To millionar utførte vekeverk

Publisert:

I januar blei det utført 2 042 000 vekeverk fordelt på 2 737 000 sysselsette. Vekeverk omfattar alle timeverk utført i inntektsgivande arbeid, inklusive overtid eller ekstraarbeid, og eksklusive fråvær på grunn av ferie, sjukdom, permisjon, arbeidskonfliktar og liknande.

Den sesongjusterte arbeidskraftundersøkinga viser kor mange vekeverk som blei utført kvar månad, mens den kvartalsvise arbeidskraftundersøkinga viser kor mange som er mellombels fråverande frå arbeid. Altså vil desse to statistikkane til ein viss grad vise konsekvensane som utbrotet av COVID-19-viruset vil ha på den norske arbeidsmarknaden ved neste publisering 23. april.

Dei nyaste sesongjusterte tala er for januar (målt som gjennomsnittet av perioden desember-februar), altså før utbrotet av COVID-19-viruset i Noreg. Den verknaden utbrotet har på arbeidsløysa eller sysselsettinga vil derfor ikkje synast i desse tala.

Det sesongjusterte talet på arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken var 3,8 prosent i januar (målt som gjennomsnittet av perioden desember-februar), uendra frå oktober (målt som gjennomsnittet av perioden september-november). Det sesongjusterte talet på sysselsette viste ein auke på 6 000 frå oktober. Endringa er innanfor feilmarginen i AKU.

Kvifor samanliknar vi med tala frå tre månader tilbake?

Figur 1. Sysselsette og arbeidsstyrken (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1 000 personar

