Forebels tal blir publisert via KOSTRA 15. mars kvart år. Det publiserast også tall via KOSTRA 15. juni. For området barnevern er desse tala ikkje endelege, da revisjon for fleire av kommunane ikkje er ferdig per juni.
Ferdigreviderte og endelege tal publisere ein gong i året, i august/september.
Ikkje relevant.
350 - Seksjon for levekårsstatistikk
Opplysningane blir henta inn av Barne- og likestillingsdepartementet med heimel i lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 (BVL), §2-3. Statistisk sentralbyrå står for sjølve innsamlinga av oppgåvene og i medhald av statistikklova av 16. juni 1989 §3-2 nyttar vi dei til produksjon av offisiell statistikk.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Formålet med barnevernsstatistikken er å lage ein statistikk som viser bruk av barnevernstiltak og undersøkingar i Noreg. Vi vil seie noko om kor mange barn som får hjelp frå barnevernet, kva type hjelp barna får, og vi vil samanlikne over tid for å sjå utviklingar på området.
Barnevernsstatistikken blei fyrste gong publisert i 1900, og var fram til 1954 ein summarisk statistikk laga på bakgrunn av årsmeldingar frå verjeråda. Fram til 1915 blei statistikken laga av Kirke- og undervisningsdepartementet, seinare av Statistisk sentralbyrå. Frå 1954 har barnevernsstatistikken blitt laga på bakgrunn av årlege oppgåver frå kommunane. Den store omlegginga kom på 1990-talet. Frå og med 1992 blei dataomfanget sterkt utvida, og omlegginga førte òg til brot i nokre av tidsseriane, m.a. for talet på "nye" barnevernsklientar. Tal på nye klientar frå før og etter 1992 kan ikkje samanliknast direkte. I 1993 blei registreringsskjemaet endra som følgje av ny barnevernslov. Den nye lova opna for at barn kan plasserast utanfor heimen utan at fylkesnemnda først må ha fatta vedtak om å ta over omsorga. Talet på barn under omsorg frå og med 1993 kan derimot jamførast. Den siste endringa i statistikken, som gjeld frå og med 1997, er at meldingar til barnevernet er tatt ut. Vi spør no berre om kven som meldte saka, og innhaldet i meldinga, for dei barna kor barnevernstenesta startar eller avsluttar undersøking i statistikkåret.
I 2002 var det ein omlegging av barnevernsstatistikken. No kom KOSTRA-funksjonane 251 og 252 med i rapporteringsgrunnlaget.
Frå og med 2007 blei skjema 15, Barnevernsstatistikk, endra. Det er kome fleire tiltakstypar med, for minst mogleg bruk av kategorien "andre tiltak", som de seinare åra har økt.
Brukarar: Barne- og likestillingsdepartementet, fylka og kommunar, statlege styringsorgan, forskningsinstitusjonar, presse og studentar.
Anvendelsesområde: Offentleg planlegging, gransking og utgreiing, utdanning og offentleg debatt.
I barnevernsstatistikken skal ein fylla ut eitt skjema per barn som er under undersøking av barnevernet og/eller barn med tiltak etter lov om barneverntjenester. Barnet er eining i statistikken og det blir nytta fullt fødselsnummer. Ein kan setja i verk tiltak for barn under 18 år, eller forlenga eit tiltak som alt er i gong, fram til barnet fyller 23 år, dersom det samtykkjer i dette. Registreringa blir gjort av barnevernstenesta i kommunane, som sender inn ei datafil til SSB. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sender inn elektroniske skjema frå SSBs websider.
Statistikken inneheld opplysningar om; startdato og avslutningsdato for undersøking, kven som meldte saka som førte til undersøking, saksinnhaldet i meldinga, og resultatet av undersøkinga.
