Årleg
Fylke, kommunar, grunnkrinsar
220 - Seksjon for miljøstatistikk
Bruker registeropplysningar (Statistikklova §3.2)
Ingen
Ingen
Føremålet med statistikken er å fylgje endringar i arealet av kommunar og grunnkrinsar, og å kunne kople arealtal til annan statistikk.
Offentleg forvaltning, forskingsmiljø, presse, kringkasting og privatpersonar.
Statistikken omfattar alle kommunar og grunnkrinsar i Noreg. Svalbard og Jan Mayen er også med i statistikken. Statistikken omfattar landareal og ferskvatn, dvs. hav og fjordar er ikkje med.
Grensedata frå Matrikkelen og digitalt kartverk for Noreg i målestokk 1 : 50 000 (N50). Statens kartverk.
Fullteljing
Registerbasert
Kontrollrutinar hos registereigarane. Statens kartverk, kommunane og SSB - Seksjon for befolkningsstatistikk.
Berekningane blir utførde av Statens kartverk. Det kan etter kvart bli aktuelt å gjere berekningane i Statistisk sentralbyrå.
Ingen
Kommuneinndelinga er ei administrativ inndeling av Noreg og representerer det lokale sjølvstyret. Kommune er nemninga både på eit politisk og forvaltningsmessig nivå og nemninga på eit regionalt nivå i statistikken. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)
Landet er delt inn i ca. 14 000 grunnkrinsar. Føremålet med å dele kommunane inn i grunnkrinsar er å lage små, stabile geografiske einingar som kan gje eit fleksibelt grunnlag for å arbeide med og presentere regionalstatistikk. Føremålet med dette er igjen å gje eit meir effektivt statistisk grunnlag for kommunal og regional analyse, forvaltning og planleggjing.
I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode, skal die også bestå av eit geografisk samanhengande område. Eit anna hovudkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonsforhold og bygningsmessig struktur. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)
Areal vert oppgjeve i kvadratkilometer og høgde over havet i meter.
Landarealet er alt areal av fastland og øyer unntatt ferskvatn slik det er kartlagt i Statens kartverks N50:
"Alle øyer som er større enn 300 m² og bredere enn 15 m tas med. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."
Ferskvatn omfattar innsjøer og elveflater slik dei er avgrensa i N50:
"Innsjøer som er større enn 300 m² og bredere enn 15 m tas med. Øyer i innsjø som er større enn 300 m² og bredere enn 15 m tas med. Innsjøer og øyer som er under minstemålet som anses så viktige at de beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes. Innsjøkonturen legges av etter normalvannstand. Ved oppdemte og regulerte innsjøer benyttes høyeste regulerte vannstand (HRV).
Elver bredere enn 15 m og lengre enn 100 m danner elveflater. Mellom to innsjøer kan elveflaten være kortere. Øy i elv som er større enn 300 m² og bredere enn 15 m, beholdes. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."
Landareal, areal av ferskvatn (innsjø og større elver). Statistikken kan verte utvida med fleire klasser.
Arealfordeling høgdelag:
0 - 59 m.o.h
60 - 159 m.o.h
160 - 299 m.o.h.
300 - 599 m.o.h
600 - 899 m.o.h.
900 - 1199 m.o.h.
1200 - 1499 m.o.h
1500 - 1799 m.o.h.
1800 - 2099 m.o.h.
2100 - 2700 m.o.h.
For grunnkrinsar vert det berre gjeve tal for land og ferskvatn.
N50 kartdata har eit innhald som tilsvarar kartserien ”Norge 1: 50 000”( M711). Produktet er kartografisk redigert med tanke på presentasjon i målestokk 1: 50 000. Grannsemda knytta til fotogrammetrisk konstruerte elementer er +/- 10 meter, medan tilsvarande for digitaliserte element er oppgjeve å vere +/- 50 meter.
Ingen
Ingen
Ingen
Tala for 2003 er delvis berekna ut frå eldre kartmateriale i målestokk 1: 100 000 med manuelle metodar; endring frå 2003 og framover har samanheng med dette.
Tal frå og med 2010 er berekna frå grensedata i Matrikkelen. I samband med dette er det endringar som følge av forbetringar i grunnlaget.
Arealdekkje på SSB sine heimesider.
Arealstatistikk på Statens kartverk sine heimesider.
Statistikken vert offentleggjort elektronisk (tekst, tabellar og figurar) via Dagens statistikk på SSB si heimeside på internett. Resultatet vert óg formidla i publikasjonen Statistisk Årbok.
Statistikken vert levert av Statens kartverk og grunnmaterialet er lagra hos dei. Det kan verte aktuelt å gjere berekningane i Statistisk sentralbyrå med lagring av kartgrunnlaget i årgangar
2010 © Statistisk sentralbyrå