Sysselsette, sesongjustert Sysselsette, trend Arbeidsstyrken, sesongjustert
Jan. 2007 2398 2400 2467
Feb. 2007 2405 2405 2472
Mars 2007 2407 2411 2472
April 2007 2414 2417 2477
Mai 2007 2424 2424 2485
Juni 2007 2432 2432 2496
Juli 2007 2443 2439 2507
Aug. 2007 2444 2447 2508
Sep. 2007 2454 2455 2516
Okt. 2007 2464 2463 2525
Nov. 2007 2474 2471 2537
Des. 2007 2481 2479 2545
Jan. 2008 2488 2487 2552
Feb. 2008 2496 2493 2559
Mars 2008 2500 2497 2561
April 2008 2501 2500 2563
Mai 2008 2502 2502 2569
Juni 2008 2505 2505 2575
Juli 2008 2512 2506 2584
Aug. 2008 2517 2508 2591
Sep. 2008 2510 2510 2584
Okt. 2008 2504 2511 2581
Nov. 2008 2504 2512 2584
Des. 2008 2511 2512 2591
Jan. 2009 2508 2511 2589
Feb. 2009 2510 2510 2589
Mars 2009 2511 2508 2592
April 2009 2511 2505 2594
Mai 2009 2505 2502 2591
Juni 2009 2502 2497 2587
Juli 2009 2497 2493 2583
Aug. 2009 2488 2489 2572
Sep. 2009 2485 2486 2570
Okt. 2009 2482 2484 2570
Nov. 2009 2480 2483 2570
Des. 2009 2483 2482 2577
Jan. 2010 2488 2482 2581
Feb. 2010 2486 2484 2586
Mars 2010 2481 2486 2580
April 2010 2480 2489 2579
Mai 2010 2495 2492 2595
Juni 2010 2504 2495 2604
Juli 2010 2505 2498 2603
Aug. 2010 2503 2501 2598
Sep. 2010 2501 2504 2597
Okt. 2010 2509 2508 2603
Nov. 2010 2508 2512 2605
Des. 2010 2512 2516 2604
Jan. 2011 2513 2521 2603
Feb. 2011 2520 2524 2604
Mars 2011 2526 2527 2613
April 2011 2533 2531 2622
Mai 2011 2534 2536 2623
Juni 2011 2540 2540 2628
Juli 2011 2541 2545 2631
Aug. 2011 2554 2549 2642
Sep. 2011 2552 2553 2645
Okt. 2011 2554 2556 2645
Nov. 2011 2558 2560 2650
Des. 2011 2564 2565 2656
Jan. 2012 2569 2570 2662
Feb. 2012 2574 2574 2660
Mars 2012 2579 2578 2661
April 2012 2586 2580 2668
Mai 2012 2581 2580 2667
Jun. 2012 2577 2580 2663
Jul. 2012 2576 2581 2661
Aug. 2012 2587 2582 2672
Sep. 2012 2594 2584 2684
Okt. 2012 2594 2586 2686
Nov. 2012 2590 2587 2686
Des. 2012 2588 2589 2683
Jan. 2013 2588 2590 2687
Feb. 2013 2593 2591 2692
Mars 2013 2596 2593 2698
April 2013 2594 2595 2695
Mai 2013 2592 2598 2693
Juni 2013 2601 2601 2699
Juli 2013 2609 2605 2710
Aug. 2013 2613 2608 2715
Sep. 2013 2610 2611 2713
Okt. 2013 2618 2611 2717
Nov. 2013 2613 2611 2717
Des. 2013 2609 2611 2717
Jan. 2014 2609 2612 2710
Feb. 2014 2612 2613 2708
Mars 2014 2626 2616 2717
April 2014 2626 2619 2719
Mai 2014 2632 2621 2722
Juni 2014 2621 2622 2716
Juli 2014 2626 2622 2723
Aug. 2014 2624 2622 2728
Sep. 2014 2625 2623 2727
Okt. 2014 2619 2626 2725
Nov. 2014 2632 2630 2736
Des. 2014 2640 2633 2748
Jan. 2015 2644 2636 2758
Feb. 2015 2639 2638 2758
Mars 2015 2637 2640 2758
April 2015 2645 2642 2764
Mai 2015 2649 2644 2772
Juni 2015 2639 2646 2768
Juli 2015 2637 2647 2764
Aug. 2015 2638 2646 2764
Sep. 2015 2641 2644 2765
Okt. 2015 2638 2643 2765
Nov. 2015 2634 2642 2766
Des. 2015 2645 2641 2777
Jan. 2016 2648 2642 2790
Feb. 2016 2645 2642 2783
Mars 2016 2640 2642 2778
April 2016 2637 2641 2771
Mai 2016 2635 2640 2769
Juni 2016 2638 2640 2771
Juli 2016 2641 2640 2773
Aug. 2016 2643 2640 2776
Sep. 2016 2649 2641 2780
Okt. 2016 2643 2641 2771
Nov. 2016 2632 2640 2755
Des. 2016 2635 2639 2751
Jan. 2017 2632 2638 2745
Feb. 2017 2641 2638 2759
Mars 2017 2639 2639 2763
April 2017 2641 2640 2768
Mai 2017 2645 2641 2770
Juni 2017 2638 2642 2758
Juli 2017 2644 2644 2758
Aug. 2017 2646 2647 2758
Sep. 2017 2655 2650 2765
Okt. 2017 2659 2655 2768
Nov. 2017 2652 2660 2763
Des. 2017 2655 2665 2766
Jan. 2018 2663 2669 2774
Feb. 2018 2679 2674 2787
Mars 2018 2679 2679 2789
April 2018 2681 2684 2788
Mai 2018 2689 2689 2798
Juni 2018 2697 2693 2806
Juli 2018 2700 2698 2810
Aug. 2018 2702 2702 2814
Sep. 2018 2704 2705 2815
Okt. 2018 2710 2707 2821
Nov. 2018 2708 2708 2811
Des. 2018 2705 2708 2807
Jan. 2019 2703 2709 2810
Feb. 2019 2712 2710 2819
Mars 2019 2718 2712 2819
April 2019 2718 2715 2811
Mai 2019 2712 2719 2808
Juni 2019 2724 2722 2827
Juli 2019 2730 2725 2838
Aug. 2019 2744 2728 2850
Sep. 2019 2736 2731 2847
Okt. 2019 2731 2733 2839
Nov. 2019 2733 2736 2845
Des. 2019 2730 2735 2840
Jan. 2020 2737 2733 2844

Ny forordning for AKU blir sett i kraft januar 2021

Før årsskiftet vedtok EU-parlamentet ei ny forordning for integrert europeisk sosialstatistikk som også Noreg har slutta seg til. Den nye forordninga trer i kraft frå 2021. Forordninga har som formål å auke relevansen til sosialstatistikk gjennom ei betre samordning av variablar på tvers av eksisterande statistikkar og på tvers av land. I innleiinga til forordninga vert det framheva at betre og meir samordna statistikk på dette området er grunnlaget for berekraftig utvikling, jobbskaping, innsats mot fattigdom, og likebehandling.

Den nye rammeverksforordninga inneber nokre endringar i dei einskilde statistikkane. Dei viktigaste endringane i Arbeidskraftundersøkinga er at aldersgruppa blir utvida frå 15 – 74 år i dag til 15 – 89 år frå 2021. Vidare vil informasjon om lønn og om hushald kome til som ny informasjon. I den nye rammeverksforordninga ligg det òg nye krav til aktualitet. For Noreg betyr det spesielt endringar i dei månadsvise arbeidsløysetala. Utviklinga av ny månadsvis statistikk vil likevel ta ein del tid og vil ikkje kome samtidig med dei andre endringane i kvartalsvis AKU.

Faktaside