For barn som har motteke tiltak i statistikkåret, registrerer ein om barnet hadde hjelpetiltak og/eller omsorgstiltak, om tiltaket var i opphavleg familie (funksjon 251) og/eller utanfor opphavleg familie (funksjon 252), kva slag tiltak og talet på månader tiltaket har vore i verk i statistikkåret. Ein registrerer òg om foreldra er blitt fråtekne ansvaret for barnet i statistikkåret, om barnet er plassert utanfor heimen i oppgåveåret, samt grunnlag for vedtak om tiltak.
Dataene kjem frå den kommunale barnevernstenesta. Når det gjeld opplysningar om økonomi framgår desse berre av kommunerekneskapet.
Vi brukar befolkningsdata for 1.1. påfølgjande år, for å rekna ut per 1000 tal.
Ikkje utval. Alle barn med barnevernstiltak og/eller undersøking blir registrerte.
KOSTRAskjema 15 Barnevern, og ei filforklaring ligg til grunn for dataregistreringa. For kommunar med IT system for barnevern blir det gjort eit filuttrekk som sendes elektronisk til SSB. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sender inn elektroniske skjema frå SSBs websider.
Kommunane får attende oversiktstabellar og feillister etter innsendt barnevernsstatistikk. Kommunane bes sjekke at tala stemmer, og rapporterer til SSB dersom det er feil i innsendt data. Det vil da vurderas om feil skal rettes manuelt eller om kommunen må sende inn på ny.
Ved interkommunalt samarbeid sendas det inn ei fil for kvar kommune.
Kontrollprogrammet for barnevern, som ligg på SSB-weben, har ein sentral plass i dei faste kontroll- og revisjonsrutinane for statistikken. Kontrollprogrammet kjørast av kommunane før innsending av barnevernsfil til SSB, og kommunane retter opp mest mogeleg før innsending. Etter mottak av fil kjørast kontrollprogram også i Statistisk sentralbyrå. Foreløpige tabellar med hovudtall, og feilliste, sendes til den enkelte kommune. Barnevernstenesta i kommunen sjekkar at data stemmer, og fører riktige opplysningar på feillista. Feillistene returnerast til SSB for revisjon, som utføres før endelig publisering.
Ikkje relevant.
SSB skal ikkje offentleggjere tal dersom færre enn tre einingar ligger til grunn for ein celle i tabellen, og dermed prikkar vi kommunetal dersom dette er tilfelle.
Vi brukar to sett tall, - barn med tiltak i løpet av året, og barn med tiltak per 31.12. (utgangen av året).
I løpet av eit år kan eit barn ha hatt både hjelpetiltak og omsorgstiltak, og ha fått hjelp både i og utefor opprennelig familie. Per telledato, 31.12, har barnet enten hjelpetiltak eller omsorgstiltak, og får enten hjelp i familien eller utanfor opprennelig familie -dersom barnet er plassert. Eit barn kan ha hatt fleire plasseringstiltak i løpet av eit år, men kan berre ha eit plasseringstiltak per 31.12. Dette medfører at vi kan vite kor mange barn som er plassert på slutten av året.
Undersøkingar Barnevernstenesta har rett og plikt til å starta ei undersøking når det er rimeleg grunn til å tru at barn lever under slike høve at det kan bli aktuelt med tiltak etter lov om barneverntjenester. Dersom barnevernstenesta gjer fleire undersøkingar om same barn, er det enten den undersøkinga som førte til vedtak om tiltak som skal registrerast. Ev skal den første undersøkinga i statistikkåret registrerast.
Statistisk sentralbyrå får ikkje opplysningar om meldingar som kjem til barnevernstenesta, som ikkje førar til undersøking.
Hjelpetiltak Hjelpetiltak er etter lov om barneverntjenester heimla i § 4-4 (i gammal barnevernlov både § 18 førebyggjande tiltak og § 51 ettervernstiltak). Hjelpetiltak kan t.d. vera økonomisk stønad, barnehage, støttekontakt, tilsyn, besøksheim/avlastningsheim, heimkonsulent, avlastningsinstitusjon, foreldre-/barneplassar (mødreheim), poliklinisk behandling i barne- og ungdomspsykiatrisk institusjon, hjelp til bustad o.a. Den nye barnevernlova som kom i 1993, opna for at barn kan plasserast bort frå heimen - til dømes i fosterheim - utan at ein må treffa vedtak om å ta omsorga. Ei slik plassering etter § 4-4 femte ledd, vil då bli eit hjelpetiltak.
