Grunnkrins

Landet er delt inn i om lag 14 000 grunnkrinsar som er grupperte saman til rundt 1 550 delområde. I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile gjennom ein rimeleg tidsperiode, skal dei òg bestå av eit geografisk samanhengande område. Eit anna hovedkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonsforhold og bygningsmessig struktur.