.
BeReg byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle som er busett i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og føreskrifter til lova. Folkeregisteret får melding om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar osv. frå ulike kjelder.
Befolkningas høgaste utdanning (BHU) og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
Registeret over befolkningas høgaste utdanning vert no trekt direkte ut frå Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). NUDB samlar all utdanningsstatistikk over avslutta og oppstarta utdanning frå skuleåret 1974/75 og BHU opplysningar frå 1970 inn i ei felles database. Grunnlaget for utrekket er busette i Noreg som er 16 år eller eldre per 1.10. det gjeldande år. Den utdanningsaktiviteten som har høgast nivå i Standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som er registrert i NUDB gir status for BHU for den enkelte person. Ved fleire utdanningsaktivitetar vert først den utdanninga som har høgaste nivå i NUS2000 valt. Dersom nivået ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert den utdanninga som har høgaste klassetrinn valt. Dersom klassetrinn ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert utdanninga som ikkje har kode for allment fagfelt i NUS2000 valt. Om fagfelt heller ikkje kan skilje mellom utdanningsaktivitetane, vert utdanninga med den nyaste avslutningsdatoen valt. Dersom avslutningsdato ikkje skil utdanninga, vert det tilfeldig valt (sjå òg Om statistikken om utdanningsnivå).NAV Aa-registeret er et grunndataregister over alle arbeidsforhold i Noreg, samt arbeidsforhold til sjøs. Utgangspunktet er ein kobling mellom organisasjonsnummeret til arbeidsgjeveren og fødselsnummeret til arbeidstakeren. Som hovedregel gjeld registreringsplikten for alle arbeidsforhold med ei arbeidstid på minst fire timar i uka.
Det vert ikkje nytta utval i denne statistikken.
-
Datainnsamling, revisjon og berekningar
-
Statistikken byggjer på administrative data, og allereie føreliggjande statistikkbasar og statistikkregister.
Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF) er per i dag eit heildekkande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.
Populasjonen av aktive føretak vert kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar i høve til datafangsten til strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for bedrifter i BoF.
Det føregår ei løpande kvalitetssikring av næringskoda til bedrifter og føretak i BoF. Kvalitetssikringa føregår mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSB sine strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder som Rikstrygdeverket sin årskontroll, og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og vidare ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.
Ikkje relevant
-
Konfidensialitet
-
Ikkje relevant
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Statistikken vert publisert årleg slik at resultatet kan samanliknast frå år til år. I statistikkbanken vil ein finne resultat på fylkesnivå.
Omgrep
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Føretak
Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken behandlast ei juridisk eining som eit føretak.Nye føretak
Som et nytt føretak i ei gitt periode reknast eit føretak registrert i ER med stiftelsesdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd. Dersom stiftelsesdato ikkje er oppgitt, vert registreringsdato nytta.Føretak per 1. januar
Føretak per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderar alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som er registrert per 1. januar.Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA).Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.Alle allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS) må ha eit styre. Styret skal som hovudregel minst bestå av tre medlemmer. I AS som har mindre enn tre millionar i aksjekapital kan styret bestå av eit eller to medlemmar pluss minst eit varamedlem. Alle ASA og AS med aksjekapital større enn tre millionar skal dessutan ha dagleg leiar.
Rolletype
Rolletypane i denne statistikken er styreleiar, nestleiar og styremedlemmer (styrerepresentanter), samt dagleg leiar i AS og ASA.Alder
er alder ved utgangen av statistikkåret.Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.Tilsette (Lønstakarar)
Talet på tilsette omfattar alle personar som arbeidar for arbeidsgjevaren meir enn fire timar i veka. Personar med meir enn eit arbeidsforhold vil kunne vere telt med som tilsett i fleire næringar. I bestandstala visast det til talet på tilsette på telletidspunktet.
-
Standard klassifikasjonar
-
Det vert nytta gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå.
Utdanningane er gruppert etter Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som første gong vart oppretta av SSB i 1970 og som sist vart oppdatert i 2010.
Feilkjelder
-
Feilkjelder og uvisse
-
Ikkje relevant
Ikkje relevant
Ikkje relevant
Føretaksdata
Statistikken baserar seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringa av BoF og vert nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER i Brønnøysund, Momsregisteret og NAV Aa-registeret vert nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.Ei muleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep skyldast det faktum at endringar ofte vert registrert noko tid etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registrera ikkje er fullstendig oppdatert til ei kvar tid, noko som kan føre til at forelda opplysningar vert nytta som datagrunnlag i statistikken.
I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller ein overtaking. Når slike opplysningar manglar vert det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle overtakingar. Alle overtakingar vert ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar reknast å være noko for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Vidare er det mange nye føretak som ikkje startar opp nokon verksemd.
Befolkningsdata
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske føremål. Eit relevant ankepunkt er likevel forsinka meldingar. Forsinka meldingar kan føre til at hendingar vert registrerte og telt med i feil kalenderår. Dette vert mindre problematisk når ein legg saman tal for fleire år.Det sentrale folkeregisteret består av personar som har norsk personnummer, og personar med D-nummer. Enkelte av personane med D-nummer er personar som bur i utlandet, men som jobbar i Noreg. Desse vil ikkje få anna enn et D-nummer, mens personar som flyttar til Noreg etter kvart vil få norsk personnummer. Det kan derfor være vanskeleg å skilje mellom innvandrarar som har flytta til Noreg og personar som bur i utlandet. Eit anna problem kan vere personar som får endra personnummer som følgje av nye opplysningar om fødselsdato, etc.
Utdanningsdata
Utdanningsdata omfattar personar busett i Noreg der det er registrert utdanning teken i Noreg.
