Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Barnevern - StatRes

1.2. Emnegruppe

03.03 - Barne- og familievern

1.3. Kor ofte og aktualitet

Årleg publisering av indikatorar for statleg barnevern i StatRes.

1.4. Regionalt nivå

Følgende fylker inngår i regionane:

Region nord: Finnmark, Troms og Nordland

Region midt: Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal

Region vest: Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland

Region sør: Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud

Region øst: Oppland, Hedmark, Akershus og Østfold

Oslo kommune er ikkje inkludert i Region øst men har status lik ein eigen region. Trondheim kommune deltok i forsøket om oppgåvedifferensiering frå 2004 til 1.7.2008.

Frå 1.7.2008 inngår Trondheim kommune i Region midt-Noreg.

1.5. Ansvarleg seksjon

301 - Stab

1.6. Lovheimel

Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikkloven) av 16. juni 1989 nr. 54 §§ 2-2 og 3.2. Lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 §§ 2-3 Statlige barnevernmyndigheters oppgaver og myndighet og 2-3a Særskilte bestemmelser for Oslo kommune” Lovens bestemmelser om statlig regional barnevernmyndighets oppgaver og myndighet kommer ikke til anvendelse i Oslo kommune. I Oslo kommune skal statlig regional myndighets oppgaver og myndighet ivaretas av kommunen.”

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Det statlege regionale barnevernet inngår i StatRes – statleg ressursbruk og resultat. Føremålet med StatRes er å visa kor mykje ressursar staten nyttar, kva ressursinnsatsen gjev av aktivitetar og tenester i dei ulike statlege verksemdene; og kva ein kan sjå som resultat av ressursinnsatsen. Målet er å gje allmenta og styresmakta betre kunnskap om staten si verksemd.

StatRes blei starta som prosjekt i 2005, og første publisering var i oktober 2007. StatRes blir utvikla i samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet som også finansierar deler av arbeidet.

Barnevernet var til og med rapporteringsåret 2003 underlagt fylkeskommunane, og blei rapportert og publisert i KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Staten overtok ansvaret for barnevernet frå fylkeskommunane frå 1. januar 2004.

2.2. Brukarar og bruksområde

Målgruppa for StatRes er statistikkbrukarar som har noko kjennskap og interesse for statlege verksemd frå før, og som av ulike grunner har interesse eller behov for informasjon om kor mykje ressursar staten brukar, kva ressursinnsatsen gjev av aktivitetar og tenester i dei ulike statlege verksemdene; og kva ein kan sjå som resultat av ressursinnsatsen. Dette kan vera interesserte velgjarar og skattebetalarar, media, politikarar, skuleelevar eller studentar. Det er også eit mål at StatRes skal kunne gje allmenta informasjon som supplerar den informasjonen som nyttast i den daglege styringa av dei ulike statlege verksemdene.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Barnevernsdata blir henta inn frå dei fem regionane og frå Trondheim og Oslo kommune.

Populasjonen er fastsett til å omfatte:

- All verksemd i det statlege regionale barnevernet med unntak av familievern. Regionadministrasjonen er inkludert

- Delen av verksemda ved Barne- og familieetaten i Oslo kommune som ivaretar statleg regional barnevernmyndigheit sine oppgåver og myndigheit. Administrasjonen i Barne- og familieetaten er inkludert. Avklarast med SSB for kvar ny årgang.

Barne- og familiedirektoratet er ikkje inkludert.

3.2. Datakjelder

Tenesterapportering skjer ved bruk av elektroniske skjemaer. Regnskapsdata for dei fem regionane blir rapportert som filuttrekk frå regionane sine reknskapssystem. Oslo kommune rapporterar sitt reknskap som før via KOSTRA og Trondheim kommune rapporterar spesifisert regnskap for barnevern i tillegg til KOSTRA-rapporteringen.

Personell:

Frå og med statistikkåret 2008 er kjelda til data om personell, registerbasert personellstatistikk.

SSB sin registerbaserte personellstatistikk er basert på individbaserte registerdata frå fleire register. Informasjon om lønnstakarforhold blir henta frå Arbeidstakarregisteret (NAV) og Lønns- og trekkoppgåveregisteret (Skattedirektoratet), samt lønnsregister. Einingsregisteret og Bedrifts- og føretaksregisteret gjev opplysingar om næring og sektor for føretak og underliggande bedrifter. I tillegg nyttes NAV sine register over personar på arbeidsmarknadstiltak, fødselspengemottakarar og kontantstøttemottakarar, samt SSB sitt register over legemeld sjukefråveree. Datagrunnlaget er altså basert på en rekke ulike kjelder, og det er bygget opp et system i SSB for en samla utnytting av disse.

