Rapporter 2009/42
Yrkeshemma inn på arbeidsmarknaden?
Innhold
Sammendrag
I denne rapporten blir det gjort ein beskrivande analyse av tilpassinga på arbeidsmarknaden for personar som har vore registrerte som yrkeshemma i NAV sitt register over arbeidssøkjarar. Opplysningar om status på arbeidsmarknaden og demografiske kjenneteikn blir nytta som grunnlag for analysen. Det gjeld personar som gjekk ut av statusen som yrkeshemma i løpet av første halvdel av 2007, og evalueringstidspunktet er sett til slutten av november same året. Personane blir grupperte etter om dei har delteke i eit tiltak eller ikkje, fordelt på type tiltak. Yrkeshemma som ikkje gjekk på tiltak, blir kategorisert etter om dei søker attføring, er i kartleggingsfase eller ventar på tiltak.
Av dei som gjekk ut av status som yrkeshemma første halvår 2007, var 46 prosent sysselsette i november same år, ein auke på 2 prosentpoeng samanlikna med ei tilsvarande undersøking i fjor. Arbeidsløyseprosenten var derimot den same begge år (7 prosent registrerte arbeidslause).
Relativt flest personar som hadde byrja i arbeid i november 2007 var det blant yrkeshemma som hadde delteke på ordinære arbeidsmarknadstiltak første halvår 2007. 60 prosent i denne gruppa var sysselsette i november. Sysselsettingsprosenten var 46 for dei som gjekk ut av spesielle tiltak for yrkeshemma første halvår. Yrkeshemma i handlingsplan- og ventefasar hadde færre i jobb enn resten av utvalet. Sysselsetjinga for denne gruppa var på 39 prosent. Lønstilskot og varig tilrettelagt arbeid utmerkar seg i kvar sin ende, med respektive 79 og 25 prosent sysselsette.
Yrkeshemma i første halvår 2007 som var blitt arbeidstakarar i november 2007 hadde i gjennomsnitt ein søkeperiode på 11,7 veker frå dei gjekk ut av status som yrkeshemma til dei var registrerte i jobb. Dei yrkeshemma som hadde delteke på tiltak første halvår 2007 hadde ein søkeperiode på 10,2 veker, medan yrkeshemma i handlingsplan- og ventefasar hadde ein søkeperiode på 13,9 veker.
Prosjektstøtte: Arbeidet er utført som eit oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kontakt
-
SSBs bibliotek og informasjonssenter
E-post: biblioteket@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
