10651
statistikk
2001-03-07T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
avfregnpapir, Avfallsregnskap, papir, kildefordelt avfall, papiravfall, pappavfall, avfallsbehandling, gjenvinning, deponeringAvfall, Natur og miljø
true

Avfallsregnskap, papir1985-1999

Innhold

Stadig mindre papir på fyllinga

Vi kastar over 1 million tonn papir i året, og det har vi gjort på heile 1990-talet. Men vi gjenvinner stadig meir av papiret. Drygt ein tredel av papiravfallet hamna på fylling i 1999 mot over to tredelar i 1985.

SSB har oppdatert avfallsrekneskapen for papir og papp fram til 1999. Tala syner at det oppstår i overkant av 1 million tonn papiravfall i Noreg i året. Milliongrensa blei passert alt på slutten av 1980-talet, og sidan har det vore små endringar i nivået. I 1998 oppstod det nær 1,1 millionar tonn papiravfall i Noreg, og det er det høgaste som er utrekna. I 1999 var talet rundt 1,04 millionar tonn.

Dei nye utrekningane gir noko høgare tal for alle åra enn i førre utgåva av rekneskapen (sjå http://www.ssb.no/ukens_statistikk/utg/9904/3.shtml ). Den viktigaste skilnaden er at produksjonsavfallet no er rekna med. Produksjonsavfallet er estimert til om lag 100 000 tonn i året.

Tala er rekna ut frå statistikk over import, eksport og produksjon av papir i Noreg kvart år. Det er òg nytta tilgjengeleg avfallsstatistikk. Sjølv om metodane og datagrunnlaget stadig blir betre, skal ein vere merksam på at delar av talgrunnlaget framleis er svært usikre.

Mindre til fylling

Måten papiravfallet blir handtert på, har endra seg mykje gjennom perioden. Tala syner at mengdene papiravfall som blir lagde på fylling, blei nær halverte mellom 1988 og 1999. Mengdene papiravfall som blir utsorterte for materialgjenvinning, har i same perioden auka frå rundt 150 000 tonn til nær 500 000 tonn. Størstedelen av det utsorterte papiret blir materialgjenvunne, men noko blir vraka i gjenvinningsprosessen og blir energiutnytta eller hamnar på deponi. Det kan dreie seg om over 20 prosent. Om lag halvparten av mengdene som er ført som "levert til materialgjenvinning", blir eksportert.

Dei siste åra har meir papir blitt sendt til materialgjenvinning enn til deponi. 1999 var første året mindre enn 400 000 tonn papir hamna på fylling. Mengdene som blir brente, har tilsynelatande endra seg lite i perioden. Tala for forbrenning er utrekna frå opplysningar frå kommunale avfallsforbrenningsanlegg. I tillegg blir ein del papir brent i mindre forbrenningsanlegg. Desse mengdene blir ikkje registrerte som forbrent i rekneskapen. Noko energiutnytting er av tekniske årsaker ført som materialgjenvinning i rekneskapen. Difor har det truleg vore ein auke i mengdene som blir brente dei seinaste åra.

Meir frå hushalda

Det er hushalda som står for største delen av papiravfallet i Noreg. I 1999 oppstod 46 prosent av papiravfallet i hushalda, medan bidraget til tenestenæringane var på 34 prosent. I mange år har likevel tenestenæringane produsert størstedelen av papiravfallet. Men medan bidraga frå hushalda har auka i perioden, har mengdene frå tenestenæringane sunke. 17 prosent av papiravfallet oppstod i industrien i 1999, medan andre næringar stod for drygt 3 prosent. Tala for tenestenæringane og andre næringar er usikre.

Trykksaker og emballasje

Trykksaker, som til dømes aviser, har utgjort rundt halvdelen av dei totale papiravfallsmengdene gjennom heile perioden. I 1999 gav trykksaker 500 000 tonn papiravfall, noko som tilsvara 48 prosent av alt papiravfallet. Trykksaker og emballasje har hatt motsette trendar utover 1990-talet. Medan emballasjemengdene gjekk ned, auka trykksakmengdene, men i 1996 tok emballasjemengdene til å stige att. I 1998 oppstod det rundt 300 000 tonn emballasjeavfall. Året etter var mengdene sunke til 284 000 tonn, framleis over ein firedel av alt papiravfallet.