212298
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212298
Arbeidsløysa på 4,6 prosent
statistikk
2015-12-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,6 prosent i oktober 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,6 prosent

I oktober var det 129 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette svarte til 4,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Oktober 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar129 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken4,60,3
 
Sysselsette personar2 655 0003 000
I prosent av befolkninga67,9-0,1

Arbeidsløysa gjekk opp med 9 000 personar frå juli (gjennomsnitt av juni-august) til oktober (gjennomsnitt av september-november), ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men i tråd med ein langsiktig trend. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 4 000 frå juli til oktober. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 3 000 frå juli til oktober, som er ein auke innanfor feilmarginen. Ifølge AKU har talet på sysselsette vore uendra gjennom 2015 når ein tar omsyn til feilmarginen. Men sidan befolkninga 15-74 år har auka i denne perioden, har prosentdelen sysselsette vist ein svakt fallande tendens. 

Arbeidsstyrken har auka i 2015 i om lag same takt som befolkninga.

Arbeidsløysa ned i USA

I USA utgjorde dei arbeidslause 5,0 prosent av arbeidsstyrken i oktober. Det er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå juli. I EU sett under eitt gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng til 9,3 prosent i same periode. I Danmark og Sverige var arbeidsløysa på høvesvis 6,0 og 7,2 prosent i oktober, ned 0,2 og 0,1 prosentpoeng frå juli.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB