Innhald
Om statistikken
Administrative opplysingar
-
Namn og emne
-
Namn: Lønn for tilsette i kraftforsyning
Emne: Arbeid og lønn
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt nivå
-
Kor ofte og aktualitet
-
Frekvens: Årleg per 1. oktober.
Aktualitet: Statistikken vert frigitt i april påfølgjande år.
-
Internasjonal rapportering
-
Eurostat, OECD og ILO.
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Rådatafiler med lønnsdata som har gått igjennom koplings- og estimeringsprogram vert lagra etter kryptering.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Målet med statistikken er å gje eit oversyn over lønnsnivået og endringa i lønn for tilsette i kraftforsyning. Statistikk vart etablert i dagens form i 1997.
-
Brukarar og bruksområde
-
Sentrale brukarar er Teknisk berekningsutval for inntektsoppgjera, forskingsinstitusjonar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, Eurostat, samt i arbeidskraftsrekneskapen.
-
Samanheng med annan statistikk
-
I 1997 vart det etablert ny årleg lønnsstatistikk i dei fleste næringshovudområda. Statistikken skal vera einskapleg og kan samanliknast mellom næringshovudområda.
-
Lovheimel
Produksjon
-
Omfang
-
Populasjonen omfattar alle føretak i Bedrifts- og føretaksregisteret i næringsområde 35 i følgje Standard for næringsgruppering . Kvart føretak har ei eller fleire bedrifter som er grupperte etter næring. Opplysningane til lønnsstatistikken vert henta inn på personnivå per bedrift.
-
Datakjelder og utval
-
Data vert henta inn på elektronisk form eller via skjema direkte frå føretaka. Medlemsføretak i KS vert henta frå Personal Administrativt Informasjonssystem (PAI). Det vert innhenta informasjon om avtalt månadslønn, bonus, variable tillegg, overtidsgodtgjering, yrke og arbeidstid for kvar av dei tilsette i føretaka.
Innkomne data vert kopla med informasjon frå Bedrifts- og føretaksregisteret og med informasjon frå registeret over Befolkninga si høgaste utdanning (BHU).
Utvalet vert trekt frå Bedrifts- og føretaksregisteret, og utgjer ein totalteljingsdel og ein utvalsdel. I delen med totalteljing vert alle føretak med sysselsetting over ei viss grense telt. Utvalsdelen er eit stratifisert utval av små og mellomstore føretak. Det vert vidare tatt omsyn til behov partane i lønnsoppgjeret har til statistikkgrunnlaget. Medlemmer i KS vert totaltelt.
Målsettinga med utvalstrekking er først og fremst å finne utval som sikrar et representativt grunnlag for statistikken, samtidig som ein slepp å belaste alle føretaka i næringen med skjemautfylling. Ei anna målsetting er å sikre at føretak med få tilsette vert minst belasta med oppgåveplikt.
-
Datainnsamling, revisjon og berekningar
-
Teljingstidspunktet for lønnsstatistikken i kraftforsyning er 1. oktober kvart år, med unntak for medlemmer i KS, som vert telt 1. desember.
Oppgåvegivar kan levere oppgåvene via Altinn-portalen, som elektronisk filuttrekk eller på skjema.
Kontroll og revisjon av lønnsstatistikken skjer i fleire steg, der dei fleste kontrollar og korrigering er automatiserte. Ved mottak av fil (skjema) vert det kontrollert at sentrale variablar er utfylte. Dette gjeld fødselsnummer, yrke, avtalt månadslønn og avtalt arbeidstid per veke. I den vidare prosessen vert variablane nærare kontrollert i prioritert rekkefølgje. Høgast prioritet får variablane ovanfor, deretter følgjer kontroll av mellom anna bonus, provisjon, variable tillegg og overtidsgodtgjering. Kontrollen vert gjort både mot fjorårstalla, og også mot nokre sette absolutte verdiar for til dømes for lønnsnivå for yrke.
Talmaterialet som vert samla inn skal representere lønnsnivået i næringa, og utvalet må difor blåsast opp (vektast). Vektinga i lønnsstatistikken er basert på inverse trekkesannsyn med etterstratifisering på teljetidspunktet med omsyn til sysselsetjing. Målet med vektinga er å gje ei oppblåsing av utvalet som er slik at einingane som er med i utvalet får ei vekt som avspeglar heile næringa.
-
Konfidensialitet
-
Det er ikkje mogleg å identifisera bedriftssensitiv informasjon eller enkeltpersonar ut i frå statistikken.
Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av Statistikklovas føresegn.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Statistikken for heile næringsområdet kraftforsyning vart første gang produsert for 1997 og kan samanliknast tilbake til dette året. Frå 2005 er det brot i tala for utdanning. Tala for lønn etter utdanning er derfor ikkje samanliknbare med tala for 2004 og tidligare.
Frå og med publiseringa i 2009 er det brudd i tidsserien på grunn av ny næringsstandard (SN2007). Tal for 2008 er rekna tilbake til den nye næringsstandarden.
Omgrep
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Omgrepet lønn i lønnsstatistikken er avgrensa til å omfatte kontante godtgjersler frå arbeidsgivar til arbeidstakar for utført arbeid. Statistikken omfattar derfor ikkje naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjersler og liknande.
Månadslønn
Brutto månadslønn. Omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje inkludert.
