Nøkkeltal: |
| Totalt landareal (inkl. innsjøar): |
| Kongeriket Noreg: 384 802 km2 |
| Hovudlandet: 323 782 km2 |
| Svalbard: 61 020 km2 |
| Jan Mayen: 377 km2 |
| Landareal, hovudlandet etter arealdekkje. Prosent: |
| Utbygd areal: 1,4 |
| Jordbruk: 3,2 |
| Myr/våtmark: 5,8 |
| Ferskvatn og brear: 7,0 |
| Skog: 38,2 |
| Fjell og vidde: 44,4 |
| | |
|
|
| |
Ordforklaringar |
Arealbruk
Arealbruk er knytt til bruken av areala. F.eks. areal brukt til bustad, industri, forretning eller transport.
Arealbruk og arealdekkje kan avgrensast i ulike geografiske nivå.
Arealdekkje
Det fysiske dekket av jordoverflata. F.eks. skog, dyrka mark, utbygd og opparbeidd areal.
Fysisk nedbygd
Med fysisk nedbygd meiner ein her areal dekt av vegar, jernbane og bygningar.
Sentrum
Eit sentrum er eit område der ein finn meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse og sosiale tenester vere til stades. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter.
Strandsone
Strandsona er området innanfor 100 meter frå kystlinja. Med bygningspåverka kystlinje meiner ein at det finst bygningar i den tilhøyrande strandsona.
Tettstad
Ei samling hus der det bur minst 200 menneske og avstanden mellom bygningane normalt ikkje er meir enn 50 meter. Tettstadsgrensene er difor dynamiske og kan verte endra på grunn av utbyggingar og befolkningsendringar.
Verna areal
Område som er verna etter Lov om naturvern. Verna område vert delte inn i kategoriar etter same lov.
|
|
| |
Tema  |
| Areal |
- Med eit landareal på 305 470 km2 og nesten 4,8 millionar busette har Noreg, nest etter Island, den lågaste folketettleiken i Europa med 16 innbyggjarar per km2. Hardt klima, tynt jordsmonn og vanskelege terrengtilhøve gjer at store delar av landet ikkje er nytta til busetjing eller jordbruk.
|
- Nærare 80 prosent av folket bur i tettstadar, der folketettleiken er 1 595 busette per km2. Mykje av presset på areala er difor lokalisert til tettstadar og omkringliggjande produktive jord- og skogområde. Men også i mange område med spreidd busetnad aukar presset på grunn av vegbygging, hytteutbygging, framføring av kraftliner mm.
|
- Konsentrasjon av befolkninga gjev òg høve til miljøvinstar. Konsentrert folkesetnad gjev redusert energibruk til transport og bustad, betre tilbod av opparbeidde leike- og rekreasjonsareal og andre fellesgode i nærområdet (samt meir effektive løysningar på vass-, avløp- og avfallsordningar).
|
- Endringar i arealbruken fører til endringar i kulturlandskapet og nærmiljøet. Dette tyder mykje både for helse og livskvalitet hos menneske, for det økonomiske potensialet av areala og for naturen si produksjonsevne og økologiske kvalitetar.
|
|
|
|
|
|
| |
|
|
|
Nyaste artiklar med tabellar
Publikasjonar og artiklar
Kartfiler
Annan statistikk i SSB
Lenkjer til andre
Internasjonale lenkjer
|