Fleire ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar auka med 3 000 frå 3. til 4. kvartal 2017, viser sesongjusterte tal. Størst oppgang hadde varehandel og helsetenester, mens sosiale omsorgstenester utan butilbod fortset nedgangen.

Sjølv om det sesongjusterte talet på ledige stillingar auka frå 60 200 til 63 200 sist kvartal, viser figur 1 at trendtalet hadde ein svak negativ utvikling. Dette treng ikkje å bety at talet på ledige stillingar er på veg ned, for det er større uvisse knytt til trendtala for dei aller siste observasjonane enn for resten av serien.

Figur 1 viser at utviklinga i det sesongjusterte talet på ledige stillingar har vore positiv sidan 4. kvartal 2016, samstundes med at trendtalet har auka frå 1. kvartal 2016 til 3. kvartal 2017. I tillegg er det sesongjusterte talet i 4. kvartal 2017 det høgaste sidan 2. kvartal 2013. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,2 prosent i 4. kvartal 2017. Talet har ikkje vore høgare sidan 3. kvartal 2013.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
4. kv. 2010 63200 63500
1. kv. 2011 66000 66500
2. kv. 2011 71600 70100
3. kv. 2011 69900 70600
4. kv. 2011 70100 69300
1. kv. 2012 66200 67200
2. kv. 2012 65000 64600
3. kv. 2012 63500 64100
4. kv. 2012 65600 65200
1. kv. 2013 64600 65800
2. kv. 2013 67600 65300
3. kv. 2013 61600 61900
4. kv. 2013 57200 58100
1. kv. 2014 58900 57700
2. kv. 2014 59100 58300
3. kv. 2014 56900 57500
4. kv. 2014 59500 57100
1. kv. 2015 57700 56700
2. kv. 2015 56700 55000
3. kv. 2015 52400 52600
4. kv. 2015 49900 51000
1. kv. 2016 52900 50900
2. kv. 2016 51400 52400
3. kv. 2016 55200 54000
4. kv. 2016 53600 55600
1. kv. 2017 55700 57500
2. kv. 2017 59400 59500
3. kv. 2017 60200 61100
4. kv. 2017 63200 60900

Varehandel aukar mest

Næringsgreina med den største auken i talet på ledige stillingar er varehandel og motorvognreparasjonar, viser sesongjusterte tal. Her gjekk talet opp med 1 200 stillingar sidan førre kvartal, og med 2 800 sidan 4. kvartal 2016.

Ei anna næring med stor vekst i sesongjusterte tal på ledige stillingar var helsetenester. Ein auke 1 000 stillingar frå førre kvartal betyr at det var 5 700 ledige stillingar i denne næringa i 4. kvartal 2017. Det var det høgaste talet sidan 3. kvartal 2016.

Nedgang innan sosiale omsorgstenester utan butilbod

På den andre sida av skalaen, finn ein sosiale omsorgstenester utan butilbod. Etter ein kraftig oppgang mellom 1. og 2. kvartal i 2017, har det vore nedgang resten av året. Justert for sesongvariasjonar gjekk talet på ledige stillingar ned frå 5 700 i 2. kvartal til 4 200 i 4. kvartal 2017.

Faktaside

Kontakt