Avtalt månadslønn
Omfattar den faste lønna som vert utbetalt ved teljetidspunktet anten den er definert som time-, månads-, 14 dagars- eller vekelønn, og blir ofte kalla regulativlønn eller fast grunnlønn. Kvalifikasjonstillegg/kompetansetillegg og andre faste personlege tillegg er inkludert.
Uregelmessige tillegg
Dette er tillegg som vanlegvis gjeld arbeidsoppgåver knytte til ymse yrke, og blir gitt som eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar til teljetidspunktet. Omfattar mellom anna skiftillegg, turnustillegg, tillegg for ulageleg arbeidstid, søn- og helgedagstillegg og andre tillegg som kjem ujamt.
Bonus
Dette er tillegg i lønn som ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver, og der utbetalingane kjem ujamt med omsyn til perioden dei er opptente i eller gjeld for. Omfattar til dømes provisjon, overskotsdeling, produksjonstillegg, gratiale og tantieme, og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden f.o.m. 4. kvartal året før til teljetidspunktet.
Overtidsgodtgjersle
Omfattar summen av kontante godtgjersler for arbeid som er utført utover den avtalte arbeidstida,og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar og til teljetidspunktet.
Årslønn
Årslønna er eit estimat for 12 månadar i kalenderåret og tek utgangspunkt i månadslønn på teljetidspunktet. Årslønna omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, men inkluderer ikkje feriepengetillegg og overtidsgodtgjersle.
-
Standard klassifikasjonar
-
Næringsgruppering
Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næring i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN 2007)
Yrkesgruppering
I lønnsstatistikken bruker ein Standard for yrkesklassifisering (C521) . Yrkeskodene er etablert gjennom heile lønnsstatistikken anten ved direkte innhenting eller ved omkoding frå andre stillings- eller yrkeskodar.
Utdanningsgruppering
Utdanningsnivå er henta frå registeret for Befolkninga si høgast utdanning. Det blir gruppert etter lengda på utdanninga i samsvar Norsk standard for utdanningsgruppering (C676)
Feilkjelder
-
Feilkjelder og uvisse
-
Målefeil
Målefeil oppstår i hovudsak ved at oppgåvegivar misforstår kva som skal innrapporterast i kvar enkelt kolonne, eller at opplysningane som det vert spurt etter er særs vanskelege å finna for oppgåvegivaren. Alle variablar som vert samla inn og som anten direkte eller indirekte skal inngå i statistikken vert kontrollerte. Kontrollane er anten logiske eller dei innrapporterte verdiane til variablane vert samanlikna med absolutte grenser for kva som vert sett på som gyldige verdiar. Der det manglar opplysningar vert oppgåva sendt tilbake, oppgåvegivar vert kontakta over telefon eller det vert brukt imputering for å erstatta dei manglande opplysningane.
Handsamingsfeil
Innkomne data vert registrert anten gjennom Altinn, ved innlesing av filer som er bygd opp etter den elektroniske kravspesifikasjonen, optisk lesing, eller ved manuell registrering . Innhaldet på filer levert over nett, på diskettar eller CD-ROM vert sjekka med automatiske kontrollar. Opplysningar som er optisk og manuelt registrererte vert kontrollert visuelt ved innlesing til SSB sine serverar.
Einingsfråfall
I lønnsstatistikken er det generelt eit fråfall på mellom 2,5 og 5 prosent. Hovudårsaka til fråfallet er føretak som ikkje lenger har tilsette som følgje av at føretaket er opphøyrt, selt eller overdratt til ny eigar, har gått konkurs eller er fusjonert i tida mellom trekking av utval og teljetidspunktet. Vidare er det ei lita gruppe som rapporterer så seint at dei ikkje kjem med i statistikken. Fråfall som ikkje er tilfeldig fordelt kan gjera at utvalet vert skeivt. For å justera for eventuelle skeivskapar som måtte oppstå på grunn av fråfallet, vert det difor etterstratifisert etter storleiken (tal tilsette) på føretaka . Bakgrunnen for å velja talet på tilsette som stratifiseringsvariablar, er at det typisk er skilnad i lønnsnivå mellom store og små føretak.
Partielt fråfall
Der det er fråfall berre for enkelte variablar på ei innlevert fil, kan ein vanlegvis logisk avleia dei manglande verdiane. Det vert eventuelt og imputert for manglande opplysningar frå tidlegare årgangar.
Utvalsvarians
I alle utvalsundersøkingar vil tala som vert presenterte ha feilmarginar. Generelt vert resultata meir usikre jo færre observasjonar dei baserer seg på. Storleiken på denne uvissa er og avhengig av lønnsspreiinga i datamaterialet og av dekningsgraden til ulike kjennemerke i populasjonen. Grupper som er baserte på relativt få observasjonar, vert lett påverka av såkalla ekstremobservasjonar eller observasjonar som avvik sterkt frå gjennomsnittet i gruppa. For slike ekstremobservasjonar vert det nøye vurdert frå tilfelle til tilfelle om det er korrekt å bruka dei i statistikkgrunnlaget.
Registerfeil
Feil opplysningar om næringskode og/eller sysselsetjingsopplysningar i Bedrifts- og føretaksregisteret vil ved utvalstrekkinga kunne resultera i at bedrifter vert plasserte i feil næring eller feil trekkestratum.
Modellfeil
Dette er feil som skuldast moglege feil i føresetnadane som ligg bak modellane som vert brukt i lønnsstatistikken.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultat frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke inn på målte lønnsendringar i statistikken.
