243095_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243095
Færre sysselsette
statistikk
2016-07-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,7 prosent i mai 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08:00.

Færre sysselsette

Talet på sysselsette gjekk ned med 19 000 frå februar til mai, justert for sesongvariasjonar. Den sesongjusterte arbeidsløysa var på 4,7 prosent i mai, om lag uendra frå februar.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mai 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar131 0002 000
I prosent av arbeidsstyrken4,70,1
 
Sysselsette personar2 640 000-19 000
I prosent av befolkninga67,2-0,6

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 19 000 frå februar (gjennomsnitt av januar–mars) til mai (gjennomsnitt av april–juni). Nedgangen i talet på sysselsette var sterkast blant dei under 25 år.

Av befolkninga 15-74 år var 67,2 prosent sysselsette i mai. Det er en nedgang på 0,6 prosentpoeng frå februar.

Små endringar i arbeidsløysa

Frå februar (gjennomsnitt av januar–mars) til mai (gjennomsnitt av april–juni) viser AKU at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 2 000. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. Justert for sesongvariasjonar var det 131 000 arbeidslause i mai.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var uendra frå februar til mai. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

AKU har vist ein gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent i mai 2014 til 4,6 prosent i august 2015. Den sterkaste auken kom blant menn. Sidan august 2015 har den sesongjusterte arbeidsløysa samla sett vore nokså stabil på rundt 130 000, som svarar til om lag 4,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløysa framleis ned i EU og USA

I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,6 prosent i mai, ned 0,3 prosentpoeng frå februar. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i mai, som inneber ein nedgang frå 4,3 prosent i februar. I Frankrike gjekk også arbeidsløysa ned i denne perioden, frå 10,2 til 9,9 prosent. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp 0,2 prosentpoeng til 6,1 prosent. Arbeidsløysa i USA gjekk ned frå 4,9 prosent i februar til 4,7 prosent i mai.