Om statistikken

1. Administrative opplysninger

1.1. Navn

Barnevern, personell

1.2. Emnegruppe

03.03 - Barne- og familievern

1.3. Hyppighet og aktualitet

Statistikken kjem ut ein gong i året.

1.4. Regionalt nivå

Tal på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå.

1.5. Ansvarlig seksjon

350 - Seksjon for levekårsstatistikk

1.6. Lovhjemmel

Opplysningane blir henta inn av Barne- og familiedepartementet med heimel i lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 (BVL), §2-3. Statistisk sentralbyrå står for sjølve innsamlinga av oppgåvene og i medhald av statistikklova av 16. juni 1989 §3-2 nyttar vi dei til produksjon av offisiell statistikk.

1.7. EU-rettsakt

Ikke relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikke relevant.

2. Bakgrunn og formål

Målet har vore å laga ein statistikk over personellinnsatsen i den kommunale barneverntenesta med opplysningar om tilsette si utdanning. Ein ynskjer òg opplysningar om organisering av barnevernet og kva for instansar barnevernet samarbeidar med.

2.1. Formål og historie

Statistikk over personell i sosialkontortenesta, som er ein summarisk statistikk, blei fyrste gong innsamla i 1984. Det var fyrst i 1991 at tilsette i barnevernet blei skilt ut under nemninga av desse personar til barnevernsarbeid. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og frå no registrerer ein stillingar etter utdanning omrekna til heile stillingar, og i tillegg talet på ledige stillingar per 31.12. I dag blir opplysningar om tilsette samla inn på to ulike skjema, eit for barneverntenesta og eit anna for sosialkontortenesta, sjøl om mange tilsette arbeider både med barnevern og sosialhjelp. Opplysningar om organisering og samarbeid blei fyrste gong publisert i 1993.

2.2. Brukere og anvendelsesområder

Brukarar: Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, fylke og kommunar, granskingsinstitusjonar, presse, studentar innan helse- og sosialfag.

Bruksområde: Offentleg planlegging, gransking og utgreiing, utdanning og offentleg debatt.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Registreringa av personellinnsats, organisering og samarbeid i det kommunale barnevernet, byggjer på eitt skjema som skal sendast inn ein gong i året. Når det gjeld organisering og samarbeid, byggjer dataene på ei enkel avkryssing på eit skjema med prekoda svaralternativ. Data over tilsette er knytt til teljedatoen 31. desember.

3.2. Datakilder

Dataene kjem frå den kommunale barneverntenesta.

3.3. Utvalg

Ikkje utval. Alle kommunar sender inn oppgåver, og opplysningar om alle tilsette skal registrerast.

3.4. Datainnsamling

Kommunane sender inn eit registreringsskjema ein gong i året (frist 15. februar). For KOSTRA-kommunar vert data no overførte elektronisk og registrerte på elektroniske skjema.

Utfylling av eit elektronisk skjema for ein som kjenner barneverntenesta vil truleg ta ca. 5 min.

3.5. Kontroll og revisjon

Kontroll av data byggjer på ei jamføring med tal på tilsette frå året før.

3.6. Beregninger

Ikke relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikke relevant.

4. Begreper, kjennemerker og grupperinger

Sentrale omgrep i statistikken er: utdanning, ledige stillingar, vikariater, og organisering. Statistikken skil mellom samarbeid i generelle saker og samarbeid i klientsaker.

4.1. Definisjon av de viktigste begreper og variabler

Utdanning

Statistikken har følgjande utdanningskategoriar: sosionomar, barnevernspedagogar, anna høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Ledige stillingar

Ei stilling blir definert som ledig dersom den har stått ledig fire månader eller lengre.

Vikariater

I samband med vikariater er det vikaren si utdanning ein skal registrere, ikkje utdanninga til den som har permisjon.

Organisering

Ein skal her velge det alternativet som passar best (prekoda svaralternativ). Hovedskillet går mellom barnevern organisert innafor sosialkontoret, eller som eigen etat/kontor.

4.2. Standard klassifikasjoner

Ikke relevant.

5. Feilkilder og usikkerhet

I mange små kommunar vil tilsette på sosialkontoret arbeide både med barnevern og økonomisk sosialhjelp, og administrativt personell er ofte felles for sosial- og barneverntenesta. Regelen er her at ein skal registrere den tilsette etter den tidsbruken som går med til barnevern. Her er det sjølvsagt ein fare for at ein kan registrera feil.

5.1. Måle- og bearbeidingsfeil

Dei feil og manglar som kjem til syne når ein jamfører med fjorårstalla vil ein freista å få retta opp ved kontakt med den kommunale barneverntenesta.

5.2. Frafallsfeil

Ikke relevant.

5.3. Utvalgsfeil

Ikke relevant.

5.4. Andre feil

Ikke relevant.

6. Sammenliknbarhet og sammenheng

6.1. Sammenliknbarhet over tid og sted

I perioden 1984-1990 fins det ikkje tal for tilsette i den kommunale barneverntenesta. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og registreringa av personell er ikkje blitt nemneverdig endra etter dette. Det er difor ingen brot i tidsserien over tilsette i barnevernet.

6.2. Sammenheng med annen statistikk

Ikke relevant.

7. Tilgjengelighet

7.1. Publikasjoner og andre lenker

http://www.ssb.no/emner/03/03/10

NOS Sosialhjelp og barnevern. (Før 1998: NOS Sosialstatistikk).

Styrings- og informasjonssystemet for helse- og sosialtjenesten i kommunene "Hjulet".

RS - tabellar med kommunetal.

7.2. Lagring og anvendelser for grunnmaterialet

SSB har årgangsfiler og filforklaringar.


2010 © Statistisk sentralbyrå