Arbeidslause

Arbeidslause er personar utan inntektsgjevande arbeid, men som prøver å skaffa seg arbeid og kan byrje i arbeid straks.

Også NAV publiserer tal over arbeidslause, men avgrensa til dei som har registrert seg hos NAV.

SSB sine tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) inkluderer også dei som ikkje er registrerte hos NAV, og ein del av dei som går på arbeidsmarknadstiltak. På den andre sida blir ein del av dei registrerte arbeidslause ikkje klassifiserte som arbeidslause i AKU på grunnlag av spørsmål om søking etter arbeid. Det gjeld særleg eldre personar som har vore utan arbeid i lengre tid. Dessuten blir ikkje ufrivillig permitterte (inntil 3 månader) rekna som arbeidsledige i AKU, men som sysselsette.