92663
statistikk
2013-02-18T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
true

Obligasjonar og sertifikat4. kvartal 2012

Innhald

Store lån i Noreg, men mindre lån i utlandet

Det vart registrert ein auke i emisjonar av obligasjonar og sertifikat i Noreg i 4. kvartal 2012, mens talet og beløpet for emisjonar utafor Noreg utferda av norske einingar vart redusert. Verdipapirgjelda til dei norske einingane gjekk difor ned med 1 prosent frå kvartalet før.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i Noreg Sertifikat utferda i Noreg Verdipapirlån utferda i utlandet
Talet Beløp Talet Beløp Talet Beløp
 
Desember 2012 91 24 998 70 91 828 84 37 738
November 2012 123 38 545 103 21 179 101 90 567
Oktober 2012 75 31 907 87 21 228 109 56 235
September 2012 108 34 867 114 85 780 99 48 597
August 2012 73 23 225 95 18 578 175 97 596
Juli 2012 42 11 135 54 12 373 152 82 217
Juni 2012 96 35 366 111 113 286 160 91 083
Mai 2012 59 24 879 92 21 170 179 83 953
April 2012 61 13 567 73 16 734 198 119 494
Mars 2012 94 40 769 104 88 305 222 130 310
Februar 2012 91 42 553 95 18 122 193 105 501
Januar 2012 82 49 927 88 27 069 167 147 371
Desember 2011 . . .. .. 0 0
Emisjonar i pålydande verdi. Millionar kroner
Sektorfordeling av lånegjelda innalands i 3. og 4. kvartal 2012. Prosent
Norske låntakarar sin verdipapirgjeld ved utgangen av desember 2012, etter valuta. Prosent
Emisjonar i pålydande verdi. Millionar kronerSektorfordeling av lånegjelda innalands i 3. og 4. kvartal 2012. ProsentNorske låntakarar sin verdipapirgjeld ved utgangen av desember 2012, etter valuta. Prosent

Det vart registrert 289 emisjonar av obligasjonar og 260 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 229,7 milliardar kroner i Noreg i 4. kvartal 2012. Lånevoluma var størst for sertifikat. Talet på emisjonar samla gjekk opp med 13 prosent, mens beløpet auka med 24 prosent, rekna frå kvartalet før. Om lag 94 prosent av lånevolumet, 214 milliardar kroner, vart teke opp av innlendingar i siste kvartalet i 2012. I den same perioden vart det registrert 294 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse var 184,5 milliardar kroner. Talet på og beløpet for slike emisjonar gjekk ned med høvesvis 31 og 19 prosent frå 3. til 4. kvartal 2012.

Offentleg forvaltning låner mest i Noreg, men bankane dominerer framleis utalands

Offentleg forvaltning sto for 60 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 4. kvartal 2012. Dette svarar til 137,0 milliardar kroner. Finansielle føretak sto for 21 prosent, eller 47,3 milliardar kroner, av emisjonsvolumet. Ikkje-finansielle føretak sto for 13 prosent, noko som tilsvarar 29,3 milliardar kroner.

Som tidlegare sto norske bankar for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 4. kvartal 2012. 63 prosent, eller 117 milliardar kroner, av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar. Ikkje-finansielle føretak emitterte det nest største beløpet på 63 milliardar kroner.

Nedgang i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 796 milliardar kroner ved utgangen av 4. kvartal 2012. Dette er ein oppgang frå utgangen av kvartalet før på om lag 2 prosent og 10 prosent meir enn i 4. kvartal 2011. Offentleg forvaltning hadde mest gjeld, det vil seie 31 prosent, eller 552,4 milliardar kroner, i det siste kvartalet i 2012. Andre finansielle føretak hadde den nest største gjelda, som utgjorde 30 prosent, eller 532,7 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2,2 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

Utlendingar emitterer stadig fleire obligasjonar og sertifikat i Noreg. 89 prosent, eller 1 604 milliardar kroner, av gjelda frå emisjonar og sertifikat som er emitterte innalands, var registrerte på norske låntakarar i 4. kvartal 2012, mot 90 prosent i kvartalet før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet, på 1 270 milliardar kroner, ein reduksjon på 4 prosent frå kvartalet før. Samla gjeld frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som er emitterte av norske einingar i Noreg og utlandet, gjekk difor ned med om lag 1 prosent i same perioden og utgjorde 2 874 milliardar kroner ved utgangen av 2012. Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste låna i utlandet blir tekne opp i annan valuta: anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. I underkant av 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg har ein attverande løpetid på to år eller mindre.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?