85086
statistikk
2012-06-06T10:00:00.000Z
Bedrifter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapBedrifter, foretak og regnskap, Eierskap og roller, Innvandring og innvandrere, Bedrifter, foretak og regnskap
true

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2012

Innhald

Menn styrer aksjeselskapa

Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar har ikkje endra seg dei siste åra. Åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskap er menn, medan det er seks av ti i allmennaksjeselskap.

Den kvinnelege delen styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) ligg såleis på det nivået som er fastsett for krav til kjønnsrepresentasjon i ASA.

I aksjeselskapa (AS) er 17 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinnelege styrerepresentantar finn vi innanfor anna tenesteyting med 48 prosent, helse- og sosialtenester med 38 prosent og undervisning med 26 prosent av føretaka.

72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har båe menn og kvinner i styret.

Del kvinnelege styrerepresentantar i AS og ASA. 1. januar 2004-2012. Prosent

Få kvinner er daglege leiarar

Også delen aksjeselskap som har ei kvinne som dagleg leiar, er uforandra på 15 prosent. Kvinner leiar seks av ti aksjeselskap innanfor anna tenesteyting og om lag fire av ti innanfor helse- og sosialtenester.

Delen kvinnelege leiarar i ASA ligg på 8 prosent. Denne delen auka med 3,2 prosentpoeng frå 2004 til 2012.

Tabeller:

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?