100977
statistikk
2013-05-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidskonflikter, Arbeid og lønn
true

Arbeidskonfliktar2012

Innhald

361 000 tapte arbeidsdagar

Knapt 361 000 arbeidsdagar gjekk tapt på grunn av arbeidskonfliktar i 2012. Dette var færre enn ved hovudoppgjeret i 2010, då ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt.

Talet på arbeidskonfliktar, arbeidstakarar og tapte arbeidsdagar
2009 2010 2011 2012
Arbeidskonfliktar 2 12 2 11
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt 36 66 938 114 41 820
Tapte arbeidsdagar 180 500 009 526 360 643

I 2012 vart det registrert 11 arbeidskonfliktar med til saman 41 800 involverte arbeidstakarar. Det var flest tapte arbeidsdagar innanfor helse- og sosialtenester. Her var 25 500 arbeidstakarar involverte. Dette ga eit tap på om lag 252 000 arbeidsdagar, eller 70 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året. Årsaka var den omfattande streiken blant tilsette i kommunane. Også i staten var det omfattande konfliktar i 2012, med tap av om lag 49 000 arbeidsdagar.

I år med hovudoppgjer, slik som i 2012, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Det er hovudoppgjer annakvart år, som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.

Tilbakemelding

Fant du det du lette etter?