2004_om
statistikk
2013-04-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise taljanuar 2013

Innhald

Om statistikken

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal
Emne: Arbeid og lønn

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Månadsvise tal Aktualitet: Det blir gjort kontinuerlege undersøkingar i AKU, dvs. at alle årets veker blir kartlagde. Dei sesongjusterte AKU-tala blir publiserte normalt 4-5 veker etter utløpet av den aktuelle månaden. Sidan det blir gjort ei glatting av tidsserien (tremånaders glidande sentrerte gjennomsnitt), vil tala i praksis bli presenterte med ein månads tidslag. Oversikt over publiseringsdatoar for dei næraste 4 månadene finst i statistikkalenderen.

Internasjonal rapportering

Ved kvar publisering blir tal for arbeidsløyse og sysselsetjing sende til Eurostat (ujusterte og sesongjusterte tal, i tillegg til trendtal, fordelte på aldersgrupper og kjønn)

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnfiler blir lagra permanent

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med dei sesongjusterte AKU-tala er å gje informasjon om utviklinga i sysselsetjing og arbeidsløyse på kort og lang sikt.

Brukarar og bruksområde

I tillegg til å gje arbeidskraftstyresmaktene og andre interesserte informasjon om stoda og utviklinga på arbeidsmarknaden, skal AKU tena som grunnlag for prognosar og utreiingar, og gje arbeidsmarknadsforskinga statistisk materiale. Viktige brukarar er Finansdepartementet og dei ulike fagdepartementa, Noregs Bank, NAV, forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar, i tillegg til media.

Samanheng med annan statistikk

SSB publiserer óg ein statistikk over registrerte arbeidslause og personar på arbeidsmarknadstiltak som blir utarbeida på grunnlag av NAV sitt arbeidssøkjarregister (ARENA). Arbeidslause, slik AKU måler dei, må ikkje forvekslast med dei registrerte arbeidslause. Tala frå AKU inkluderer også arbeidslause som ikkje registrerer seg hos NAV, og nokre av dei som går på arbeidsmarknadstiltak. På den andre sida blir ein del av dei registrerte arbeidslause ikkje klassifiserte som arbeidslause i AKU (på grunnlag av spørsmål om søking etter arbeid og tilgjenge til arbeidsmarknaden). Dette gjeld særskilt eldre personar med lange arbeidsløyseperiodar.

Lovheimel

Statistikklova §§2-1, 2-2 og 2-3

EU-regulering

Rådsforordning (EF) nr 577/98, 1991/2002 og 2257/2003, og dessutan Kommisjonsforordning nr. 1575/2000, 1897/2000, 2104/2002, 430/2005 og 377/2008.

Produksjon

Omfang

AKU skal dekkje personar i alderen 15-74 år busette i Noreg. Alder er definert på referansetidspunktet for undersøkinga. Busett er definert som å ha opphald i landet på minst eit halvt år.

Utvalet trekkast frå Det sentrale folkeregisteret, som er det offisielle registeret for busette i Noreg. Andre personar som opphelder seg i landet, kan derfor ikkje bli trekt ut i AKU. Undersøkinga dekkjer difor ikkje sysselsette i Noreg som pendlar inn frå utlandet, eller som har opphald i landet på mindre enn eit halvt år.

Datakjelder og utval

Hovudkjelda for AKU er data frå kontinuerlige intervjuundersøkingar kopla til registerdata. Dei sesongjusterte tala over registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar blir lagde på bakgrunn av datamateriale innhenta frå NAV sitt saksbehandlarsystem, ARENA.

På grunnlag av Det sentrale folkeregisteret blir det trekt ut tilfeldig familieeiningar som utgjer til saman 24 000 personar (per kvartal) i den aktuelle aldersgruppa. Kvart familiemedlem i alderen 15-74 år blir intervjua om si tilknyting til arbeidsmarknaden i ei nærare spesifisert referanseveke. intervjuobjekta deltar i alt 8 gonger i løpet av 8 påfølgjande kvartal.

Datainnsamling, revisjon og berekningar

Alle intervju skjer per telefon. Ein del opplysningar gjeve ved tidlegare intervju blir nytta ved etterfølgjande intervju. Demografiske data blir innhenta frå Befolkningsregisteret i SSB. Personar som er trekt ut til å delta skal helst svare sjølv, men om lag 15 prosent er indirekte intervju, dvs. ved svar frå nære familiemedlemmer. Det er oppgåveplikt, men tvangsmulkt vert ikkje praktisert.

