Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Arbeidskonfliktar

1.2. Emnegruppe

06.04

1.3. Hyppighet og aktualitet

Årleg.

1.4. Regionalt nivå

Nasjonalt nivå.

1.5. Ansvarleg seksjon

225 - Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk

1.6. Lovheimel

Frivillig undersøking.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

ILO

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje eit oversyn over talet på konfliktar, tapte arbeidsdagar og talet på tilsette som er involvert i konfliktane. Statistisk sentralbyrå(SSB) har sidan 1922, med unntak av årene 1940 - 1944, utarbeidd årleg statistikk over arbeidskonfliktar.

2.2. Brukarar og bruksområde

Sentrale brukarar er forskings- og utreiingsinstitusjonar samt media.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar som involverer tilsette eller ein eller fleire arbeidsgivarar. Ein arbeidskonflikt definerast som ein mellombels arbeidsstans bevisst sett i verk av ei gruppe arbeidarar (streik) eller av ein eller fleire arbeidsgivarar (lockout) for å tvinga gjennom eit krav.

3.2. Datakjelder

SSB sitt skjema "Medlemstal i arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar og arbeidskonfliktar, oppgåver frå Næringslivets Hovudorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. SSB sitt Bedrifts- og føretaksregister brukast for å kartleggja populasjonen via næringskoden.

3.3. Utval

Totalteljing. SSB sender skjema til alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhører.

3.4. Datainnsamling

Statistikken er ein frivillig skjemaundersøking med teljingstidspunktet 31.12. i det året statistikken gjeld for.

3.5. Kontroll og revisjon

Statistikken vert revidert manuelt. Ved tvil og usemjande opplysningar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane vert organisasjonane kontakta. Statistikken vert i tillegg kontrollert opp mot opplysningar om arbeidskonfliktar som Riksmeklingsmannen har registrert og mekla i.

3.6. Beregninger

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Med arbeidskonflikt meines ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år reknes ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, telles som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsetter neste år skal tas med i begge åra.

I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meines nedlegging av arbeidet frå de tilsettes side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlige streikar, ulovlige streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar utestenges frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.

Arbeidstakarar Med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meines fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.

Talet på tapte arbeidsdagar

Varigheita av ein konflikt målas i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. virkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.

4.2. Standard klassifikasjonar

Næringsgruppering. Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næringer i henhold til Standard for næringsgruppering (SN 2002), som er den norske versjonen av den internasjonale standarden International Industrial Classification (SIC94).

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Ein mogleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegivar (skrivefeil) eller at dei er sjølve er usikre på talet på tilsette som streikar og tapte arbeidsdagar. Skjema blir manuelt utfylt. Ein annen mulig feilkjelde er handsamingsfeil hos SSB.

5.2. Fråfallsfeil

Statistikken byggjer på ei totalteljing og vi unngår dermed uvisse forbunde med utvalsvarians og fråfall forbunde med utvalsundersøkingar.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Regiseterfeil: Ei mogleg feilkjelde er at alle organisasjonane ikkje har korrekt næringskode i Bedrifts- og føretaksregisteret, og av den grunn ikkje kjem med i tellinga.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Statistikken kan samanliknast tilbake til 1977.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

7. Kvar finn ein statistikken?

Statistikken kan samanliknast tilbake til 1977.

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken vert offentleggjort elektronisk som Dagens statistikk på SSB si heimesida på Internettet. Tidspunktet for offentliggjering er klokka 10.00 den datoen som er varsla i Statistikkalenderen. Statistikken vert også publisert i Statistisk Årbok og Statistikkbanken.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant.


2008 © Statistisk sentralbyrå