Omsorgstiltak Omsorgstiltak er etter lov om barneverntjenester grunngitt i § 4-12 (etter gammal barnevernlov § 19). Alle vedtak om å ta omsorga for barnet og plassere det til oppfostring bort frå heimen skal avgjerast i fylkesnemnda. Omsorgstiltak er tiltak heimla i § 4-12 som til dømes beredskapsheim, fosterheim, barne-/ungdomsheim, bu-/arbeidskollektiv, rusmiddelinstitusjon, barne- og ungdomspsykiatrisk institusjon, psykiatrisk institusjon eller andre omsorgstiltak bort frå heimen. Når barnet er under omsorg, registrerast alle tiltaka som omsorgstiltak.
Nye barn i barnevernet Alle barn med tiltak frå barnevernet i statistikkåret som vi ikkje finn att i barnevernsstatistikken året før, blir definert som "nye barn" med tiltak. Det vil seie at sjølv om barnet blir registrert som nytt barn i barnevernsstatistikken, kan det hende at barnet har motteke hjelp tidligare. Fullt fødselsnummer er her nøkkelen til å skilje ut kven som er nye barn i barnevernet.
Ikkje relevant.
Kontrollprogrammet blir brukt til å sjekke logiske feil og manglar i data på individnivå. I tillegg brukar ein den summariske "statistikken" som kommunane rapporterer inn til fylkesmenn som ein kontroll av data på kommunenivå, samt at vi samanliknar tal med tala frå året før. Det vert ikkje laga noko kvalitetsrapport knytt til den årlege statistikken.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Sjå punktet under.
I perioden 1980-1985 brukte ein ikkje fødselsnummer i registreringa, noko som hindra kontroll av dublettar. Tal frå desse åra kan difor ikkje heilt samanliknast med periodane før og etter. Talet på barn under omsorg i 1992 er truleg for høgt fordi statistikkskjema for 1992 var utforma slik at alle plasseringar vart registrerte som omsorgsplasseringar. Det er eit brot i tidsserien i 1993 over nye barn med tiltak som eit resultat av ny definisjon av nye barn.
I 2002 var det endring i barnevernsskjema, der blant anna fleire kategoriar for tiltakstypar kom med.
I 2007 var det ei ny omlegging, med fleire typar tiltak og opplysningar som samlas inn. Det vil si at barnevernsstatistikken frå 2002-2006 er fullt samanliknbar.
Hovudtall for 2007 og påfølgjande år vil fortsett kunne samanliknast med tidligare årgangar, det vil seie til dømes omfang av barn med tiltak, barn med omsorgstiltak, hjelpetiltak, plasseringar og undersøkingar. Frå og med 2007 har det kome med fleire alternativ for tiltakstype og meldingsinstans. Det vil dermed kunne vere eit brot når det gjelder tiltakskategorien "andre tiltak" og kategorien ”andre” for meldingsinstans.
Ikkje relevant.
I Statistikkbanken er det moglegheit for å setje saman eigne tabellar. Sjå lenke til venstre.
Enslige mindreårige asylsøkere i barnevernet 2005. Rapport 2007/ 41, Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/emner/03/03/10/rapp_200741/index.html
Enslige mindreårige asylsøkere i barnevernet. Tre av ti enslige mindreårige får hjelp. I Samfunnsspeilet 2/2008, Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/vis/samfunnsspeilet/utg/200802/04/art-2008-04-11-01.html
Innvandrerbarn i barnevernet 2004: Rapport 2006/19, Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/emner/03/03/10/rapp_200619/index.html
Plasseringer i barnevernstjenesten - med og uten innvandrerbakgrunn. Samfunnsspeilet 4/2006, Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200604/14/index.html
SSB har årgangsfiler og filforklaringar.
2008 © Statistisk sentralbyrå