Under sjølve intervjuet, som skjer ved bruk av PC-basert spørjeskjema, er det lagt inn fleire maskinelle rutinar for å førebyggja feil svar og/eller feil registrering av svar, t.d. når det gjeld talet på arbeidstimar i løpet av veka. I nokre tilfeller får intervjuaren "åtvaringar" ved registrering av svar, medan det i andre tilfeller er lagt inn maksimums- eller minimumsverdiar.

Statistikken frå AKU blir berekna slik at tallene skal tilsvare heile befolkninga i alderen 15-74 år. Estimeringen byggjer på at kvar person i utvalet representerer fleire personar. Kor mange varierer, men for kvartalstal er det om lag 170. Berekningane i AKU blir justert ved hjelp av demografiske data frå SSBs Befolkningsregister og registeropplysningar om tilknyting til arbeidsmarknaden. Det skjer i fleire trinn:

  • først blir det justert etter folketalet i kvart fylke
  • deretter etter 12 aldersgrupper og registersysselsetjing i næringshovudgruppene primær, sekundær og tertiær, og i tillegg ikkje-registersysselsette (dei eldste og dei yngste blir berre delt i sysselsett/ikkje-sysselsett)
  • til slutt finjustering av marginane etter fylke, 12 aldersgrupper, kjønn og registersysselsetjing.

Med "registersysselsetjing" meinast at det blir undersøkt om personen er sysselsett ifølge registerdata (som et ledd i justeringa av tallene, ikkje for å definere om den enkelte er sysselsett ifølge AKU).

Sesongjusteringa :

For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste månadsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.

Justeringa skjer indirekte, ved at me sesongjusterar seriar for alder over/under 24 år kvar for seg for tala på sysselsette og arbeidslause. For utførte vekeverk sesongjusterar vi følgjande 3 seriar kvar for seg: personar 24 år og under, menn over 24 år og kvinner over 24 år. For registrerte heilt ledige hos NAV og registrerte heilt ledige hos NAV + personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak sesongjusterar vi fire seriar fordelt på kjønn kryssa med alder over/under 24 år kvar for seg. Totalane får me ved å summera dei sesongjusterte delseriane i ettertid. Me konstruerar kjønnsfordelte sesongjusterte tal for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for personar 24 år og under ved at sesongjusterte seriar fordelt på alder blir brotne ned på kjønn ved hjelp av månadlege fordelingsnøklar. Fordelingsnøklane er laga av uoffisielle trendtal frå ekstrakjøringar av X12-ARIMA basert på AKU. Vi overlet til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gjev best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trend. Desse optimale vala låsast vanlegvis for eit år av gangen. Vi lar X12-ARIMA berekna sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvar månad. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, i følgje EUROSTAT, og gjerdast for å få lite revisjon av de sesongjusterte tidsseriane gjennom året.

Me lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Me har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sesongjusterte seriane for sysselsetjing og arbeidsløyse for dei over 24 år og tala for utførte vekeverk blir prekorrigerte dersom påsken er i mars. Tala for utførte vekeverk er dessutan sensitive for meir enkeltståande fridagar, og vert difor i tillegg prekorrigerte for effektar av: 2. påskedag i mars, 1. mai, 17. mai, Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag. I tillegg korrigerar vi for talet på offentlege fridagar på vekedagar i desember og talet på normalarbeidsdagar i romjula og talet på vekedagar i juni som i AKU kjem i juli, fordi me i AKU aldri delar referanseveker (måndag-søndag) mellom månader, slik kalenderen gjer. (Me tar også høgde for at to av disse fridagane kan hamne på ein og same dato, f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai 2008). Alle høgresidevariablane er rekna som avvik får respektive månadsgjennomsnitt. I tillegg er variablane justert med ein vekemultiplikator for betre å justere for at nokre månader i AKU har 5 referanseveker medan andre har 4 referanseveker.

