Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Avløp, kommunalt, hydraulisk kapasitet

1.2. Emnegruppe

01.04.20 - Vatn

1.3. Kor ofte og aktualitet

Årleg i form av rapport og Dagens Statistikk.

1.4. Regionalt nivå

Tal vert publisert hovudsakleg på nasjonalt og regionalt nivå, men det førekjem òg ein del tal på andre nivå, som til dømes resipientområde, avrenningsområde o.l.

1.5. Ansvarleg seksjon

220 - Seksjon for miljøstatistikk

1.6. Lovheimel

Forureiningslova.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ein oversikt over status og utvikling innan kommunalt avløp. Statistikken gjev informasjon om bl.a. talet på avløpsanlegg, reinsekapasitet, reinsemetode, tilknytningsgrad, slamdisponering, utslepp av fosfor og nitrogen m.m. Data frå kommunale avløpsanlegg vart samla inn sporadisk på 80-talet, men frå 1992 har det skjedd årleg gjennom SSB-avløp (t.o.m 1996) og SESAM (f.o.m 1997).

2.2. Brukarar og bruksområde

Statistikken vert brukt av miljøforvaltninga på nasjonalt og regionalt nivå, dvs. Miljøvern-departementet, Statens forureiningstilsyn og Fylkesmannen si miljøvernavdeling. I tillegg vert statistikken i varierande grad brukt av media, næringsliv og ulike organisasjonar.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Data vert samla inn for samtlege kommunar i landet (fullteljing). Rapportering skjer ein gong i året, og fristen er 15. mars.

3.2. Datakjelder

Statens forurensningstilsyn sin SESAM-database

3.3. Utval

435 kommunar. I overkant av 4000 avløpsanlegg.

3.4. Datainnsamling

Elektronisk datainnsamling (Excel) frå kommune til miljøvernavdeling, kor dataene deretter vert importert til SESAM.

3.5. Kontroll og revisjon

Alle data vert sjekka automatisk i det dei vert importert til SESAM. I tillegg gjennomfører SSB kvalitetskontrollar og eventuelt purringar i dei tilfella der dataene ikkje held godkjent kvalitet.

3.6. Beregninger

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Avløpsrenseanlegg vert tradisjonelt delt inn i tre grupper etter reinseprinsipp: Mekanisk, kjemisk og biologisk. I tillegg kjem kombinasjonar av disse grunntypane.

Mekaniske avløpsrenseanlegg omfattar slamavskiljarar, rister, siler, sandfang og sedimenteringsanlegg. Desse anlegga fjernar berre dei største partiklane frå avløpsvatnet.

Høggradige avløpsrenseanlegg omfattar anlegg med biologiske og/eller kjemiske reinsetrin. Ved biologisk reinsing fjernar ein hovudsakleg lett nedbrytbart organisk stoff ved hjelp av mikroorganismar. Ved kjemisk reinsing tilfører ein kjemikaliar i reinseprosessen for å fjerne fosfor. Høggradige avløpsreinseanlegg reduserar mengda fosfor og andre forureinande stoff meir effektivt enn mekaniske.

Personekvivalentar (pe) er avløp frå industri, institusjonar o.l. omrekna til avløp frå eit tilsvarande tal personar.

Personeiningar (PE) er summen av talet på fastbuande personar og talet på personekvivalentar (pe) i eit område.

Hydraulisk kapasitet er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg er dimensjonert til å behandle.

Hydraulisk belastning er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg faktisk behandlar.

Et separat avløpsanlegg er eit anlegg berekna på å motta avløpsvatn som i mengde eller samansetning tilsvarar avløp frå inntil 7 bustad- eller hytte-einingar (som oftast private anlegg i spreidtbygde strøk).

Nordsjøavtalene

Nordsjøavtalene referar til dei felles deklarasjonane frå landa rundt Nordsjøen om å redusere forureininga av Nordsjøen. Eitt av måla var å halvere dei totale tilførslane av næringsstoffa nitrogen og fosfor i perioden 1985-1995. Sidan desse måla ikkje var nådd innan utgongen av 1995, blei tidshorisonten utvida til år 2005.

4.2. Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

5. Feilkjelder og uvisse

Sidan det dreiar seg om ei fullteljing unngår ein feil og uvisse som følgje av utvalet sin representativitet og eventuell oppblåsing til landstall. Størst uvisse er knytt til kvaliteten på dataene som kommunane rapporterer inn. I mange tilfelle er det manglar og opplagte feil i de innrapporterte dataene, og ein del av dette blir oppdaga og ordna. Likevel vil nok feil på innrapporterte data kunne få store utslag, spesielt når data vert publisert for den enkelte kommune.

Når det gjelder utsleppsberekningane vil det vere forholdsvis stor uvisse sidan berre eit fåtal av anlegga måler dei faktiske utsleppa. Det er òg ein del uvisse knytt til målingane ved anlegga (målefeil o.l.).

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Ikkje relevant.

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Samanlignbarheita over tid er noko usikker som følgje av ei meirrapportering dei siste åra. Avløpsanlegg som har eksistert i mange år er først komne med dei siste åra. Dette fører til ein tilsynelatande auke i utsleppa, medan realiteten kanskje er den motsette.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Rapport og Dagens Statistikk

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ressursinnsats, avløp og rensing i den kommunale avløpsektoren, 1998

Ressursinnsats, avløp og rensing i den kommunale avløpsektoren, 1997


2008 © Statistisk sentralbyrå