3.3. Utval

Statistikken byggjer på oppgåver frå Barne- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) i den einskilde region. Oppgåvene inneheld summariske opplysningar om kor mange klientar, opphald og opphaldsdagar som er registrert for ulike kategoriar av tiltak ved dei statlege barnevernskontora (Bufetat). Innsamlinga skjer ved årleg innsending av eit elektronisk skjema. Oslo- og Trondheim kommune rapporterar også sine tenestedata ved innsending av elektroniske skjema via KOSTRA.

Personell:

Uttrekk frå fleire register (sjå pkt 3.2 Datakjelder).

3.4. Datainnsamling

Data blir kontrollerte før innsending ved kontrollar integrerte i dei elektroniske skjemaene og kontrollprogram for filuttrekk. For rekneskap blir det gjort konsistenskontrollar mot statsregnskapet etter mottak i SSB.

3.5. Kontroll og revisjon

Personell:

For dei tre mest sentrale registra som ligg til grunn for SSB sin personellstatistikk, skjer kontroll og revisjon på følgjande måte: NAV gjennomfører årlig en omfattande kontroll av sitt Arbeidstakarregister. Et utval av arbeidsgjevarar med manuell innrapportering får tilsendt lister over alle personar de har innmeldt med aktivt arbeidsforhold. Feil blir så meldt til NAV. SSB kontrollerer at fleirbedriftsføretak har egne numre for kvar bedrift. NAV og SSB kontrollerer at arbeidstakarane blir knytte til riktig bedrift. SSB kontroller og Arbeidstakarregisteret opp mot Lønns- og trekkoppgoveregisteret, ARENA-registeret, m.m. Noen typar feil blir og retta direkte i datagrunnlaget for personellstatistikken. I forbindelse med StatRes-Barnevern, må avgrensinga av populasjonen og inndelinga i regionar (sjå punkt 1.4 og 3.1) kontrollerast for kvar ny årgang.

3.6. Berekningar

Personell:

Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær er berekna av SSB som summen av talet på heiltidsjobbar (arbeidsforhold) og deltidsjobbar omregna til heiltidsjobbar, eksklusive årsverk tapt på grunn av legemeld sjukefråvere og foreldrepermisjon. Årsverk blir rekna som prosentdel av vanleg heil stilling (37,5 timer pr uke). Dette blir gjort med utgangspunkt i arbeidstida på referansetidspunktet som er tredje uke i november i statistikkåret, og det sjåast som representativt for heile året. Talet på avtalte årsverk eksklusive lange fråver vil ikkje være identisk med dei faktisk utførte årsverka, sidan statistikken ikkje fangar opp overtidsarbeid, eigenmeld sjukefråvere, ferie, og andre avvik frå avtalt arbeidstid utover legemeld sjukefråvere og foreldrepermisjonar.

Einingskostnader

SSB publiserar utgiftar per opphaldsdag for ulike tiltaka i det statlege barnevernet. Einingskostnader er rekna ut for dei ulike tiltaka med å ta eigenproduksjon + overføringar til private delt på opphaldsdagar.

 For tiltaka statlege barnevernstiltak i alt, hjelpetiltak i heimen og fosterheimar publiseras det utgifter per opphaldsdag uavhengig av om leveransen av tenesta er frå statlige eller private. Under barnevernsinstitusjonane publiserar SSB både utgiftar per opphaldsdag for statlege institusjonar, og utgiftar per opphaldsdag dersom staten kjøpar plassane frå private institusjonar. Utrekninga for desse to indikatorane er gitt under:

Utgifter per opphaldsdag i statlege barnevernsinstitusjonar:

Eigenproduksjon / opphaldsdagar i statlege barnevernsinstitusjonar

Utgifter per opphaldsdag ved kjøp frå private barnevernsinstitusjonar:

Overføringar til private / opphaldsdagar i private barnevernsinstitusjonar

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For definisjonar av gjennomgåande og meir overordna omgrep i StatRes sjå Ordforklaringar på hovudsida til StatRes.

