Årsverk

Det totale talet på årsverk har endra innhald etter 2011. Før 2012 var det definert slik at tilsette knytt til saksbehandling skulle innrapporterast. Men reelt vart nok også andre typar tilsette i barnevernstenesta rapportert inn. For å få uttømmande oversikt over tilsette i barnevernstenesta vart frå 2012 tiltaksstillingar knytt til barn som ikkje er plassert, og frå 2013 tiltaksstillingar knytt til barn som er plassert, også inkludert. Etter 2013 er det ikkje gjort endringar.