Sjå Om sesongjustering av AKU for meir informasjon om sesongjusteringa.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

AKU gjev stort sett tidsseriar som kan samanliknast over tid. AKU gjekk gjennom ei større omlegging frå januar 2006 , mest for å kome i samsvar med endringar som også er gjort i EU-landa i tråd med nye ILO-anbefalingar. Endringane gjaldt nokre mindre definisjonsendringar og justeringar av spørjeskjemaet. Samstundes vart utvalet utvida til å omfatte alle 15-åringar, og frå da ble alder definert som fylte år på referansetidspunktet for undersøkinga, i tråd med opplegget i andre land. Før 2006 vart alder definert som fylte år ved utgangen av året. Frå og med publiseringa av tala for 1. kvartal 2012 handterer me omlegginga i 2006 ved å starte tidsseriane i 2006. Fram til mars 2012 handterte me omlegginga i 2006 ved å halde 15-åringane utanfor talgrunnlaget som vart sesongjustert, for å unngå brot i tidsseriane.

Også i 1996 var det ei større omlegging. Frå april 1988 t.o.m. 1995 hadde me berre ei veke per månad som referanseperiode i AKU, medan me frå og med 1996 gjekk over til kontinuerlege referanseveker, dvs. at alle årets veker blir kartlagt. Før 1996 prøvde ein å unngå innslag av rørlege heilagdagar og fridagar i referansevekene (bortsett frå juli), for å gjera tala mest mogeleg samanliknande frå år til år.

Brot i tidsseriane før 2006 blir nærare forklart i Arbeidskraftundersøkelsen 2001 (NOS C 748).

Internasjonale standardar nyttast ved definisjonar og grupperingar, jfr. pkt 4.1, slik at AKU kan samanliknast med liknande tal frå andre land.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ved val av sentrale omgrep og definisjonar har Statistisk sentralbyrå (SSB) lagt vekt på å følgja dei anbefalingane som Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har gjeve for utarbeiding av arbeidsmarknadsstatistikk. I EØS-samarbeidet er det gjort presiseringar av ILO-anbefalinga.

Personar over ein viss alder skal bli klassifiserte etter deira tilknyting til arbeidsmarknaden i løpet av ein spesifisert, kort periode, anten ei veke eller ein dag. For den norske AKU har SSB vald tidsperioden ei veke (referanseveka) som referanse for opplysningar om dei personane som inngår i utvalet.

Sysselsette er personar i alderen 15-74 år som utførte inntektsgjevande arbeid i minst ein time i referanseveka, i tillegg til personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, løna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegangs militær- eller sivilteneste reknast som sysselsette. Personar på sysselsetjingstiltak med løn frå arbeidsgjevar vert óg klassifiserte som sysselsette, til skilnad frå deltakarar på anna slag tiltak (kvalifiseringstiltak) kor det berre utbetalast ein kursstønad e.l.

Arbeidsstyrken er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknyting til arbeidsmarknaden (blir ofte omtalt som dei yrkesaktive). Arbeidsstyrkeprosenten (yrkesfrekvensen) blir berekna i forhold til befolkninga i den aktuelle aldersgruppa.

Utførte timeverk/faktisk arbeidstid omfattar alle timeverk utførde i inntektsgjevande arbeid, inklusive overtid eller ekstraarbeid, og eksklusive fråver pga. ferie, sjukdom, permisjon, arbeidskonfliktar o.l.

Alder
Fra 2006 ble definisjonen endret fra alder ved utgangen av året til alder på referansetidspunktet for AKU. Formålet med endringen var i første rekke å komme på linje med praksis i andre lands undersøkelser. Samtidig ble nedre aldersgrense for å være med i AKU senket fra 16 til 15 år.

Registrerte heilt arbeidslause er arbeidsføre personar som søkjar inntektsgjevande arbeid gjennom NAV og som er disponible for det arbeidet som søkjast. I tillegg må vedkommande ha vore utan inntektsgjevande arbeid dei siste to vekene.

Ordinære tiltaksdeltakarar er arbeidssøkjarar som på referansetidspunktet deltar i et tiltak retta mot ordinære arbeidssøkjarar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

Feilkjelder

Feilkjelder og uvisse

Generelt vil det kunne oppstå feil både under intervjuet og i kodinga av variablane i ettertid. I Notater 2002/24 Dokumentasjon av arbeidskraftundersøkelsen er det gjort greie for denne type feil for ein del av variablane. I AKU blir ein del personar intervjua indirekte. Undersøkingar viser at sysselsetjinga i gjennomsnitt er undervurdert blant dei som blir intervjua på dette viset. Dette gjev særskilt utslag for aldersgruppa under 30 år.

