90568
statistikk
2012-11-01T10:00:00.000Z
Bedrifter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Bedrifter, foretak og regnskap, Utenriksøkonomi
true

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2011, førebelse tal

Innhald

Verdien på eigedelar utanlands aukar

Dei ikkje-finansielle føretaka hadde meir eigedelar i utlandet i fjor enn året før. Verdien på dei totale eigedelane steig med om lag 4 prosent frå 2010 til 2011.

Eigedelar, etter type. År. 2006-2011

Totalt hadde norske ikkje-finansielle aksjeselskap eigedelar i utlandet til ein verdi av 1 524 milliardar kroner i 2011. Investeringane auka på alle kontinent, med unntak frå Asia.

Flest investeringar i Europa

Størst del av norske føretaks utanlandske investeringar var i Europa, og det var i Nederland, Belgia og Sverige at dei investerte mest. Utanfor Europa var det USA og Singapore som hadde den største delen av dei norske investeringane.

Anleggsmidlar størst

Anleggsmidlar utgjorde den største delen av dei totale eigedelane utanlands, med 1 084 milliardar kroner, som tilsvarar 71 prosent. Omløpsmidlar utgjorde dei resterande 29 prosentane.

Uendra utanlandsgjeld

Total gjeld mot utlandet var nesten uendra frå 2010 til 2011, og var 1 145 milliardar kroner i 2011.

Tabeller:

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?