134064_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
134064
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2013-10-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal, viser utviklinga i sysselsetjinga og arbeidsløysa på kort sikt. Arbeidsløysa var 3,5 prosent i august 2013.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

I august 2013 utgjorde dei arbeidslause 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
August 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar96 0002 000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,1
 
Sysselsette personar2 617 00016 000
I prosent av befolkninga68,80,2

Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 96 000 arbeidslause personar i august (gjennomsnitt av juli-september). Auken på 2 000 arbeidslause sidan mai (gjennomsnitt av april-juni) er klart innanfor feilmarginen i AKU. Heilt sidan AKU viste ein auke i arbeidsløysa i slutten av 2012 har arbeidsløyseprosenten stort sett variert mellom 3,5 og 3,6, som er innanfor feilmarginen.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 2 000 personar frå mai til august. Også dette talet er sesongjustert og gjennomsnitt av tre månader.

Fleire sysselsette

AKU viser at det var 16 000 fleire sysselsette i august enn i mai, justert for sesongvariasjonar. Denne auken er like innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med utviklinga sidan november 2012. I august utgjorde dei sysselsette 68,8 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, opp 0,2 prosentpoeng frå mai.

Arbeidsløysa ned i USA

I august utgjorde dei arbeidslause i USA 7,3 prosent av arbeidsstyrken , ned 0,3 prosent frå mai. I EU15 gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i same perioden, til 11,1 prosent i august. I løpet av dei to siste åra er hovudbildet at arbeidsløysa gradvis har gått ned i USA medan arbeidsløysa i EU15 har gått opp til eit nivå på rundt 11 prosent hittil i 2013. I august var arbeidsløysa i Sverige og Danmark på høvesvis 8,0 og 6,6 prosent. I Sverige svarte dette til ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå mai, medan det for Danmark svarte til ein nedgang på 0,2 prosentpoeng.