Eigenproduksjon. Eigenproduksjon omfattar lønnskostnadar og kjøp av varer og tenester som inngår i statleg produksjon. Kjøp av varer og tenester omfattar blant anna lokaleleie, strøm, maskinar, utstyr og vedlikehald som ikkje blir klassifisert som investeringar.

Lønnskostnadar. Omfattar alle utgifter til lønn som knyt seg til rolla som arbeidsgivar. Refundert lønn frå folketrygda for sjukefråvær og fødsels- og adopsjonspengar er trukke frå driftsutgiftene slik at tala ikkje skal bli blåst opp. For Oslo og Trondheim trekkast også kompensasjon for påløpt mva. frå utgiftene.

Investeringar. Investeringar i barnevernet dreiar seg i stor grad om bilar til barnevernsinstitusjonane.

Overføringar. Overføringar i Statres barnevern omfattar overføringar til kommunar og til private aktørar i barnevernet. Eksakt kva type overføring det er snakk om er avhengige av under kva for eit tiltak overføringane føras.

Overføring til kommunar. Overføring til kommunar er utgifter ført under statsrekneskapens 60-konto. Under tiltaket fosterheimar er overføringar til kommunar refusjonar til kommunar for utlegg som overstig egenandelen. Under tiltaket hjelpetiltak i heimen er overføringar til kommunar refusjonar for utlegg til miljøbaserte tiltak.

Overføringar til private. Overføringar til private er henta frå statsrekneskapens 22-konto for Bufetats regionar, og frå  funksjonsinndelinga i rekneskapet til regionane og Oslo og Trondheim.

Overføringar til private under barnevernsinstitusjonar er statens kjøp av plassar frå private barnevernsinstitusjonar.

Overføringar til private under fosterheimar er statens kjøp av private fosterheimstenester.

Overføringar til private under omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er kjøp av plasser frå private institusjonar og omsorgssenter.

Totale utgifter. Totale omfattar eigenproduksjon, investeringar og overføringar.

Godtgjering/lønn til fosterheimar. Staten utbetaler godtgjering til fosterheimsforeldre. Arbeidsgodtgjering blir skattlagt som lønn, og av dette beløpet skal det betalast arbeidsgjevaravgift.

Utgiftsdekning til fosterheimar. Fosterforeldre får i tillegg til arbeidsgodgjering eit tillegg til dekning av utgifter. Blant anna skal desse tillegget dekke bustad, strøm, matvarer, kle, hygiene, sport, lek og fritid og hushaldningsartiklar ut over det barnet skal ha ved plasseringas start.

Tiltaka i det statlege barnevernet:

Barnevernsinstitusjonar omfattar både offentlege og private institusjonar. Med fosterheimar i statleg regi meinar ein til dømes fosterheimar med forsterkning, familieheimar, beredskapsheimar, ungdomsfamiliar og § 4-27-plasseringar. Heimebaserte tiltak er tiltak som til dømes familierettleiing, multisystemisk terapi (MST) og ”parental monitoring training” (PMTO). MST og PMTO er spesialiserte behandlingsopplegg for å hjelpa barn og familiar.

Barn, opphald og opphaldsdagar:

Merk at eit barn kan ha fleire opphald i ulike barnevernstiltak, og at eit opphald kan strekkje seg over fleire opphaldsdagar.

Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær:

Definerast som summen av talet på heiltidsjobbar (arbeidsforhold) og deltidsjobbar omrekna til heiltidsjobber, eksklusive årsverk tapt på grunn av legemeld sjukefråvere og foreldrepermisjon. Sjå punkt 3.6 Berekningar.

Utdanning:

Det er to kjelder som gir informasjon om personar med helse- og sosialfaglig utdanning. Den eine er Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH) sitt Helsepersonellregister (tidlegare Helsetilsynets autorisasjonsregister). Den andre kjelda er Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). I registerbasert personellstatistikk kombinerast opplysingane frå desse registra. For personar utan helse- og sosialfaglig utdanning som er sysselsette i helse- og sosialtenester, hentes utdanninga frå SSB sitt register over Befolkninga sitt utdanningsnivå.

4.2. Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Kontrollane som er lagt inn i dei elektroniske skjemaene, i konverteringsprogrammet for filuttrekk og i mottaket i SSB gjev ein automatisk og rask tilbakemelding til dei som rapporterar.

Rekneskap:

Det er mogeleg at kontoplanen tolkast ulikt av ulike rapportørar, og det kan føre til skjeivheitar. Dette gjeld særlig kva som førest som drift av bygningar og utstyr og kva som førest som investeringar. Det anses ikkje som sannsynleg at det er stor grad av feilføring, og innvirknaden på tala bør være liten.

Regionane fører sine rekneskap etter kontantprinsippet, medan Oslo og Trondheim følgjer anordningsprinsippet. Sammenligning av einheitar med ulike regnskapsprinsipper må gjerast med ein viss varsemd.

Personell:

Datakvaliteten vedrørande dei aller minste og mest sporadiske arbeidsforholda vil være dårligare enn for arbeidsforhold som er innmelde til Arbeidstakarregisteret. For personar som er definert som sysselsette og lønnstakare bare på grunn av opplysningar frå Lønns- og trekkoppgoveregisteret, er arbeidsforholda ikke datert. Dette gjelder 6 prosent av avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i regionane i 2008. For rundt halvparten av denne massen hentes det inn informasjon frå andre register for å tidfeste arbeidsforholdet. For de resterande leggjast informasjon om størrelse på lønn til grunn for om en person ses som sysselsett. Det er altså knytte ei viss usikkerheit til om alle LTO-arbeidsforholda faktisk var aktive på referansetidspunktet for personellstatistikken (tredje uke i november).

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Tidligare fylkeskommunalt barne- og familievern blei overtatt av staten frå 1. januar 2004.

På grunn av at data no blir rapportert på regionsnivå i staden for på fylkesnivå, vil ein få eit tidsseriebrudd frå 2004. Data på fylkesnivå frå tida før 2004 er framleis å finna i KOSTRA.

Saman med det første publiseringsåret for statistikken (2004-publiseringen) vil tenestedata for 2003 være aggregert opp på regionsnivå. For Region Midt-Norge vil denne sammenligninga være misvisande for barnevernet, da Trondheim ikkje inkluderast i regionen.

For rekneskapsdata vil det bli tidsseriebrudd på grunn av forskjellige føringsprinsippar i statlige og kommunale regnskap (hhv kontantprinsippet og anordningsprinsippet). Rekneskapsomgrepa for statleg regionalt barnevern er ikkje heilt identisk med omgrepa som blir nytta i KOSTRA, og kan dermed gje svakare samanlikningsgrunnlag mellom nøkkeltala for regionane og kommunane.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Det blir også publisert annen statistikk om barnevern i SSB.

SSB sin øvrige statistikk om barnevern er ein individstatistikk innhenta frå den kommunale barnevernstenesta og ein ny institusjonsstatistikk frå og med 2007-årgangen. Familievern som også ligg inn under Bufdir inngår ikkje i denne statistikken. Dei klientane som treng tiltak i statleg regi vil ein finna att i den summariske statistikken over statleg barnevern.

Den individbaserte statistikken frå kommunane gjev meir detaljert statistikk og omfattar i tillegg til det statlege barnevernet også statistikk om det kommunale barnevernet. I StatRes er populasjonen avgrensa til Statsforvaltningen,og personellressurar i Bufdir inngår ikkje i statistikken, samtidig som statistikk og indikatorar blir presentert i eit heilhetleg system kor føremålet er å vise kor mykje ressursar staten nyttar, korleis disse ressursane blir brukt i forskjellige aktivitetar og tenestar; og kva ein kan sjå som resultat av ressursbruken. Det er denne måten å avgrensa, kobla, leggje til rette og presentera data og statistikk om staten på som skil StatRes frå annen offisiell statistikk om staten og staten si verksemd. Rekneskapstala som blir publisert her inngår også i SSBs ordinære publiseringen av Offentlig forvaltning sine inntekter og utgifter.

SSB publiserer også statistikk om institusjonane i det statlige regionale barnevernet. Statistikken omfattar alle barnevernsinstitusjonar som er godkjent av Bufdir. For nærare informasjon om denne statistikken finn ein i Om statistikken for Barnevernsinstitusjonar.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Tala vil bli publisert på SSBs Internettsider, samt i Statistikkbanken.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Dataene frå innsamlingane blir lagra hos den enkelte fagseksjon.

Dataene blir samla inn på vegne av Barne- og likestillingsdepartementet. Overlevering av data utover det som er publisert skjer etter avtale inngått mellom gjeldande departement og seksjon i SSB.


2010 © Statistisk sentralbyrå