5504_om
statistikk
2013-04-22T10:00:00.000Z
Bedrifter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
true

Opna konkursar1. kvartal 2013

Innhald

Om statistikken

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Opna konkursar
Emne: Bedrifter, foretak og regnskap

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå, fylkesvis og kommunevis

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Kvartal og månad

Aktualitet : Månadleg konkursstatistikk byggjer på tal frå Konkursregisteret i Brønnøysundregistera (BR) som SSB mottar den 17. i kvar månad. Fila inneheld talet på konkursar frå og med den 15. førre månad til og med den 15. inneverande månad. Dataa vert arbeida til slik at fila inneheld data for ein hel månad. Månadstal vert publisert i tabell 07218, 08551 og 09695 i Statistikkbanken. Talet på tvangssal kravd i fast eigedom og lausøre samt tinglyste utleggsforretningar mottar vi frå BR kvar månad. Desse vert òg publisert i tabell 07218.

Kvartalsvis publisering byggjer på månadlege tal som kvar månad vert mottatt frå Konkursregisteret i BR, og vert publisert i slutten av månaden etter kvartalets utløp. Kvartalstal blir lagt inn i Statistikkbanken.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om einingane lagrast midlartidig i programspråket SAS, og langtidslagrast som tekstfil, ei hovudfil som vert fylt opp med nye data kvar månad. Statistikkbanken vert ajourført kvart kvartal.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å publisere ei oversikt over konkursar i Noreg, samt å gi ei fordeling av opna konkursar etter fylke, næring, organisasjonsform, talet på sysselsette, omsetning og storleiken på aksjekapitalen.

Totale tal for konkursar finn ein tilbake til 1920 (NOS). Konkursar for einskildnæringar finn ein tilbake til 1929. Tilgjengelege data i database for konkursstatistikken finn ein frå 1981.

Opplysningar om opna konkursar baserar seg hovudsakleg på informasjon som skifterettane eller bustyra rapporterar til Konkursregisteret i BR. Før Konkursregisteret vart oppretta var hovudkjelda Lausøyreregisteret, også dette ein del av BR.

Frå 1995 gir materialet frå BR muligheita til å identifisere personlege konkursar. Frå same år byggjer næringsfordelinga på ny næringsstandard, SN94. Ved næringsgruppering etter SN2007 av føretakskonkursar nyttast SSB sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Næringsfordelinga for personlege konkursar er i stor grad basert på opplysningar frå skifteretten. Frå 1995 til 2001 fekk dei personlege konkursane tildelt ei tosifra næring frå skifteretten. Frå 2001 påfører SSB ei tosifra næringskode ut frå yrkesskildringa som følgjer med fila frå Konkursregisteret.

Konkursdataa frå BR vert supplert med opplysingar frå Bedrifts- og føretaksregisteret, Einingsregisteret og Momsregisteret.

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikken er mellom anna finansnæringa, forskingsinstitusjonar og media.

Samanheng med annan statistikk

Konkursane får påført kjennemerka kommunenummer, næring, organisasjonsform, talet på sysselsette, omsetning og storleiken på aksjekapitalen frå Bedrifts- og føretaksregisteret, Einingsregisteret og Momsregisteret. Dette omfattar både personlege konkursar (einskildpersonar) og føretakskonkursar.

Lovheimel

Statistikklovens §3-2

EU-regulering

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Konkursstatistikken omfattar alle opna konkursar i Noreg. Opplysningar om opna konkursar baserer seg hovudsakeleg på informasjon som skifterettane eller bustyra rapporterar til Konkursregisteret i BR. Personlege konkursar omfattar opna konkursar for einskildpersonføretak og lønnstakarar. I praksis betyr dette at dersom konkursdebitor ikkje er registrert i Føretaksregisteret i BR eller er eit einskildpersonføretak, vert dei gruppert som lønnstakarar. Føretakskonkursar vert definert som opna konkursar i føretak som er registreringspliktige i Føretaksregisteret i BR, og ikkje er einskildpersonføretak.

Datakjelder og utval

Opplysningane er basert på informasjon frå Konkursregisteret i BR. Konkursregisteret finn ein på http://www.brreg.no/registrene/konkurs/ .

Ikkje relevant

Datainnsamling, revisjon og berekningar

Dataa vert overført elektronisk frå Konkursregisteret i BR den 17. i kvar månad.

SSB føreset at opplysningane om konkursar som kjem frå Konkursregisteret i BR, som byggjer på opplysningar frå skifteretten, er korrekte.

Ikkje relevant

Konfidensialitet

I de tabellane som inneheld omsetningsverdi, er omsetningsverdien undertrykka (prikka ut) dersom talet på konkursar er oppgitt til 3 eller færre.

Samanlikningar over tid og stad

Det er laga seriar tilbake til 1920. Konkursar for enkelte næringar finn ein tilbake til 1929. Tilgjengelege data i database eksisterar frå 1981. I Statistikkbanken er data tilgjengeleg frå 1. kvartal 1999, og årlege tal på konkursar frå 1980.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Alle juridiske objekt, dvs. alle typar firma og enkeltpersonar som har uteståande fordringar og som per definisjon er insolvent, kan slåast konkurs. Insolvens er definert som: "Når ein ikkje kan oppfylle plikter etter kvart som de forfell". Unntak frå dette er dersom betalingsinkompetansen er av forbigåande art.

Standard klassifikasjonar

Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå

Feilkjelder

Feilkjelder og uvisse

SSB føreset at opplysningane om konkursane som kjem frå Konkursregisteret i BR er korrekte.

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?