Median

Den midtre observasjonen i ei fordeling. Medianinntekta er det inntektsbeløpet som deler ei fordeling i to like store grupper, etter at inntekta er sortert stigande (eller minkande). Det vil altså vere like mange med inntekt over som under medianinntekta.