Svarprosenten er om lag 85 prosent. Det blir justert for det totale fråfallet ved estimeringane.

Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i resultata fordi desse byggjer på opplysningar om berre ein del (eit utval) av befolkninga. Ved å berekna ein storleik som kallast standardavviket, får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Standardavviket vil variere med kva slag variabel ein ser på, men det er laga ein tabell med det som kan tolkast som gjennomsnittlige standardavvik. Tabellen viser storleiken av standardavviket (s) for forskjellige estimerte verdiar av kvartalsvise og årsgjennomsnittlege tal.

Ein ser at standardavvika sin storleik er betydeleg mindre for årsgjennomsnitt enn for kvartalsvise tal. Dette skuldast at den statistiske usikkerheita (målt ved standardavviket) minkar når talet på observasjonar aukar.

Dersom standardavviket var kjend, kunne ein finna eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde gjort ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet kallast konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil intervallet med yttergrensene M ± 2s med 95 prosent sannsyn innehalde den sanne verdien av estimatet. For å få eit inntrykk av kor stort eit slikt 95-prosents konfidensintervall er, kan ein sjå på intervallet M ± 2s hvor s finnes i etterfølgende tabell.

 

 

Storleiken til standardavviket (s)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvartalstal

Årsgjennomsnitt

 

 

Absolutte tal

I prosent av

estimert verdi

Absolutte tal

I prosent av

estimert verdi

 

 

 

 

 

5 000

800

16,0

500

10,0

7 000

900

12,9

600

8,6

10 000

1 100

11,0

700

7,0

20 000

1 600

8,0

1 100

5,5

30 000

1 900

6,3

1 300

4,3

40 000

2 200

5,5

1 500

3,8

50 000

2 500

5,0

1 700

3,4

60 000

2 700

4,5

1 800

3,0

70 000

2 900

4,1

1 900

2,7

100 000

3 500

3,5

2 300

2,3

200 000

4 800

2,4

3 200

1,6

300 000

5 800

1,9

3 900

1,3

400 000

6 600

1,7

4 400

1,1

500 000

7 200

1,4

4 800

1,0

1 000 000

9 100

0,9

6 100

0,6

1 700 000

9 600

0,6

6 400

0,4

2 000 000

9 100

0,5

6 100

0,3

Vurderingar av endringar i tala frå ei undersøking til ei annan bør gjerast med varsemd. For dei gruppene kor bruttostraumane inn og ut av gruppa er relativt små samanlikna med storleiken på gruppa, vil det ikkje vere å undervurdere standardavviket på endringstala for gruppa om ein går ut frå at det er tilnærma likt standardavviket for talet på storleiken til gruppa. Ved grupper der bruttostraumane er forholdsvis store samanlikna med gruppa sjølv (i første rekke arbeidslause), må standardavviket multipliserast med ein faktor lik 1,3. Konfidensintervallet for endringane kan ha slike yttergrenser at ein ikkje kan seia noko sikkert om det har vore ein auke eller nedgang i talet på personar i befolkninga med gitte kjennemerke.

Det er uvisse i samband med sjølve sesongjusteringa. Sesongjusteringsprogrammet foretar modellbaserte framskrivingar av data som nyttast i utrekningane av dei sesongjusterte tala og trenden. Det er modelluvisse i samband med framskrivingane, noko som gjev uvisse i dei sesongjusterte tala og trenden mot slutten av tidsserien, spesielt det siste året.

Før sesongjustering blir seriane prekorrigerte ved hjelp av regresjonsmodellar i X12ARIMA, der me har spesifisert forklaringsvariablane. Seriane blir prekorrigerte for ulike brot, ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sistnemnte effektane er mest aktuelle for sesongjustering av tal for utførde vekeverk. Det er uvisse i samband med regresjonsestimata over. Eventuell feilspesifikasjon av effektane over kan gje upresise tal.

Konstruerte størrelsar for gruppa 15 &– 19 år for januar 2007 og de 7 første månadene i 2008
Ved en feil i datafangsten ble ikkje 15 åringane intervjuet i januar 2007 og første halvår 2008. I tillegg var 15 åringane underrepresentert juli 2008. Konstruerte størrelsar for tala for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for gruppa 15 &– 19 år er derfor anvendt for de månadene.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?