209627_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar
209627
Svak vekst i kommunane
statistikk
2015-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false
Sysselsatte i kommunal sektor. Sysselsatte og årsverk i kommunal sektor viser en svak økning i 2014 sammenlignet med 2013.

Sysselsette i kommunal sektor2014, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak vekst i kommunane

Kommunane sysselsette meir enn 470 000 i 4. kvartal 2014. Dette er ein auke i talet på sysselsette på under 1 prosent samanlikna med same tid i 2013, svarande til noko over 3 900 sysselsette eller over 1 900 årsverk.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet1
20132014Endring i absolutte tallEndring i prosent
2013 - 20142013 - 2014
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for tannhelsetenesta i Finnmark var ikkje komplette i 4.kvartal 2014
Kommunar
Sysselsette466 377470 3103 9330,8
Avtalte årsverk361 135,0363 055,41 9200,5
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere327 491,2328 274,27830,2
 
Fylkeskommunar2
Sysselsette48 19847 864-334-0,7
Avtalte årsverk42 054,741 743,2-312-0,7
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere39 164,738 878,9-286-0,7

Samla sett hadde kommunane ein vekst i avtalte årsverk på 0,5 prosent medan både grunnskule og helse- og sosialtenestene hadde ein vekst på om lag 1 prosent eller litt over 2 200 årsverk. Talet på årsverk i kommunale barnehagar har gått ned med om lag 700 årsverk eller 1,6 prosent, og i tillegg syner dei kommunale kulturtilboda ein nedgang i avtalte årsverk på 2,5 prosent samanlikna med 4. kvartal 2013.

Svak nedgang i fylkeskommunane

Fylkeskommunane hadde i 2014 ein nedgang i sysselsette og avtalte årsverk på 0,7 prosent samanlikna med same tid året før. Nedgangen utgjer litt over 330 sysselsette. Vidaregåande opplæring syner ein nedgang på 0,7 prosent svarande til 228 årsverk.

For tannhelse sin del skuldast noko av nedgangen at talet på tilsette i tannhelsetenesta i Finmark fylkeskommune er for låge.

Meir faglærd personell i pleie og omsorg

Over 71 prosent av dei avtalte årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Delen faglærd personell har auka frå 68,3 i 2009 til 71,5 prosent i 2014.

Når ein tek med tenester kjøpt frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie og omsorgstenestene, syner tala at dei avtalte årsverka auka med 1,2 prosent frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014 - eller over 1 600 årsverk. Totalt vart 134 300 årsverk utførte i pleie og omsorgstenestene i 2014. Dei private tenestene utgjorde 7,4 prosent av dei avtalte årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene i 2014. Delen private tenester har auka svakt over dei siste åra.

TannhelsetenestaÅpne og lesLukk

Det var manglar ved registreringa av tannhelsetenesta i Finnmark i 2014, og talet for Finnmark fylkeskommune er dermed noko for lågt. I 4. kvartal 2013 hadde tannhelsetenesta i Finnmark om lag 143 årsverk.